onsdag 6. november 2013

Rekord-statistikk, gutar: Sondre og Kristoffer i ryggen på Roar Haugland

Oversikten over dei som har flest klubbrekordar i Gneist for gutar etter 2013-sesongen syner at Roar Haugland har overteke førsteplassen åleine, fordi Marius Benserud, som delte topp-plassen med Haugland etter 2012-sesongen, har mista ein del rekordar dette året.

Den Marius Benserud har mista flest rekordar til er Sondre Rinde, som er ny på 2. plass, medan Kristoffer Blücher har hoppa opp frå 8. til 3. plass på denne oversikten.

Her er så oversikten over dei gutane med flest klubbrekordar i Gneist (11-19 år), topp 10:

1. Roar Haugland 29 (-)
2. Sondre Rinde 25 (+ 2)
3. Kristoffer Blücher 24 (+ 8)
3. Marius Benserud 24 (- 5)
5. Steffen Nerdal 23 (-)
6. Henrik Irgens Gravdal 17 (+ 5)
6. Morten Benserud 17 (-)
8. Amund Høie Sjursen 16 (+ 5)
8. Sigve Stenersen 16 (- 1)
10. Torstein Ryland 14 (-)
10. Rodgeir Vigestad 14 (- 3)

Og her er så oversikten (topp 10) over dei av dagens Gneist-aktive gutar som har flest klubbrekordar:

1. Sondre Rinde 25 (+ 2)
2. Kristoffer Blücher 24 (+ 8)
3. Henrik Irgens Gravdal 17 (+ 5)
4. Amund Høie Sjursen 16 (+ 5)
5. Gjert Høie Sjursen 13 (+ 5)
6. Pål Haugen Lillefosse 11 (+ 6)
7. Aleksander Lie 7 (- 1)
8. Eirik Leikvoll 5 (-)
8. Ole Martin Røssland 5 (-)
10. Emil Engelsen Holm 4 (+ 3)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar