torsdag 6. november 2014

Rekord-statistikk, gutar: Kristoffer ny konge på haugen

Eg held fram med relativt unyttig statistikk, men som likevel gir interessante innblikk både i notid og fortid: oversikten over flest klubbrekordar. I fjor blei det ei kuriøs forandring i toppen for gutar, då Roar Haugland overtok topp-plassen frå Marius Benserud, ganske mange år etter han (og for så vidt begge) var i alderen 11 til 19 år. Det var Marius som mista ein del rekordar i 2013 som var årsaka. I år er det derimot slik at eit nytt ras av klubb-rekordar for Kristoffer Blücher fører 15-åringen heilt opp på 1. plass over dei som har flest klubbrekordar, aldersbetemt, i Gneist. Kristoffer har plussa på 8 nye i 2014 og er heilt oppe i 32. Ein vil også sjå at det er ganske mange av dagens aktive som markerer seg.

Her er så oversikten over dei gutane som har flest klubbrekordar i Gneist (11-19 år), topp 10 - etter 2014-sesongen:

1. Kristoffer Blücher 32 (+8)
2. Roar Haugland 28 (-1)
3. Sondre Rinde 27 (+2)
4. Steffen Nerdal 23 (-)
5. Marius Benserud 20 (-4)
6. Amund Høie Sjursen 19 (+3)
7. Gjert Høie Sjursen 18 (+5)
7. Pål Haugen Lillefosse 18 (+7)
9. Henrik Irgens Gravdal 17 (-)
10. Sigve Stenersen 16 (-)

Og her oversikten (topp 10) over dei av dagens Gneist-aktive gutar som har flest klubbrekordar:

1. Kristoffer Blücher 32 (+8)
2. Sondre Rinde 27 (+2)
3. Amund Høie Sjursen 19 (+3)
4. Gjert Høie Sjursen 18 (+5)
4. Pål Haugen Lillefosse 18 (+7)
6. Henrik Irgens Gravdal 17 (-)
7. Casper Stenersen 6 (-)
7. Aleksander Lie 6 (-1)
9. Ole Martin Røssland 5 (-)
10. Håvard Rinde 4 (+3)
10. Eirik Leikvoll 4 (-1)
10. Henrik Almenningen 4 (+3)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar