torsdag 23. april 2015

Jostein Lie

Første gongen eg blei kjent med Jostein Lie var sesongen 2008. Våre søner sprang saman på 1500 meter under Tyrvingleikane, men alt under Stordleikane i august same året tok dåverande styremedlem i Gneist Friidrett, Jostein, kontakt og lurte på om eg ville vera med i Gneist-styret. Eg takka ja.

Etter det har eg site i friidrettsstyre saman med Jostein i nesten sju år samanhengande - først i Gneist og deretter i BFG. Dei fleste åra har Jostein fungert som leiar (eller nestleiar). 

Jostein er - som biletet frå Bedriftskarusellen viser - målretta og engasjert.


Han gir alt - svært ofte. Og han gir det for utøvarane og for ungdommane. Gjennom sju år har han site i uriaspostar, der utakk er løna, svært lite anna. Men han har, trass i dette, teke på seg tunge verv og tungt ansvar, han er blitt kretsdommar og mykje brukt tidtakar. 

Ole, som har vore leiar i BFG med Jostein som nestleiar - og omvendt - sa ein gong at klubben i Jostein Lie hadde ein av landets fremste idrettsleiarar. Der trefte Ole spikeren hundre prosent.

Onsdag kveld takka Jostein av som leiar av BFG Bergen Friidrettsklubb - etter eit turbulent siste år. 

Men årsmøtet presterte å unngå å honorera styreleiaren for lange kveldar, eit utal møte, oppdaterte heimesider, økonomisk kontroll, organisatorisk orden, godt klubbsamarbeid, kommunikasjon med eit utal interessantar, nøgde og glade utøvarar, gode idrettsprestasjonar, eit utal vellykka arrangement.

Det var ein "prestasjon" ein bør skjemmast over.

Det har vore ei sann glede å vera på laget ditt, Jostein, inkludert tøffe samløp i bedriftskarusell og på bane (sjølv om du stort sett har sprunge frå meg, til sist).

Tusen takk for strålande innsats!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar