tirsdag 24. november 2015

Historietime: Gneistspelen 1972

17. september 1972 var sikkert ein fin dag. Eg hadde framleis høyrsel på to øyre på den tida. Dette har naturlegvis ikkje så mykje å seia for dagens tema. Det er no berre nemnt.

Lite ante eg den gongen, sjølv med høyrsel på to øyre, at 17. september 1972 var ein historisk dag på Fana Stadion. Der gjekk nemleg den aller første Gneistspelen av stabelen nett denne dagen. Dette var elles same dagen som den framifrå situasjonskomedien M*A*S*H* hadde sin aller første episode i Amerika.

Men til idretten denne historiske dagen. Eg har ikkje bilete frå G14-klassen sin høgdekonkurransen. Nedanfor er i staden eit nyare eit av Johnny Ådland, som altså tok ein 3. plass i nettopp høgde i denne klassen den 17. september 1972. Han kom seg over 1,53.



Rune Hovlandsdal blei nr. 4 på 600 meter i G13 med 1:45,1. I diskos blei det 6. plass på han, med eit kast på 15,24. Han fekk også ein brukande 9. plass på 100 meter, med 14,5.

I G12 finn me Eikanger-gutane Helge Færø og Arvid Hauge på høvesvis 6. og 9. plass på 600 meter, med tidene 1:52,2 og 1:59,4.

Øyvind Liland deltok også i G12. I kule blei han nr. 8 med 7,53. På 60 meter blei det ein plass opp - altså til nr. 7 - med 8,9 som slutt-tid. Bjørn Fluge frå Ask blei nr. 13 med 9,3 i same klasse og han blei nr. 8 i lengde med 3,82.

**

Det var jo ein del som vann sine øvingar også, men det har ikkje same historiske interessa. Det har derimot klubben Vestvind, som eg må finna meir ut om, men som hadde opptil fleire deltakarar - ein god del av dei på pallen og i alle fall éin som eg har gjort eit stykke forskingsarbeid saman med eit kvar hundreår seinare.

Askøy var godt representert, naturlegvis med Ask, men også med Strusshamn og Askøy O-lag. Lengst vekke frå kom kontingenten frå Skjalg i Stavanger.

Og, igjen, i Gneist Friidrett si soge er 17. september 1972 ein dato å merka seg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar