No ja. Det var over 100 deltakande lag totalt, så stafetten har framtida føre seg - også ved ei flytting, vil eg tru.
Mykje god springing av Gneist- og BFG- laga også dette året:
Jenter 11-14- laget hadde vunne stafetten dei 5 siste åra, men blei denne gongen slege av Fana. Fana sette ny løyperekord (som då blir ståande), men Gneist var berre 5 sekund bak, og både AKS og Bergen Turn sine lag på tredje og fjerde var med på å gjera dette til ein historisk god stafett i klassen.
Gutar 11-14- laget vann, derimot, Fristafetten for 6. året på rad. Også her blei det ny løyperekord for evig og alltid, godt og vel ti sekund framfor Fana. Desse to laga var i ein eigen klasse.
I Mix 11-17 blei det 4. sigeren på rad for Gneist - heile 44 sekund framfor nr. 2, Viking.
Aller mest suverene har Gneist vore i Mix 11-14. Her har det blitt siger alle dei siste 7 åra (i alle fall)! Også her får Gneist sitt lag i 2014 bli ståande som løyperekord-haldar for ettertida. Det var 5 sekund ned til Ask på 2. plass og 18 sekund til Gneist sitt 2. lag.
*
For BFG Bergen var det utvilsamt kvinner senior- laget som imponerte mest. Det blei ein 2. plass til slutt, 17 sekund bak Gular. Tidene til både Gular og BFG er svært sterke i historisk samanheng for Fristafetten. I fjor stilte ikkje BFG seniorlag, men årets lag var om lag 50 sekund betre enn beste juniorlaget i fjor - og årets lag hadde 5 juniorar med, så dette var svært lovande.
I menn junior blei det denne gongen 2. plassen, 8 sekund bak Norna-Salhus - etter sigeren i 2013.
Menn senior B- laget gjekk til topps i sin klasse, etter at det blei 4. plass i fjor. Avstanden ned til Gular sitt B-lag var på 18 sekund.
Fristafetten
|
2008
|
2009
|
2010
|
2011
|
2012
|
2013
|
2014
|
J11-14
|
2
|
1
|
1
|
1
|
1
|
1
|
2
|
G11-14
|
2
|
1
|
1
|
1
|
1
|
1
|
1
|
Mix11-17
|
5
|
-
|
3
|
1
|
1
|
1
|
1
|
Mix11-14
|
1
|
1
|
1
|
1
|
1
|
1
|
1
|
|
|
|
|
|
|
|
|
KJ
|
1
|
1
|
4
|
3
|
2
|
2
|
-
|
KS
|
1
|
2
|
2
|
-
|
2
|
-
|
2
|
MJ
|
1
|
1
|
4
|
3
|
3
|
1
|
2
|
MS-B
|
1
|
2
|
2
|
2
|
1
|
4
|
1
|
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar