fredag 7. november 2014

Utøvarportrett: Vilde Lund Bjørnsen

Eg dristar meg med dette til å innleia ein serie med små, enkle utøvarportrett. Det gjeld utøvarar som vil vera (det vil seia fylla) 15 eller vera eldre enn det i 2015. Rekkefølgja er så godt som tilfeldig.

To ting:

- Dette er ikkje eit portrett der ein får veta skonummer, sivilstand før og no, favorittfilmar eller slikt. Her er det berre snakk om oversikt over prestasjonar - og den slags idrettsleg.

- Og: her kan førekoma feil og manglar. Slike feil og manglar kjem ikkje av vondsinna komplott designa av underteikna. I staden vil eg naturlegvis setja stor pris på opprettingar, om slikt blir oppdaga.

Når det er sagt, først ut er Vilde Lund Bjørnsen.

Vilde avslutta 18års-sesongen sin i 2014 og vil såleis vera sisteårs junior i 2015, i alle fall i klassisk U20-forstand. Vilde har framleis fleire av sine persar frå då ho var 15, ein strålande sesong for henne, mellom anna med den klassiske sigeren på 300 meter under Världsungdomsspelen i Gøteborg, på 39,77.

Vilde har sine sterkaste prestasjonar på 200 og 400 meter.

Persar:
60 meter
8,01 (Fana, 4. juni 2011)
60 meter (i)
7,96 (Ranheim, 12. mars 2011)
80 meter
10,46 (Fana, 29. april 2012)
100 meter
12,45 (Gøteborg, 9. juli 2011)
200 meter
25,14 (Lillehammer, 20. juni 2014)
200 meter (i)
25,81 (Ranheim, 13. mars 2011)
300 meter
39,77 (Gøteborg, 10. juli 2011)
400 meter
56,43 (Fana, 1. juni 2014)
800 meter (i)
2:29,14 (Haukås, 29. desember 2013)
Lengde
5,15 (Nadderud, 17. juni 2011)
Lengde (i)
4,89 (Ranheim, 13. mars 2011)
Lengde u.t.
2,65 (Laksevåg, 26. januar 2013)

Medaljefangst (nasjonale mesterskap+):

NM
-         SØLV, 4 x 400m stafett, NM, 2014
-         BRONSE, NM, 4 x 100 meter, 2012
-         BRONSE, 1000 meter stafett, NM 2013

-         GULL, jr-NM, 4 x 100 meter, 2011
-         GULL, 1000 meter stafett, junior-NM; 2013
-         SØLV, junior-NM, U23, 1000 m stafett, 2012
-         SØLV, 1000 meter stafett, junior-NM 2014
-         BRONSE, junior-NM, 400m, 2012

-         SØLV, lengde uten tilløp, jr-NM, 2013

UM
-         GULL, UM, 4 x 100 meter, 2011
-         GULL, 1000 meter stafett, UM, 2013
-         GULL, 1000m stafett, UM, 2014
-         SØLV, UM, 4 x 100 meter, 2012
-         SØLV, 400m, UM, 2013
-         BRONSE, 200m, UM, 2014

-         GULL; 200 meter, inne-UM, 2011
-         GULL, inne-UM, 2012
-         GULL, 4 x 200 meter, inne-UM, 2012
-         SØLV, 60 meter, inne-UM, 2011
-         SØLV, lengde, inne-UM, 2011
-         BRONSE, 1000 meter stafett, inne-UM, 2011


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar