Det er
tidleg å summera opp dette, men sidan blogg og bloggar straks søker seg til
varmare strok og først dukkar opp att eit stykke utpå nyåret, så kjem det her
eit bidrag.
2015 var
første året på tre decennium at dei opphavlege klubbane, Bjarg, Fana og Gneist,
var tilbake og foredla eigne utøvarar heile vegen frå rekrutt til og med
seniornivået.
Generelt
er biletet slik: Bjarg stadfestar inntrykket av at klubben, med eit par
hyggelege unntak aldersbestemt, ikkje er tungt framme i friidrett for tida.
Fana er i imponerande vekst og framgang, medan Gneist konsoliderer stillinga,
men har klare utfordringar, spesielt på jentesida, i åra framover.
Heilskapsinntrykket
er likevel positivt. Gneist ser, generelt, ut til å reindyrka profilen med
eigen-rekruttering og å ta vare på eigne utøvarar. Fana har skaffa seg
tilvekster utanfrå på topp-nivå innan hopp, ikkje minst i stavsprang. Utanom
desse synest Fana også primært å vera oppteken av å ta vare på eigne ungar og
ungdommar.
Eg har
hatt mykje kontakt med ein god del av Fana-miljøet, fordi gruppa mi har trent
til dels samtidig i Høiehallen lørdagar. I starten var dei mest til irritasjon,
fordi mange av oss opplevde at dei oppfatta oss som å vera i vegen, at dei rett
og slett var viktigare enn det me var. Det er dei naturlegvis ikkje, og over
tid har me klart å tilpassa oss kvarandre på greie vis. No er Fana-ungdommane i
fremste rekkje til å heia på og applaudera våre eminente utøvarar i Friske viljer.
Det er
naturlegvis ein viss konkurranse mellom Fana og Gneist. Det er viktig at denne
konkurransen er og blir verande sunn. Her er mange ungdommar på tvers av
klubbane som har eit godt kompisforhold. Ein usunn konkurranse vil berre vera i
vegen for eiga satsing. Og ein skal ha store problem med synet dersom ein ikkje
ser at hovudprofilen til Fana (hopp) og hovudprofilen til Gneist (løp) kan
utfylla kvarandre på gode måtar.
Først: God jul og
takk for det gamle og slikt.
Nedanfor
litt fakta, basert på lagseriar (og litt
meir) i 2015.
Bjarg
Ikkje lag for menn i lagserien, senior, Hordaland.
Ingen lag
i lagserien for gutar, Hordaland.
Ingen lag
i lagserien for jenter, Hordaland.
Fana
I
senior-lagserien på nasjonalt nivå er Fana framleis i dei bakre rekker, men her
er det potensial til jamn klatring dei komande åra. I kretsserien på seniornivå
blei det 4. plass i 2. divisjon for Fana sitt 1. lag, både for menn og kvinner.
I
lagserien i Hordaland er gutelaget til Fana heilt oppe på 2. plass, med ein
sterk poengsum. Berre Gneist, som sette ny poengrekord, var framom. 2. laget
rykka opp til Eliten, noko som betyr at både Fana og Gneist har 2 lag i Eliten
i 2016, til saman halvparten av dei 8 laga som finst der. For jenter er Fana på
4.plass, også her i ryggen på Gneist.
Gneist
Første
året med seniorsatsing: Kvinnelaget blei nr. 11 i toppdivisjonen, 1. divisjon., i landsserien. Det betyr nedrykk til 2. divisjon i 2016. Dette var ikkje overraskande.
Kvinnene har hatt ein liten og skadeforfølgt tropp i 2015. Det bør vera sjansar
for å vera i toppen i 2. divisjon igjen neste år. I Holmenkollstafetten blei
det 13. plass i Eliten. Her er det spenning rundt om breidda dei komande åra er
god nok til at det kan stillast lag.
I
lagserien for senior i Hordaland for kvinner blei det 3. plass.
Herrelaget
gjorde ein imponerande innsats, med 9. plass i 1. divisjon. Her er det gode
framgangar i mellom- og langdistanse som står fram. Her er det grunn til å tru
at grunnlaget for ei endå sterkare plassering ligg der, ikkje minst med viktige
aktørar ute i hopp og sprint dette året. Herrelaget i Holmenkollstafetten imponerte
også med 6. plass, og her er forventningane ytterlegare skrudd opp før utgåva
7. mai 2016.
I
lagserien for senior i Hordaland blei det ein «råsterk» 3. plass, i følgje
Stein Fossen. I tillegg tok 2. og 3. laget dobbelt i 3. divisjon.
Det same
skiljet mellom gutar og jenter kan ein sjå på rekrutteringsnivået i Gneist:
Gutane har både teke vare på sin dominans i Hordaland og har greitt potensial
også i dei komande åra. Jentene er på defensiven, både i breidde, i
samanlikning med andre hordalandsklubbar og med omsyn til komande rekruttering.