mandag 13. april 2015

Før NM i terrengløp




Ås arrangerer NM i terrengløp igjen komande helg. Denne gongen er det kort løype-utgåva. (Nei da, det skal ikkje vera enkelt å setja seg inn i friidretten, friidrettens terminliste og det som måtte finnast eller ikkje finnast av logikk der). Sist var det i den haustlege langløype-varianten, i 2012.

Laurdag er det vanleg individuelt meisterskap, med aldersbestemte meisterskap («UM») 15-17 år og NM for juniorar, seniorar og veteranar. Søndag skal ein så forsøka seg på nyvinninga med «terrengstafett» - 3 x 1000 meter - for to løparar på klubb-lag.

Det blir jo spennande. Uansett er deltakinga i årets kort-NM mykje betre enn under fjorårsvarianten på Stord, sjølv om arrangement og løype på Stord var framifrå.

Det er altternativt påmeldingssystem til dette meisterskapet og eg er ikkje brennsikker på om eg har samla oversikt over alle påmeldte, men den oversikten eg har fortel at det ikkje er overvettes mange frå Gneist. Vel, det er ikkje ein gong overvettes mange frå Hordaland heller.

For kvinner er det Ingrid Næss Johansen (kvinner junior) som er einaste Gneist-representanten, medan det er fire gutar/menn med - og dermed er det muleg for to klubblag i stafetten søndag. Dei fire er:


- Henrik Irgens Gravdal (G17)
- Halldor Espe (menn junior)
- Jens Larsen Åstveit (menn junior)
- Espen Roll Karlsen (menn senior)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar