Stian Øvergaard Aarvik (fyller 18 i april 2015) blir av løpsfamilien titulert som "løpsmaskin" eller berre "maskin". Det skjer fordi Stian spring mykje og gjerne - og etter kvart meir og meir oppover.
Stian vekslar mellom motbakke, terreng- og baneløp. Han har bronse frå 2000 meter i UM på Ravnanger frå 2012. Han er ungdomsmeister i terrengløp (lang løype, 4 km) frå Levanger i 2013. Same året tok han bronsen i i kortløypa i Hønefoss.
Men dei siste par sesongane har Stian blitt kjent kanskje først og fremst for motbakkeløpa sine. Han har sikra seg topp-plassar i fleire lokale løp, men han har også markert seg meir og meir nasjonalt:
I 2012 sat eg på toppen av Malmangernuten i Rosendal og tok imot Stian og dei andre som sprang i NM. Då blei Stian nr. 30 totalt og nr. 11 i juniorklassen, U23 (han vann 16/17). Totalt i Motbakkecupen blei han nr. 109.
Så tok klatringa til: I 2013 klatra han 98 (!) plassar i Motbakkecupen, til ein 11. plass totalt, blei nr. 10 totalt i NM og tok sølv i U23.
Men det store gjennombrotet kom i 2014: 3. plass totalt i Motbakkecupen, 11. plass i NM og gull i U23.
Gullet i U23-klassen i NM førte Stian til VM-tur til Italia, der det blei ein glitrande 5. plass i juniorklassen.
Persar
600 meter
|
1:33,89 (Fana, 28. april
2012)
|
600 meter (i)
|
1:30,59 (Haukås, 9.
februar 2014)
|
800 meter
|
2:03,28 (Fana, 31. mai 2013)
|
800 meter (i)
|
2:03,72 (Haukås, 18.
januar 2014)
|
1500 meter
|
4:16,49 (Fana, 25. august
2013)
|
1500
meter (i)
|
4:10,34 (Haukås, 8.
februar 2014)
|
2000 meter
|
5:52,87 (Ravnanger, 2.
september 2012)
|
3000 meter
|
8:55,16 (Fana, 23. juli
2014)
|
3000
meter (i)
|
8:42,08 (Haukås, 19.
januar 2014)
|
5000 meter
|
15:54,17 (Lisleby, 8.
august 2014)
|
Medaljefangst (nasjonale mesterskap+)
NM
GULL i junior-NM, motbakke, 2014
SØLV i junior-NM, motbakke, 2013
UM
GULL, 4 km terrengløp, UM, 2013
BRONSE, 2000m, UM, 2012
BRONSE, 2 km terrengløp, UM, 2013
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar