fredag 29. mai 2015

Framolekene fredag

Det var ein smålåten start på Framolekene torsdagen, sett med Gneist-auge, denne kalde, kalde våren. Me noterte oss eit fint KM-gull til Stian Norheim på 2000 meter hinder i G18/19 - og me merka oss fråveret til opptil fleire som normalt ville markert seg ein slik dag.

Fredagen skjedde det derimot store ting.



Den største - og høgaste - var naturlegvis Pål Haugen Lillefosse sin nye kjempe-prestasjon i stavsprang. Hans nye verdsrekord for 13-åringar (han fyller 14 om kort tid) er på heile 4,65! Kor skal dette enda? Skal det enda?

*

Medan Pål var i stavgropa dansa Andreas Haara Bakketun om ikkje på bordet, så i alle fall galant gjennom sin 200 meter i G14. Med 23,57 overtok han nemleg Pål sin ferske G14-klubbrekord.

Særs flotte 800 meter-løp fekk me også, ikkje minst i seniorklassen, der Henrik Irgens Gravdal kom seg heilt ned på 1:55,74, ny pers med nesten to sekund - og dermed endå ein som nærmar seg veldig kravet til hovud-NM. NM-kontingenten kan etter kvart utvikla seg frå ein gruppetto, som sykkel-Erlend ville ha sagt det, til ein heil gjeng, som me sa det i den hardkokte delen av Sunnhordland på 1980-talet.

Men det stoppa ikkje der: Jens Larsen Åstveit melde seg inn i under 2-klubben på 800 meter, då han flytta persen med 1,7 sekund til 1:58,59. Og Steffen Algrøy Boga blei også 800-persar. Han betra tida si frå Opningsstemnet med eit nytt sekund - til 2:06,85.

Malin Marie Rosvoll Olsen sprang sin 200 meter på 27,76, som er halvsekundet betre enn ho har gjort tidlegare på distansen.

Ein noko overraskande klubbrekord fekk me i J14. Mest overraska er kan henda ho som tok den sjølv, nemleg Maren Kathinka Myrmel, for diskos-rekorden med 0,75-diskosen stod heilt ledig. Maren kasta 18,36 meter.

Ferskingen Rasmuss Waage Wernø (G18) fekk notert seg sin første 200 meter, då han sprang inn på 27,14.

Jakob Jamt Ånonli sprang eit nytt solid 200-meterløp, i solid mtovind (G16). Han sprang på 24,48. Jakob var nede på 24,33 innomhus, medan utepersen var på 25,12 frå Fanalekene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar