mandag 4. november 2013

Rekord-statistikk, jenter: Renate har overteke trona

Medan andre sveittar over tidtakingssystem som ikkje verkar som det skal i Vinterkarusellen, så får me andre ta ein pust i bakken og sjå på noko heilt uviktig, men likevel ein kan henda artig oversikt.

Det gjeld oversikten over dei som har flest klubbrekordar i IL Gneist etter 2013-sesongen - no i kveld først på jentesida. Etter at det har vore Bente Lervik (noverande Bente Liland) som har toppa oversikten både i 2011 - første gong konstruert av underteikna - og i 2012, så har Renate Lie etter 2013-sesongen hoppa opp på øvste trinnet - med heile 30 klubbrekordar!

Også Monika Benserud, Vilde Lund Bjørnsen og Marianne Benserud av dei noverande aktive markerer seg høgt oppe i denne lokale historiske oversikten.

Her er oversikten over dei jentene med flest klubbrekordar i Gneist (11-19 år), topp 10:

1. Renate Lie 30 (+ 4)
2. Bente Lervik (Liland) 27 (-)
3. Monika Benserud 26 (+ 6)
4. Vilde Lund Bjørnsen 22 (+ 2)
5. Benedikte Liland 22 (-1)
6. Kjersti Ristesund 19 (-1)
7. Marianne Benserud 16 (+3)
8. Torunn Sandvoll 12 (-)
9. Mary-Ann Nordeide (Hårklau) 11 (-)
10. Cathrine Harris 8 (-)
10. Kathrine Sandvik 8 (-)

Og dette er oversikten (topp 10) over dei av dagens Gneist-aktive som har flest klubbrekordar:

1. Renate Lie 30 (+4)
2. Monika Benserud 26 (+6)
3. Vilde Lund Bjørnsen 22 (+2)
4. Marianne Benserud 16 (+3)
5. Anna Serine Røssland 7 (+4)
6. Silje Stenersen 6 (+1)
6. Ingrid Næss Johansen 6 (-)
6. Maren Haugen Lillefosse 6 (+2)
9. Elina Drivenes 5 (+5)
9. Eline Myking 4 (+4)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar