tirsdag 29. oktober 2013

Alle Tider - Gutar 17: Amund opp mellom dei beste

Amund Høie Sjursen er  talentet som har gått frå å ligga eit hakk bak dei aller beste i Hordaland til å vera mellom dei aller beste i landet. Ja, ikkje berre mellom dei aller beste i landet i gutar 17 i 2013, men også "gjennom alle tider".

100 meter er Amund heile oppe på 8. plass gjennom alle tider etter si tid på 10,89 i år. Og det er ein sterk årgang han er del av, for han er "berre" nr. 3 i år med denne tida. Også Karsten Warholm (10,86) og Even Meinseth (10,88) er heilt i toppen på den historiske lista. På toppen av G17-lista på 100 meter er kjente namn som Aham Okeke (10,62), Fernando Ramirez (10,73) og John Ertzgaard (også 10,73). Ein utøvar som åtte år etter 17års-sesongen var Europas beste på 200 meter, Geir Moen, ligg nede på 35. plass med 11,14 på 100 meter som 17-åring.

I lengde plasserer Amund seg på ein 10. plass etter det barrierebrytande hoppet på 7,02 i 2013. Her er det også to andre av årets 17-åringar som plasserer seg framfor: Karsten Warholm (7,30) og Ingar Kiplesund (7,17). Hoppet til Warholm er aldersrekord i G17, så (også) her er Amund i godt selskap.

Endeleg plasser han seg på ein 37. plass (før jamføring av ute- og inneresultat er gjort) på 60 meter, med tida 7,20. Dette er til dømes same tida som bestemann på 100 meter, Aham Okeke, hadde som 17-åring og det er hundredelen raskare enn John Ertzgaard si tid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar