onsdag 15. april 2015

Heilt nye Fristafetten

Den heilt splitter nye Fristafetten gjekk av stabelen i Indre Arna tirsdagskvelden. Den er altså flytta frå Espeland til Indre Arna, men populariteten er like stor - heldigvis - med godt over 130 lag på startstrek, til saman.

Trenar Bjarte meinte på førehand Gneist skulle farga Arnadalen blå. Om den ikkje blei heilt blå, så blei det solide blåfargar igjen i dalen:


Dette er kvinnelaget til Gneist, som var eitt av tre lag som gjekk heilt til topps - og dermed naturleg nok sette løyperekord. Dei gamle rekordane har no berre historisk verdi.

Og det er mellom dei eldste - juniorane og seniorane - det ser aller mest lovande ut. For Fristafetten er mykje, mellom anna eit brukande barometer for kva for klubbar som stiller sterkast framfor ein ny sesong.

Men la oss ta det i tur og orden:

I jenter 11-14  blei 1. laget til Gneist nr. 4, bakom framoverstormande Fana - og deretter Ask og arrangørklubben Fri. Det er ikkje stor avstand opp, men likevel: Ein må mange år tilbake for å finna eit år der Gneist J11-14 ikkje var topp 3. I fjor var laget på 2. plass. Før det var det heile 5 sigrar.

I gutar 11-14 blei det 2. plass, på grei avstand både til vinnarane frå Ask Friidrett og til Fana på 3. plass. Dei yngste gutane stadfestar at dei høyrer heime høgt oppe, men det må også her forteljast at dette var første året sidan 2008 at dei yngste gutane ikkje vann Fristafetten. Det har altså vore 6 sigrar før gårsdagens 2. plass.

I Mix 11-17 stilte ikkje Gneist lag dette året - etter 4 sigrar dei siste åra.

I Mix 11-14 ser det annleis ut: Her vann Gneist for 8. året på rad!

Så til dei eldste klassane. Her har det vore BFG (Fana/Bergen) som har vore vårt lokale lag tidlegare,

I kvinner junior blei det 3. plass til Gneist-laget. I fjor stilte ikkje BFG lag i klassen, men det har variert frå 2. til 4. plass i åra 2010-2013. Sist siger i juniorklassen for kvinner kom i 2009.

I kvinner senior stilte Gneist med eit svært sterkt lag (biletet øvst), som då også vann greitt, 13 sekund framfor Gular sitt 1. lag. Sist BFG vann Fristafetten for senior-kvinner var i 2008.

Også for menn junior blei det siger, med eit sterkt lag. Juniorane hadde blitt nr. 2 i seniorklassen, berre bak Norna-Salhus - laget med svært få utøvarar frå Salhus og omland. Heller ikkje junior-herrane frå BFG var vane med sigrar i Fristafetten, sjølv om det blei ein i 2013. I fjor blei det 2. plass.

I menn senior har BFG-herrane vore med i "B-klassen" tidlegare, med varierande resultat. I år blei seniorlaget nr. 4, ikkje langt bak 2. og 3. plassen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar