søndag 12. april 2015

Stor idrett

Dette er Andreas Iden:



Rettnok er det eit nokre år gammalt bilete og rettnok er det inne, men det er i alle fall Andreas. Søndag kveld sprang han 10.000 meter på Fana Stadion på 31:44,10. Det er 15 sekund - godt og vel - under kravet til hovud-NM. Me kan trygt slå fast at Iden er tilbake, frå der han har vore (sjølv om han framleis held til i Oslo ein god månad til). Han er er rett og slett tilbake. Andreas har elles éin 10.000 meter frå tidlegare. Det er så godt som tre år sidan sist - og dette var 1 minutt og 40 sekund raskare. Det skulle bety nesten 29 neste gong, det...

Bruce syng naturlegvis i aften: The fireworks are hailing over little Iden tonight...

No er det dei som lurer på kvifor Bruce har laga ein song til Iden - og til det må eg seia at det nok neppe er til Andreas, trass alt. Songen strofa er frå blei laga i 1973, så det er sannsynlegvis Jon, som var i starten av tenåra den gongen, songen var skriven til. Det må i så fall ha vore idenske ungdomsår som gav gjenklang i den store verda.

Så det er sagt. Men i kveld er det også fyrverkeri for Stian Norheim, som med ti sekunds pers på 5000 meter (passering undervegs på ein, etter kvart, svært bedageleg 10.000 for Stian), til 16:24,65, er kvalifisert til junior-NM i Byrkjelo.

Morten Seliussen - ein av dei stadig unge lovande - sprang ein strålande 10.000, han også. 43-åringen kom i mål på 35:53,79. I mål kom i høg grad også Seliussen junior - André, som spring i G14, og som blei første 14-åring i Gneist som fekk seg notert tid på både 5000 (17:48,70) og 10000 (37:15,70).

Til sist tar me med Vegard Albrigtsen, som eg ikkje har notert lengre løp på enn 2000 tidlegare. Denne etter måten kalde kvelden blei det tre debutar i same løpet for Vegard: 10:00,27 på 3000 og 17:00,65 på 5000 er "innanfor" (sjølv om tidene i og for seg er på feil side av dei respektive minuttgrensene), medan det blei joggetur med Stian på resten av 10.000 - og ei tid der som er offisiell pers, men heller ikkje noko meir...

Eg skal ikkje nemna namn, men han trenaren som heiter Johnny meinte det var i tidlegaste og kaldaste laget å springa offisielt løp, dette. Men no må ein tenka på oss som likar skikkelege uteresultat, etter lang tids venting. Og for ein som synest at 50 kilometer på ski og 10.000 meter i springing (og på skøyter) er det kjekkaste som finst, så var dette ein kjekk kveld. Og stor idrett.

Og no må Bruce laga ein ny song, før NM i Haugesund.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar