torsdag 31. oktober 2013

Alle Tider - Jenter og gutar 18: Tøffare tider

Det er ikkje i nærleiken så mange som konkurrerer i 18/19-klassane som det er i 13-klassane, til dømes. På den andre sida er dei historiske prestasjonane temmeleg sterke i svært mange av øvingane i dei eldste klassane. Dei beste resultata er stort sett svært sterke også i dei yngre klassane, men det er nok jamnare og tøffare i toppen mellom dei eldste. Spesielt gjeld det i klassiske øvingar, som det har vore konkurrert i gjennom mange år.

I denne siste gjennomgangen av lokale markeringar i "Alle tider-statistikken" handlar det om 18-åringane. Det er til og med 18 år det finst slike oversikter for gutar og jenter.

For jentene er det i ei øving som ikkje er fullt så klassisk i denne tydinga at det finst ei topp 10-plassering mellom dei eldste. Det er Marianne Benserud, som finst på 7. plass, med sitt 3,20-hopp i stav. (Til samanlikning hoppa "Skal vi danse"-stjerna Cathrine Larsåsen 3,50 som 18-åring.)

Elise Una Mikkelsen sin 100 meter på 12,52 plasserer henne på ein 90.plass, medan Sara Berrefjord, som sprang på 12,55 på same distansen i 2013, finst på 100. plass for 18-åringar på 100 meter "gjennom alle tider".

Ole Martin Røssland er representanten mellom gutar på 18 år. Begge markeringane er i hinder:
* 68. plass på 3000 meter hinder (10:01,84)
* 96. plass på 2000 meter hinder (6:12,78)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar