søndag 24. januar 2016

Nornalekene - dag 2

Det er jo nesten ikkje eit einaste stemne gjennom året der det ikkje blir sett klubbrekordar av Gneist-utøvarar. Dette er ein regel som først og fremst gjeld aldersbestemt. Der opererer me med ni årsklassar og ei rekkje øvingar, så sjansane er gode. Men no blir det jamleg sett klubbrekordar også på seniornivået: Jens Larsen Åstveit innleia innesesongen med rekord på 1500 meter under Romjulsstemnet, så heldt Anne Skudal Dolvik fram med si tid på 200 meter i går, før Jens leverte ein sterk 3000 meter søndag.


Jens si 3000-tid, 8:36,02, var seks sekund under Stian Øvergaard Aarvik sin gamle rekord, sett under Nornalekene for to år sidan. Samtidig var det innepers med nær på 27 sekund (!) for Jens. Tida er også sju og eit halvt sekund under utepersen frå fjorårets UM. Klubbrekorden i G19 på distansen bør også stå for fall denne sesongen. Den er på 8:34,9 og sett av Øyvind Gausvik så langt tilbake som i 1979.

Andreas Haara Bakketun var ein annan med flott helg på Leikvang. Søndag blei det 7,29 på 60 meter i ein super B-finale for senior - med usikker status. Andreas sprang på 7,30 under Romjulsstemnet. Tida er klubbrekord i G15.

Håvard Rinde kom seg under 8 blank på 60 meter, med sine 7,97. Han hadde 8,07 frå det omtalte Romjulsstemnet frå tidlegare. På 400 meter sprang Håvard på gode 56,11, som er kjempepers. Han hadde 58,66 ute og 58,40 inne frå tidlegare.

Gjert Høie Sjursen sette innepers i lengde, med 6,16. Han hadde 6,09 frå UM i Ulsteinvik frå tidlegare (har 6,26 ute).

Anna Evensen sneik seg under sin innepers på 60 meter med eitt hundredel, til 8,51 (har 8,38 ute).

... og Vegard Alberigtsen kom seg ned på 9-talet på 3000 meter i sin innedebut på distansen. Tid: 9:53,65.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar