For gutar og jenter er arbeidet gjort i klubbane. No skal dette gjennomgåast, før publisering til vanleg skjer i løpet av første halvdel av desember.
Gneist har 8 lag i denne lagserien for gutar og jenter i Hordaland - fire for kvart kjønn.
Denne prognosen er utelukkande basert på eigen innsats i Gneist i 2013 og samanlikna med poengscore i dei ulike divisjonane dei siste sesongen. Årlege svingningar for konkurrerande klubbar kjem inn som overraskingsmoment fram mot offentleggjeringa i neste månad.
Prognosen er i alle fall slik:
GUTAR
* 1. laget vinn Elitedivisjonen (som i fjor).
* 2.laget blir nr. 5 i Elitedivisjonen. Dette laget rykka opp frå 1. divisjon i fjor. Om prognosen held stikk, så betyr det at for første gong på lenge held Gneist-gutane to plassar i Eliten.
* 3. laget blir nr. 3 i 1. divisjon (som i fjor). Her er altså ikkje Gneist langt unna ha å tre (!) lag i Eliten.
* 4. laget blir nr. 2 i 2. divisjon. I så fall blir det andre opprykket på to år for 4. laget - etter 1. plass i 3. divisjon i fjor.
Her blir det altså spenning om alle fire gutelaga er å finna på dei to øvste nivåa i 2014.
JENTER
* 1. laget vinn Elitedivisjon (som i fjor) - men her blir det langt tettare enn for gutane.
* 2. laget vinn 1. divisjon (nr. 4 i fjor). I så fall blir det to elitelag også for jenter i 2014.
* 3. laget blir nr. 5 i 1. divisjon (nr. 8 i fjor)
* 4. laget blir nr. 3 i 2. divisjon (nr. 5 i fjor).
Uansett kor treffsikker prognosen er; dette har vore ein super sesong både i topp og i breidde for IL Gneist Friidrett.
Gutane er det ikkje muleg å tenka seg så mykje betre.
Jentene hadde gjort det endå betre med fleire kast- og hekkeresultat. Det siste er noko meir overraskande enn det første.
Så får me venta til fasiten føreligg om nokre veker.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar