Prisen skal gå til unge seniorutøvarar - i alderen 19-23 år - for å bidra til vidare motivasjon og satsing.
Prisen heng høgt: 19-åringar må oppnå over 1000 poeng etter Tyrvingtabellen, 20- 23- åringar må over 800 poeng etter Serietabellen for å kunna bli nominert til prisen.
Den aller første Dag Rasmussens Motivasjonspris blei delt ut på BFG Bergen sin årsfest onsdag 13. november.
Det var éin kandidat etter 2013-sesongen, Martine Eikemo Borge. Martine fekk prisen første gongen den blei tildelt, samtidig som det var hennar siste sjanse til å få den. Ho fyller 24 i 2014.
Martine har vore eit flaggskip på bane i klubben heilt sidan ho debuterte i hovud-NM som 15-åring - på Fana Stadion - i 2005. Då blei det 8. plass på stafetten og ein 5. plass i forsøket på 400 meter.
Men alt same året - som førsteårs junior - blei det sølv i junior-NM på 800 meter. Sidan har medaljefangsten vore stor og god i norske meisterskap. Martine deltok også i siste EM - på 4 x 400 meter stafett. Eit hovudmål for 2014-sesongen er EM i sveitsiske Zürich.
Med fare for oversette resultat - nedanfor finst ein oversikt over Martine sine individuelle NM-medaljar så langt. (I tillegg kjem det opptil fleire i stafett.)
Lykke til vidare, Martine!
|
HOVUD-NM
(2 gull, 3 sølv)
|
JUNIOR-NM
(7 gull, 3 sølv)
|
2005
|
|
SØLV, 800 meter
|
2006
|
|
|
2007
|
SØLV, 800 meter (2:09,14 – bak frk. Måkestad)
|
GULL, 800 meter
|
2008
|
|
SØLV, 400 meter (56,66)
GULL, 800 meter
|
2009
|
|
GULL, 400 meter (56,39)
SØLV; 800 meter
|
2010
|
|
|
2011
|
GULL, 400 meter (54,87)
SØLV, 800 meter (2:08,75 – bak Ingvild Måkestad)
|
GULL (U23), 400 meter (54,23)
GULL (U23), 800 meter
|
2012
|
SØLV, 400 meter (54,49)
GULL, 800 meter
|
GULL (U23), 400 meter
GULL (U23), 800 meter
|
2013
|
(4. plass, 800 meter – 2:06,31)
|
|
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar