tirsdag 28. april 2015

Ask-stafetten

Det finst mange kjekke institusjonar i idretten. Ein av dei er Ask-stafetten - på Ask - på Askøy.



Dette er tradisjon - og det er tradisjon 1. mai. Som ein veit, så er 1. mai ein dato då ein kan oppleva heile registeret av ver, gjerne i løpet av svært kort tid. Sjølv har eg vore på Ask 1. mai både i striregn og i flott sol - og også midt-i-mellom, gjerne bra med sol, men med isande kald vind.

For dei som skal springa, så er dette mindre viktig, naturlegvis.

Ask-stafetten blir i år skipa til for 63. gong. Som i så mykje anna dette året; det er svært lenge sidan Gneist stilte junior- og seniorlag. Det gjer klubben i år.

I kvinner junior er det 8 lag på startstrek, mellom dei både Gneist, Gular, Norna-Salhus og Haugesund. Kvinner junior går over 4 etappar - og løyperekorden er det Gular som har (frå 2011). BFG Fana vann sist denne stafetten i 2008.

I kvinnene sin seniorklasse finst det to stafett-variantar; ein over 4 etappar og ein over 6 etappar:

KS-4 etappar: Her finst 7 lag påmelde. Også her er Haugesund, Gneist og Gular mellom dei som verkar sterkast på førehand. Løyperekorden blei sett i fjor, av eit BFG Bergen-lag der alle i år er Gneist-utøvarar. BFG-sigeren i 2014 var den sjette på dei siste sju åra.

* KS-6 etappar: I kvinneklassen er det tradisjon, i alle fall i nyare tid, at dei fleste laga samlar seg om 4 etappar-varianten. i 6 etappar-varianten er det 3 lag påmeldt; Gneist, Gular og Varegg. Her finn ein den eldste løyperekorden, sett av Skjalg tilbake i det revolusjonerande året, 1989.

I menn junior er det 4 påmelde lag: Gneist, Fri, Norna-Salhus og Ask. Gular er altså ikkje med denne gongen, men har løyperekorden tilbake frå 2009. Menn junior, går som seniorklassane for menn, over 6 etappar.

BFG har dei siste åra stort sett stilt lag i B-klassen for menn senior. I denne klassen er det i år 3 påmelde lag; Gular, Gneist og Varegg. Gular har løyperekorden i klasse B, frå 2005.

A-klassen  er det 7 påmelde lag, og også her er Gneist påmeldt, saman med Haugesund, Norna-Salhus, to Gular-lag, Varegg og Osterøy. Løyperekorden i mennene sin klasse A blei sett i 1997, av Oslo-laget Tjalve.

Og veret på Ask fredag? Brukande, absolutt brukande, men kanskje med nokre dråpar og sikkert ikkje vidare varmt - for publikum.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar