lørdag 29. november 2014

Utøvarportrett: Stian Norheim

Stian Norheim - som er på veg inn i siste juniorsesong - er glad i å trena. Han har siste par åra trent både i klubb og på toppidrettslinja på Tertnes. Totalen er ikkje smålåten. Han har brei øvingsbakgrunn, kanskje aller mest kjent som korthekk-løpar dei første friidrettsåra sine som han var, medan han no gjerne springt (så) langt (som muleg). Oversikten over persar fortel at Stian var under 9 blank på 60 meter som 14-åring og debuterte på 10.000 meter før han var fylt 16 år.

Elles er Stian ein av dei i miljøet som er hinderspesialist - og der har han også meisterskapsmedaljen sin ifrå - bronse frå UM på Lillehammer i 2013, i tillegg til at han har vore i nærleiken av medalje både i 2012 og 2014 i UM. Då han debuterte i junior-NM i 2014, var også det på hinder.

Persar
60 meter (i)
8,86 (Leirvik, 28. desember 2010)
100 meter
13,72 (Fana, 15. september 2012)
200 meter
28,46 (Fana, 14. september 2011)
400 meter
57,98 (Fana, 27. august 2013)
600 meter
1.31,46 (Fana, 24. august 2013)
600 meter (i)
1:31,99 (Haukås, 9. februar 2014)
800 meter
2:05,03 (Leirvik, 16. august 2014)
800 meter (i)
2:07,74 (Haukås, 18. januar 2014)
1500 meter
4:16,83 (Gøteborg, 28. juni 2014)
1500 meter (i)    
4:22,86 (Haukås, 8. februar 2014)
2000 meter
6:14,98 (Fana, 15. september 2013)
3000 meter
9:25,75 (Fana, 26. juni 2013)
3000 meter(i)
9:39,44 (Haukås, 19. januar 2014)
5000 meter
16:34,61 (Indre Arna, 30. september 2013)
10000 meter
36:52,60 (Fana, 29. april 2012)
2000 meter hinder
6:22,33 (Fana, 29. mai 2014)
3000 meter hinder
10:27,79 (Lisleby, 10. august 2014)
Høgde (i)
1,40 (Leirvik, 28. desember 2010)
Høgde u.t.
1,05 (Ytrebygda, 21. mars 2014)
Lengde (i)
4,64 (Høiehallen, 4. februar 2011)
Lengde u.t.
2,44 (Ytrebygda, 21. mars 2014)
Tresteg
10,02 (Fana, 21. september 2011)

Medaljefangst (nasjonale mesterskap+)

UM
BRONSE, 2000m hinder, UM, 2013

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar