lørdag 25. april 2015

Heltar

Eg er ikkje skråsikker, men eg trur det var i 2003 at eg blei involvert i Idrettslaget Gneist første gongen, som hjelpetrenar og ein slags oppmann for sjølvaste Gneist Skorpion i G8 (ja da, ein av mange Skorpion-årgangar i Gneist). Fotball, må vita.

Dette betyr ikkje at eg er nokon nasegrus beundrar av alt som går føre seg i Gneist. Når eg er på Jenter 11-kamp i fotball, så er det Søreide IL det handlar om, også når dei møter Gneist. Og ja, sist helg var eg skuffa over at min gamle midtstopparmakker, no trenar i Trio, Kjell Magnar, ikkje klarte å ta alle poenga i møtet med Gneist i 4. divisjon.

I friidretten er det naturlegvis mykje Gneist, men ikkje berre! Eg heiar på mange utøvarar - i ei rekkje klubbar: mange av dei finst i andre klubbar i Bergen, men dei finst også i vene Sunnhordland, i nabofylke, på Austlandet, Trøndelag - og vel så det.

Ja, eg heiar til og med på fleire av trenarane. Det er mange heltar mellom utøvarane (og trenarane), uavhengig av klubbar.


Ein stad på Gneist sine nettsider - nærmare bestemt her - finst det ein litt bortgøymt musikkvideo. Lydsporet på den er "Heia Gneist", med ein kar kjent frå mange stader, Tommy Sulen, som hovudsongar. Men på videoen er fleire av mine heltar - eg ser Kaj, Martine, Erik, Henrik, Adrian... - og heilt på slutten sjølvaste Heine.

Kjekk film!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar