tirsdag 8. april 2014

Geografi og terrengløp

Først av alt får me registrera dei to medaljane som blei dei lokale heltane til del under UM i terrengløp på Stord lørdag: Linn Seliussen vann bronse i J16 og Anna Serine Røssland fekk same typen medalje i J17.

Så til den store snakkisen etter helga: Mangelen på deltakarar, spesielt i stafetten søndag. Der enda det opp i parodi då ein trio med handballspelarar frå Fitjar innkasserte bronsen i kvinneklassen - eit temmeleg drygt stykke etter dei to andre laga som var med. Og då skal ikkje eit vondt ord seiast om Fitjar eller fitjarbuen; initiativrike er dei der! (Og eg har opptil fleire kjekke slektningar i Fitjar - ja da, der også.)

Terrengløp er ikkje ut. Det ser berre slik ut når det er vestlandsbygder som står som arrangørar! Av ein eller annan grunn klarer ikkje austlendingane å finna vegen til Strandebarm eller Haga på Stord. Det er ikkje til å undra seg over at eg i desse dagar minnast den salige pressemannen Per Håland, som 16. juli 1949 spurde i ein petitartikkel i Verdens Gang om "Kvifor er Oslo-folk så dumme?" Og då var det ikkje minst den manglande geografikunnskapen han tenkte på. Me her vest veit skilnad på aust og vest i Oslo, austlendingar slit med å skilja mellom noko som helst vestpå. Dei kallar det store landet i vest for - ja, nettopp - "Vestlandet". Om dei møter på ein frå dette landet, så spør dei oss gjerne om me kjenner "...Fagnstøl, som jeg møtte i Forsvaret" - sjølv om Fagnstøl kom frå Egersund og det er ein frå Førde i Sunnfjord som er samtalepartner. "Dere er jo fra Vestlandet begge..."

Jo da. Sidan 2010 har kortløype-NM vore tre gongar på Austlandet og to gongar på Vestlandet. Mønsteret er soleklart: Ein god del vil trass alt framleis vera med på terrengløp - ein vågar seg berre ikkje på å reisa så langt. Og i særleg grad gjeld altså dette austlendingar som nektar å reisa vestover. Nei, her er ikkje indianarar på krigsstien. Berre Fjorden Cowboys.

Under meisterskapa på Austlandet har austlendingane hatt ein deltakingsprosent på 55 (Tønsberg), 60 (Modum) og 57 (Hønefoss) - altså jamn og god deltaking.

Under meisterskapa på Vestlandet har austlendingane hatt prosent-deltaking på 10 (Strandebarm) og 9 (Stord)!

Kva med motsett veg? Finn me, vestlendingane vegen austover? Ja, i klart større grad i alle fall: 31 prosent av deltakarane i Tønsberg, 28 på Modum og 31 igjen på Hønefoss.

*

Dette heng også saman med denne underlege stafetten andredag: No  jo andre enn gutungen sjå at keisaren er naken?!

Dersom ein har eit todagarsopplegg, er det kan henda lettare å få fleire til å ta ut på den farlege reisa vestover. (Til Ås til neste år finn nok austlendingane vegen igjen.) Då må deltakarane nødvendigvis på førehand veta at dei skal delta både lørdag og søndag; ein må planlegga for dette. Og stafetten må vera på klubbnivået, der ein har tilhøyrsle.

Her er Varegg sine terrengstafettar ein mal:

1. Klubbstafett med 2 deltakarar på kvart lag.
2. Kvar klubb kan stilla med så mange lag dei vil
3. 2 klassar: senior og U23
4. 3 x 1000m (som harmonerer best både med løypa frå det individuelle løpet og med kapasiteten til dei fleste av desse løparane): 2 løparar spring altså 1000 meter 3 gongar.

Dette må NFIF ta tak i no - dersom ikkje dette arrangementet, som på sitt beste kan vera ein flott inngang til utomhus-sesongen - skal døy heilt hen.

Og austlendingar: 11. oktober arrangerer BFG Bergen NM i langløypa. Eg veit det går visse rykte om at løpet går på noko som heiter "Stend". Gløym det! Det går i Bergen. Det går fly til Bergen. Me skal visa vegen til løypa derifrå.

Nedst - oversikt over talet på deltakarar i dei fem siste kortløype-meisterskapa:

2010 - TØNSBERG
Totalt
180




Vestlandet
57
31.6 %
Austlandet
99
55 %
Midt-Norge
18
10 %
Sørlandet
6
3,3 %


2011 - MODUM
Totalt
191




Vestlandet
55
28,7 %
Austlandet
116
60,7 %
Midt-Norge
15
7,8 %
Sørlandet
5
2,6 %


2012 - STRANDEBARM
Totalt
119




Vestlandet
88
73,9 %
Austlandet
12
10,0 %
Midt-Norge
13
10,9 %
Sørlandet
6
5,0 %


2013 - HØNEFOSS
Totalt
154




Vestlandet
48
31,1 %
Austlandet
89
57,7 %
Midt-Norge
9
5,8 %
Sørlandet
8
5,1 %


2014 - STORD
Totalt
109




Vestlandet
85
77,9 %
Austlandet
10
9,1 %
Midt-Norge
12
11 %
Sørlandet
2
1,8 %

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar