fredag 28. november 2014

Utøvarportrett: Magnus Leikvoll

La det vera sagt med ein gong: Det har ikkje vore noko press i nokon retning frå eldstemann Leikvoll om å få portrettet sitt, like etter at broder Eirik fekk sitt. Det er heller ikkje noko eller nokon eg vil koma i forkjøpet med dette, det berre fall seg nokolunde naturleg slik - at Magnus Leikvoll (sisteårs junior i 2015) er nestemann i rekka. Magnus hadde sitt store gjennombrot for to-tre sesongar sidan, då det blei eit skikkeleg jafs, først i stav og så i høgde. Magnus likar seg godt innomhus - han har sett jamleg klubbrekordar i tresteg utan fart, mellom anna. Det blei sølv i inne-UM i Ranheim i 2011 (stav) og både sølv (kule) og bronse (stav) i tilsvarande meisterskap i Steinkjer i 2013.


Persar
60 meter
7,92 (Fana, 31. mai 2014)
60 meter (i)
7,84 (Haukås, 28. desember 2013)
80 meter
10,83 (Fana, 29. april 2012)
100 meter
12,60 (Byrkjelo, 29. juni 2013)
100 meter (i)
12,92 (Florø, 17. mars 2012)
150 meter
18,80 (Haukås, 28. desember 2013)
200 meter
27,85 (Leirvik, 20. august 2011)
Høgde
1,83 (Fana, 9. juni 2013)
Høgde (i)              
1,81 (Steinkjer, 9. mars 2013)
Høgde u.t.
1,25 (Hatland, 22. januar 2012)
Stav
3,20 (Ravnanger, 3. juni 2011)
Stav (i)
3,20 (Ranheim, 12. mars 2011)
Lengde
4,69 (Byrkjelo, 3. juli 2011)
Lengde (i)
5,17 (Haukås, 12. februar 2011)
Lengde u.t.
2,58 (Ytrebygda, 21. mars 2014)
Tresteg u.t.
7,65 (Haukås, 24. november 2013)
Kule
9,33 (Fana, 3. september 2013)
Spyd
27,80 (Fana, 30. september 2014)

Medaljefangst (norske mesterskap+)

UM
SØLV, stav, inne-UM, 2011
SØLV, kule, inne-UM, 2013

BRONSE, stav, inne-UM, 2013

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar