torsdag 7. april 2016

Fristafetten

Og der var dei i gang, ungdommane. Fristafetten er kanskje ikkje vårens vakraste eventyr - det er så mange som slåss om den tittelen - men det er no eit av dei første, i den lokale friidrettske andedammen.

Fristafetten har også vore eit høve for Gneist til å markera seg. Dette er eitt av høva der Stein Fossen har hatt sjansen til å ytra seg om "superklubben i Bergen sør". No er ikkje dominansen til Gneist den same som for eit par år sidan, men det er framleis sterke saker og positive trekk å finna, naturlegvis.



Sterkast resultat stod juniorlaget i herrelassen for. Det blei nr. 2 av alle laga, berre slege av Gular sitt beste seniorlag. Avstanden er også gjort mindre frå fjoråret. I reine tider er det vanskeleg å samanlikna. Fristafetten blei til "nye Fristafetten" i fjor, då den blei flytta frå Espeland til Indre Arna, og i år blei det gjort endringar i løypa også på nye-staden. Juniorlaget til Gneist har i alle fall vunne begge dei to åra Gneist har stilt reint juniorlag.

På seniorsida var det tynnare. Her kom bestelaget for menn på 5. plass, medan kvinnene ikkje har breidde nok på denne årstida til å stilla lag. Her var det i staden juniorlag, som beit godt frå seg; blei nr. 2, som er opp eitt hakk frå fjoråret.

Til ungdommen:

Jenter 11-14- laget hadde 5 sigrar på rad i perioden 2009-2013, med ei rekkje sterke løparar i den yngste Gneist-stallen. I 2015 var laget nede på 4. plass, så årets 2. plass var eit steg i rett retning igjen. Det var godt og vel ti sekund opp til vinnarlaget Fana.

Gutar 11-14 var tilbake på vinnarsporet. Også det laget dominerte i mange år, med førsteplass kvart år mellom 2009 og 2014. Så var det nede på 2. plass i fjor, før trona blei gjenvnnen i år. Men avstanden til Fana og Norna-Salhus var knapp (to og fem sekund).

Også i Mix 11-17- klassen har Gneist mykje bra å sjå tilbake på, men her har klubben ikkje stilt lag dei to siste stafettane.

Men: Gneist-klassen framfor nokon er Mix 11-14. Her er sigersrekka om lag like lang som det Rosenborg si var i den norske fotball-ligaen i si tid, men Gneist i Fristafetten er naturlevis eit kjekkare skode.

Så då er det heile i gang.


Fristafetten


2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015
2016
J11-14
2
1
1
1
1
1
2
4
2
G11-14
2
1
1
1
1
1
1
2
1
Mix
11-17
5
-
4
1
1
1
1
-
-
Mix
11-14
1
1
1
1
1
1
1
1
1










KJ
1
1
4
3
2
2
-
3
2
KS
1
2
2
-           
2
-
2
1
-
MJ
1
1
4
3
3
1
2
1
1
MS
1
1
4
3
3
1*
2
4
5













= BFG (* Senior-B)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar