onsdag 13. april 2016

Alle tider - i ein fattigare statistikk

Alt var betre før heiter det gjerne. Og det var det - i mange samanhengar. I friidretten har det site mange statistikk-slitarar rundt om og laga sinnrike oversikter - over det meste. Dei siste åra har ein del av dette arbeidet så godt som lege brakk. På den eine sida har ein fått inn ein meir og meir dugande elektronisk statistikk for det som skjer her og no (og for nyare historikk - frå den elektroniske oppstarten og framover). På den andre har den manuelle historikk-oppdateringa tapt seg, i alle fall på nasjonalt nivå. I Hordaland har me framleis Stein Fossen - og då er me redda.

På nasjonalt nivå er det slik at den historiske "Alle tider"-statistikken ikkje har vore oppdatert sidan 1. januar 2014. (På overskriftsnivået ser det verre ut; der står det 1. januar 2013 for jenter og 1. januar 2012 for gutar, men her er heller ikkje overskriftene oppdaterte.)

På seniornivået er det kome oppdaterte oversikter pr. 1. januar 2016 - og det er bra. Men medan dei gamle oversikten innheldt opptil fleire hundre namn for kvar øving, inkludert også fleire "ukurante" øvingar", så er den nye oversikten skrella ned til topp 30 og berre i meisterskapsøvingane. Det er med andre ord ein veldig forenkla oversikt - og eit knallhardt nålauge å klatra gjennom for å koma på desse listene.

Jenter og gutar får me vonleg koma tilbake til, når desse er oppdaterte. Det får vera måte på i kva for grad ein skal føra skuggeoversikter, både for bloggaren og for mange andre.

Her er dei med tilknyting til Gneist på dei nye, tilkneppa listene for senior.


KVINNER

100 meter hekk
6. Anne Beth Espetvedt 13,39
27. Kjersti Ristestund 13,98

3000 meter hinder
16. Anna Serine Røssland 10:42,56

Stav
17. Marianne Benserud 3,31

Tresteg
23. Monika Benserud 12,66




MENN

100 meter
12. Amund Høie Sjursen 10,45

Høgde
26. Roar Haugland 2,13

Lengde
17. Amund Høie Sjursen 7,60

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar