fredag 15. november 2013

Årets mest framgangsrike, BFG Bergen, 2013



No pleier me ta damene først – men i dette tilfellet får eg gjera eit unntak, av naturlege grunnar.

Årets mest framgangsrike i BFG Bergen for menn i 2013 er 17-åringen Magnus Leikvoll.

Magnus er ein likandes ungdom frå Feråsen. Han har stått på i mange år i friidretten og inn til 2013 såg han først og fremst ut som ein stavhoppar i Paavo-leiren.

Men så skjedde eit eller anna: BFG stod meir eller mindre utan høgdetrenar – og dermed var alt duka for ein stor høgdesesong! Vel, i praksis har Trine Almenningen og pappa Trond Leikvoll blitt dei høgdetrenarane klubben mangla og har bygt opp ei solid gruppe.

I stav var Magnus oppe på 3,12 innomhus heilt på slutten av 2011-2012- sesongen (24. mars, Leikvanghallen). Deretter har det gått ein del ned og så litt opp igjen i stav.

Men i høgde har det vore jamt og trutt framgang:
- inne, 2011/2012: 1,65 (6. januar 2012)
- ute, 2012: 1,70 (10. juni 2012)
- inne, 2012/2013: 1,81 (Steinkjer, UM, 9. mars 2013)
- ute, 2013: 1,83 (9. juni 2013 )

1,83 er også identisk med junior-NM- kravet. I Magnus og broder Eirik er det gode høgde-emne for framtida.

Årets mest framgangsrike i BFG Bergen for kvinner i 2013 er 16 år gamle Anna Serine Røssland. Mykje er sagt og skrive om Anna Serine sine hinderbravadar, men desse var ikkje sentrale i kåringa: 1500 meter hinder og 2000 meter hinder er ikkje seniorøvingar. 3000 meter hinder debuterte ho på habil måte på i Tønsberg i august, men her ligg det naturlegvis ikkje føre nokon framgang frå tidlegare.

Derimot er det på 3000 meter framgangen har vore stor:

Debuten kom på Opningsstemnet til BFG (Gneist) 8. mai 2012. Då blei tida smålåtne 11:30,51.

Tida blei forbetra éin gong i debutsesongen – til 11:05,93 (Knarvik, 19. august 2012).

Så blei det 3000 meter også på Opningsstemnet i 2013 (7. mai). Etter fem dagar på skuletur til Berlin kom Anna Serine rett til Fana Stadion og sprang distansen 48 sekund raskare enn eitt år tidlegare – 10:42,01.

Tida blei ytterlegare betre to gongar – først til 10:37,76 (Tyrvinglekene, 14. juni) og så til 10:35,00 (UM, Lillehammer). Dermed blei persen betra med like over halvminuttet i løpet av sesongen.

Og då har den splitter nye tradisjonen (utdelt for andre gongen, må vita) i BFG Bergen fått følgjande prisvinnarar:

2012:
Sara Berrefjord og Amund Høie Sjursen
2013:
Anna Serine Røssland og Magnus Leikvoll

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar