Etter 2013-sesongen har Anna Evensen (x 3) og Silje Stenersen snike seg inn på oversikten over dei beste gjennom "alle tider" for jenter 13.
"Alle tider" er jo ei veldig overdriving naturlegvis, men i alle fall gjeld oversikten alle dei godkjende resultata i dei aktuelle øvingane i "moderne tid". For nokre øvingar for jenter, til dømes tresteg og stav, er "alle tider" berre nokre få år tilbake.
Aller høgast klatrar Anna, med sin 21. plass på 60 meter hekk (9,73).
Ho er etter denne sesongen elles nr. 42 i tresteg (10,21) og nr. 58 på 200 meter hekk (68cm) med 33,03.
Silje har skrive seg inn i J13-historiebøkene med si tid på 4:53,59 på 1500 meter. Det gir henne ein 26. plass gjennom - altså "alle tider".
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar