torsdag 19. november 2015

Historietime: Gneistspelen 1987

Berre nokre få veker før Tunnel of Love kom ut i 1987, blei Gneistspelen avvikla. Det er altså blitt over 28 år sidan. Her er nokre utvalte resultat frå spelen tilbake i `87:

Johan Sørstrønen vann 60 meter i G12 på 8,83. Her var det tett: andreplassen fekk 8,85 og tredje 8,86. Johan fekk seg sølv i lengde med 4,54, fattige fem centimeter bak vinnaren frå Laksevåg.

100 meter i G15 blei det bronse på Tommy Damm med 12,95. Same resultatet fekk Tommy på 100 meter hekk, med 15,75.



I lengde i J14 blei det ein fin bronse til Hege Kjærgård (Laksevåg), med 4,57. Ho hadde målarane på si side - éin centimeter som ho var framfor nr. 4. Tredjeplass blei det også i høgde på Hege, med 1,45. Her blei det same høgde både på nr. 1, 2, og 3!

På 7. plass i finalen på 100 meter i G13 finn me Eirik Skjælaaen frå Norna-Salhus. Seinare er han meir kjent som Brann-spelar, mellom anna på det segnomuste 1997-laget som gjekk uverkeleg langt i UEFA-cupen. Det gjekk langt betre i lengde for den framtidige midtbane-spelaren. Der vann han på 4,85.

Husnesingen Gøran Moen, som alt i ung alder tok til å representera Gular, vann høgde på 2,02 i G16. Gøran fekk også bestemannspremien i hopp. Det fekk han for prestasjonen i lengde, med heile 7,07 - 1 meter og 35 centimeter framfor nr. 2. Gøran var flink i mykje. Han vann også spyd, med 52,44. Her var han nesten to meter framfor den framleis regjerande sportssjefen i friidrettsforbundet, Ronny Nilsen frå Norna-Salhus, som blei noko flinkare enn Gøran i spyd etter kvart.

800 meter i G16 blei vunnen av Sverre Morten Slethaug frå Hovding på 2:06,34.

I løp for dei eldste gutane var det Kristian Haga som fekk bestemannspremien, for sitt løp på 100 meter hekk, med 15,17. Erlend Sæterstøl frå Hovding fekk bestemannspremie i yngste aldersgruppe - i kast, med eit kulestøt i G12 på 13,94.

Jo da, det var tider.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar