onsdag 5. november 2014

Rekord-statistikk, jenter: Monika til topps

Frå komande sesong må me finna fram junior- og senior-klubbrekordar for Gneist, etter gammalt. Til så lenge grev me oss ned i noko som ikkje gir all verdas meining, men som me grev oss ned i likevel: Oversikten over flest klubbrekordar, aldersbestemt, i Gneist, først jentene:

Monika Benserud har avansert frå 3. plass til topp-plassen etter 2014-sesongen, mellom anna gjennom eit par kast-rekordar ein ikkje heilt såg koma, kan henda. Renate Lie, som i fjor overtok etter den mangeårige rekord-leiaren Bente Lervik Liland, er no nr. 2, medan Bente har falle ned til tredje - utan å ha mista nye rekordar.

Her er oversikten over dei jentene med flest klubbrekordar i Gneist (11-19 år), etter 2014-sesongen, topp 10:

1. Monika Benserud 36 (+9)
2. Renate Lie 31 (+1)
3. Bente Lervik (Liland) 27 (-)
4. Vilde Lund Bjørnsen 24 (+2)
5. Benedikte Liland 22 (-)
6. Kjersti Ristesund 19 (-)
7. Marianne Benserud 17 (+1)
8. Torunn Sandvoll 12 (-)
9. Mary-Ann Nordeide (Hårklau) 11 (-)
10. Anna Serine Røssland 9 (+2)

Og dette er oversikten (framleis topp 10, og vel så det) over dei av dagens Gneist-aktive jenter som har flest klubbrekordar:

1. Monika Benserud 36 (+9)
2. Renate Lie 31 (+1)
3. Vilde Lund Bjørnsen 24 (+2)
4. Anna Serine Røssland 9 (+2)
5. Maren Haugen Lillefosse 7 (+1)
6. Silje Stenersen 6 (-)
6. Ingrid Næss Johansen 6 (-)
8. Eline Myking 5 (+1)
8. Elina Drivenes 5 (-)
10. Emma A. Voldsund 3 (+3)
10. Anita Norheim 3 (-)
10. Anna Evensen 3 (-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar