fredag 1. mai 2015

Mykje bra på Ask

It Takes a Lot to Laugh - It Takes a Train to Cry (Bob Dylan)

Nei da, eg har ikkje gått i tog 1. mai. Eg berre kom til å høyra igjen denne songen i dag, ein song som prega halve ungdomstida mi, slik om lag, nesten utan å overdriva.

Og dette har absolutt ingenting å gjera med Askstafetten, der Gneist sine seniorkvinner over 4 etappar vann - som venta - og der juniorlaga tok dobbeltsiger.


Som i så mykje anna for Gneist i 2015, så får me notera ein slags klubb-beste for Ask-tidene dette året.

Kvinner senior - 4 etappar - vann altså. Dette er klassen der også ulike BFG-lag har dominert siste åra. I år var det Malin Marie Rosvoll Olsen, Renate Lie, Martine Eikemo Borge og Monika Benserud som sprang. Tida til laget var åtte sekund bak løyperekorden til BFG Bergen frå i fjor.


Siger blei det også i menn junior, over 6 etappar. Her sprang Vegard Albrigtsen, Jens Larsen Åstveit, Henrik Almenningen, Henrik Irgens Gravdal, Anders Bjørndal og Kristoffer Blücher.

Det andre juniorlaget sprang inn til 2. plass og dobbeltsiger.

Kvinnene stilte også lag i varianten over  6 etappar og her blei det ein 3. plass.

Kvinnene sitt juniorlag måtte nøya seg med 7. plass.

Fleire Gneist-utøvarar hadde beste etappetid, uansett klasse:

* Renate Lie (2. etappe, 4 etappes-varianten, kvinner)
* Martine Eikemo Borge (3. etappe, 4 etappes-varianten, kvinner)
* Monika Benserud (4. etappe, 4 etappes-varianten, kvinner)
* Martine Eikemo Borge (1. etappe, 6 etappes-varianten, kvinner)

Det må leggast til at også Malin Marie Rosvoll Olsen, den einaste som ikkje hadde beste etappe-tid på vinnarlaget på 4 etappes-varianten, sprang svært godt - berre to sekund bak Gular etter 1. veksling.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar