torsdag 1. oktober 2015

Svimmel på Fana Stadion

Eg blei svimmel i går, på Fana Stadion, og eg stod i ro. Det var om lag 20 andre som sprang - 10.000 meter - 25 rundar. Dei kom no i mål, dei fleste, til slutt. Og dermed er, med eit par smular igjen, banesesongen 2015 i ferd med å bli avrunda også.

Igjen var det ein fæla gjeng på 1500 meter som stal dei lokale overskriftene. Ja da, det var mange flinke av dei aller beste - eg kjem tilbake til dei, men først til Hans-Magnus Haukøy (G14), som persa formidabelt til 4:18,45. Det er tett bak junior-NM- kravet og det er berre to sekund bak klubbrekorden i klassen, som ein som heiter Henrik Irgens Gravdal - og er ein brukande 1500 meter-løpar også i norsk seniorsamanheng - har.

Til dei aller beste:



Espen Roll Karlsen persa til 3:55,96 - tre hundredelar under NM-kravet på 1500 meter!

Stian Øvergaard Aarvik utepersa med nesten 20 sekund (!) og blei nr. 6 under 4 minutt på distansen i 2015. Tid: 3:57,47.

Solid pers også på Steffen Algrøy Boga, frå 4:24,32 - til 4:16,90.

Halldor Espe hadde eit 1500 meter-løp innaomhus i januar frå tidlegare, no blei det halvanna sekund betre i utedebuten - på 4:19,75.

Gigant-pers på Thomas Blücher: Han har, som relativt fersk 15-åring, konsentrert seg om 2000 meter i år. På 1500 meter blei det utepers med 26 sekund (!) - til 4:22,29.

**

Til slutt eit par prestasjonar som ikkje var på 1500 meter: Herman Ellingsen sprang ein svært god 80 meter i G13. 10,38 er nesten halvsekundet under Sondre Rinde sin klubbrekord på distansen. Dessverre var vinden på +2,3 i dette heatet.

Og apropos det: Vindmåling og tidtaking var onsdagskvelden på bortre langside - der Mads Holm stod for kveldens kanskje største prestasjon - under kummerlege arbeidsforhold i tidtakarbua.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar