mandag 21. oktober 2013

Alle Tider - Jenter 14: Håp i hopp

Nokre stader tar dei det heilt ut - og etablerer eigne løpeklubbar, som tilfellet har vore i Klæbu, Namdal og Tromsø, til dømes.

Gneist er i manges auge først og fremst ein løpeklubb, og det er rett at dei aller fleste driv med springing og dei aller fleste startane er i løpsøvingar.

I periodar finst det nokre kastarar, men nokon kasteklubb er Gneist svært sjeldan.

I hopp, derimot, har klubben jamleg hatt utøvarar som har markert seg - alt frå øvingane i hopp utan fart vinterstid, til gode lengde- og tresteghopparar utandørs. Dei siste sesongane har fleire stavhopparar markert seg i gruppa til Paavo, i tillegg til at all denne spensten fører til gode høgderesultat også.

I jenter 14 er det nettopp to hopparar som har markert seg i Alle tider-statistikken etter 2013-sesongen:

Debutanten av året, Sanne Myrmel, susar inn på ein 26. plass i stavsprang, med sitt besteresultat på 2,60.

Og Nora Øvergaard Aarvik, som sette ny klubbrekord i år med 1,60, er å finna på 65. plass i høgde etter 2013-sesongen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar