onsdag 23. oktober 2013

Alle Tider - Jenter 15: Renate og Maren

Eg er gjort merksam på at eit par av årsklassane ikkje er vidare oppdatert på landsbasis. Mellom anna var det fleire av våre som presterte godt under Bergenslekene midt i september, medan fleire av årsklassane ikkje er oppdatert sidan tidleg i september.

Dette får me gøyma i hjartet og ha i bakhovdet i gjennomgangen...

To J15-jenter har markert seg i Alle tider-statistikken i denne årsklassen i 2013. Den eine kan me kan henda tilføya eit faktisk til, nemleg Maren Haugen Lillefosse, som fekk ein god del av sesongen øydelagt av skadetrøbbel. Men trass i dette er ho - altså - faktisk inne på ein 20. plass på 80 meter hekk (11,88), ein distanse (korthekk) som så langt synest å vera ei favorittøving. Men kven veit, når Maren er heilt i orden igjen, så kan det fort bli andre øvingar der ho også markerer seg sterkt.

Renate Lie har hatt ein ny sterk sesong. Tidlegare er det omtalt korleis ho har blitt etter måten sterkare i sprint denne sesongen, men rettare er det å seia at Renate framstår som ein framifrå langsprintar. Så får me sjå korleis utviklinga blir dei komande åra, men bakom lokkar nok solide framsteg på 800 meter, vil eg tru.

Her er Renate sine Alle tider-markeringar i jenter 15:
* 4. plass på 300 meter (40,47)
* 10. plass på 400 meter (57,77)
* 14. plass på 600 meter (1:37,66)
* 31. plass på 200 meter (25,79)
* 59. plass på 60 meter (8,11)
* 105. plass på 800 meter (2:17,06)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar