søndag 24. januar 2016

Nornalekene - dag 1

Nei da, eg er ikkje komen heilt i siget enno. No får me håpa det ikkje blir fullt så bratt som 1965 var, ifølgje Øystein Sunde, men 2016 hvar vore litt bratt så langt.

Når det er sagt; her er nokre registrerte prestasjonar frå årets første stemne av ein viss storleik, Nornalekene:


Ja, for heimkomne Anne Skudal Dolvik sette sin første seniorrekord i Gneist, då ho sprang 200 meter på 24,90. Vilde Lund Bjørnsen - som framleis har U20-rekorden inne - hadde den gamle, på 25,81, sett under UM i Ranheimhallen for fem år sidan. 24,90 skal også vera innandørs pers for Anne.

I andre enden av aldersskalaen for våre junior- og seniorutøvarar finn me Andreas Haara Bakketun. For dei som likar kuriositetar; det er nøyaktig 13 år mellom Anne og Andreas. Lørdag senka han eigen klubbrekord i G15 på 60 meter hekk til 8,32 - frå 8,46. I tillegg innepersa han på 200 meter til 23,59, berre to hundredelar bak utepers frå Framolekene i fjor.

Til sist på mi liste eit par fine 800 meter-løp: Det blei ein del sigrar og pall-plasseringar under Nornalekene - og dermed blei det også KM-gull og -medaljar. Dette har eg ikkje heilt oversikt over, men eg registrerer eit gjævt KM-gull til Jens Larsen Åstveit i seniorklassen. Han sprang på 1:59,68, som er innepers med nesten tre sekund frå tilsvarande stemne i fjor.

Pers - inne som ute - blei det på Steffen Algrøy Boga. Han sprang i mål på 2:04,57 på sin 800 meter. Det er nesten seks sekund betre enn innepersen, sett under Nornalekene for to år sidan. Men det er også nesten halvtanna sekund betre enn utepersen, frå opningsstemnet på Kuventræ i september i fjor.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar