mandag 20. april 2015

NM i terrengstafett: Keisaren har fått seg kler!

I friidrettsmiljøet, som i mange andre miljø, naturlegvis, er det mange som går rundt og surmular - titt og ofte. Nokre surmular såpass ofte at dei burde ha putta "Surmular" inn som eit mellomnamn, men det kjem dei ikkje på, midt oppe i alle surmulinga.

Eine sorten surmularar er slike som berre gjer det - surmular, altså. Dei gjer aldri noko med det, fordi det så godt som alltid viser seg at det ikkje er noko grunnlag for å gjera noko med det. Ja da, visst er ikkje (friidretts-)verda perfekt, men det inneber ikkje at det er realistisk grunnlag for å fiksa på den. Friidrett er ein typisk dugnadsbasert aktivitet - og då finst det pr. definisjon ei rekkje avgrensingar i jakta på det perfekte.

Men så, så finst det ein sort surmularar, som er misnøgde over ting som det er muleg å gjera noko med - men så er ein for lat til å gjera noko med det.

Denne bloggen er på skuldig-lista av den siste sorten. Til dømes har det vore aktuelt for temaet stafetten i NM i terrengløp, kort løype. Seinast etter meisterskapet på Stord i april i 2014 kom det ei surmuling i dette innlegget.

Det kom etter ein krets-stafett, der ein gjeng handball-spelarar frå Fitjar fekk med seg NM-bronse i kvinner, senior. Fitjar-gjengen representerte Hordaland i stafetten - og her var naturleg nok ikkje fleire lag med enn at alle fekk medaljar.

Innlegget på bloggen føreslo altså terrengstafett ala Varegg. Dei som følgjer med veit at det søndag blei arrangert NM i terrengstafett på Ås, nettopp "ala Varegg" - etter vedtak på forbundstinget i mars og så blei det rask effektuering, alt til NM i april.



Det er altså no også klubbstafett og det var NAMDAL LØPEKLUBB som blei første vinnar i kvinneklassen. 8 lag stilte til start, ein auke frå fjorårets 3. Ren-Eng tok sølvet og Ullensaker/Kisa bronsen.

I herreklassen var det STEINKJER FRIIDRETTSKLUBB som vann, framfor Gular sitt 1. lag og Stavanger Friidrettsklubb. Her var også Gneist med på den historiske moroa. Espen Roll Karlsen og Henrik Irgens Gravdal sprang 1. laget inn til 9. plass, medan Jens Larsen Åstveit og Halldor Espe tok 15. plassen med 2. laget. 19 lag fullførte (eitt lag blei diska, i tillegg.)

For menn var lag-auken formidabel, frå tre lag (to av dei frå arrangørfylket Hordaland) i 2014 til 19-21 (19 fullførte, 20 var med og 21 var påmeldt) i 2015. Fantastisk.

Og kven har så æra? Jo, det har Haugesund. Haugesund stoppa ikkje med surmulinga, men gjorde noko med det. Så enkelt, så bra. Haugesund reiste forslaget på forbundstinget og har hausta masse - og velfortent - ros for det, no etter at arrangementet er halde.

Det skal vanka ekstra applaus, til dømes under NM til sommaren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar