lørdag 8. november 2014

Utøvarportrett: Vegard Albrigtsen

Det er vanskeleg å spå, av og til klin umuleg. Men det er lov å koma med ein påstand om at me ikkje har sett det beste av Vegard Albrigtsen enno. Han har kome både som eit friskt pust og som ein komet (om det er språklege bilete som let seg kombinera). Han har teke temmeleg svære steg sidan han dukka opp på friidrettsbanen. Tidene blir betre og betre, det same blir plasseringane ved dei største høva - sist no med deltaking på gull-laget på 1000 meter stafett under UM i Haugesund i september. Vegard er frå den gylne 1998-generasjonen.

Eit veldig naturleg mål vidare ser ein i dei 13 hundredelane som manglar på 2 blank-grensa på 800 meter.

Persar
200 meter           
24,73 (Fana, 24. august 2014)
400 meter           
53,95 (Fana, 13. august 2014)
600 meter
1:27,79 (Fana, 23. august 2014)
600 meter (i)
1:30,39 (Haukås, 9. februar 2014)
800 meter
2:00,12 (Nadderud, 14. juni 2014)
800 meter (i)
2:07,13 (Bærum, 8. mars 2014)
1500 meter
4:29,85 (Fana, 1. oktober 2014)
1500 meter (i)
4:34,47 (Haukås, 8. februar 2014)
2000 meter
6:28,61 (Lillehammer, 8. september 2013)

Medaljefangst (nasjonale mesterskap+)

UM
GULL, UM, 1000 meter stafett, 2014

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar