onsdag 21. oktober 2015

Geir Sjursen

Det er nokre personar det er sagt altfor lite om. Det er nokre personar som går rundt mellom oss og berre gjer tinga, utan å gjera så mykje ut av det. Som berre gjer dei rette tinga.

Ein slik er dagens 50-årsjubilant Geir Sjursen.

Geir er ein mann som har ytt enormt mykje til klubb og miljø i mange år. Han har fått fram utøvarar på topp-nivå, ikkje minst sine eigne to søner, men han har også bidrege til ei stor breidde. Han har stilt opp og trent utøvarar i alle aldrar, og han har stilt opp som startordnar og ordnar av det meste på stemne.

Her er eit bilete frå då Geir blei kåra til årets trenar i Hordaland, i 2014 – medan son og elev Amund fekk utøvarpris.



Det er ikkje så lenge sidan Geir enno kunne hamla opp med sønene på ein 100 meter. Framleis er han i svært habil form, men delvis går det ikkje fullt så fort lenger for han – og delvis er Amund og Gjert blitt for gode. Takk vera pappa Geir. Men 12,41 så seint som i 2012 er solide saker!

Persen på 100 meter er elles på 11,06 frå 1987 – og på 200 meter er den på 22,31 frå 1989.

Det var ei stor ære å vera del av Søvikens tropp til junior-VM i Eugene sommaren 2014, saman med familien Sjursen. Håpet er at Søviken og omland skal bli representert fleire stader etter kvart.

50 år. Vel, då er det slik som Torstein og Bruce pleier seia det: Då er siste del av ungdomstida i gang.


Til lykke med dagen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar