fredag 2. oktober 2015

Ei tid for alt


Om den vyrde lesar no tar fram sin bibel og slår opp i Forkynnaren, kapittel 3 og frå vers 1.

Der ja. Takk.

Eller; ein kan setja på plata med The Byrds, der dei syng den songen av Pete Seeger, min gamle ven.

Den ja. Fint.

Alt har si faste tid, alt som hender under himmelen, har si tid: ei tid til å fødast, ei tid til å døy, ei tid til å planta, ei til å riva opp; ei tid til å drepa, ei tid til å lækja, ei tid til å riva, ei til å byggja; ei tid til å gråta, ei til å le, ei tid til å sørgja, ei til å dansa; ei til å kasta steinar, ei til å samla dei, ei tid til ta i famn, ei til å la det vera; ei tid til å leita, ei til å missa, ei tid til å gøyma, ei til å kasta; ei tid til å riva sund, ei til å bøta, ei tid til å teia, ei til å tala; ei tid til å elska, ei tid til å hata, ei tid til krig og ei til fred.

Desse versa var naturlevis inspirasjonen til songen Turn! Turn! Turn!, skriven i 1959 av Pete. Ein gong på slutten av 1960-talet høyrde ein ung Seeger-fan ved namn Roger McGuinn songen og spurde om lov til å spela den inn. Det blei The Byrds sin vidgjetne versjon og ein av dei symbolmetta låtane frå og med 1960-talet.

*

Det er blitt oktober – og siste ferja har gått. Dette er ei av dei strofene frå Ragnar Hovland, som vil leva vidare naturlegvis, så sann som den alltid vil vera for ein ekte sunnhordlending.

Det er blitt oktober og melankolien, men også ettertanken kjem sigande.

Bloggen går inn i sin meir eller mindre vanlege dvale.

Den blir nok ikkje lagt ned igjen. Glir den ut av historia, så kjem den til å gjera nett det – gli ut av historia – slip slidin’ away – meir eller mindre umerkeleg.

Kanskje blir den gjenkjenneleg i nye sesongar, kanskje ikkje. I 2015 har mi einaste offisielle – eller «offisielle» - rolle vore å følgja med på rekordane i Gneist. Her kjem det sikkert knallharde forhandlingar med ansvarlege i klubben før me veit korleis dette ansvarsforholdet blir vidare. Elles har eg ein haug historikk å gå gjennom. Det er der eg er nett no.

Elles vil det kribla i dei delane i kroppen som ønskjer å markera seg, innimellom. Av og til må eg tvinga meg til å la vera, av og til kjem det no eit kvart ut. Og då er det kjekt at bloggen finst.

Av og til er det kjekt å heidra kjekke friidrettsfolk, enten det er utøvarar eller nokon av dei rundt. Her finst det veldig mange å ta av!

Av og til er ein berre nøydd til å peika på noko av idiotien rundt friidretten også. Her skal gudane veta at det finst for mykje å ta av…

Men no, no skal om ikkje bloggen, så i alle fall bloggaren på treningsleir, på høgdeopphald, må veta, og sikta mot nye mål for gamle folk. Eg skal bli kretsmester ein gong, så enkelt er det.

Så får dei kjekke folka ta seg ein velfortent sesongpause. Og idiotien kan godt ta ein permanent pause, men det er å håpa på for mykje, naturlegvis.

Så no skal eg teia (i alle fall ei lita stund), men eg veit at det kjem ei tid då eg kjem til å kjenna meg igjen i Pete Seeger sine ord: «For mi eiga helse si skuld veit eg at eg berre er nøydd til å synga. Eg trur ikkje eg kjem til å leva lenge dersom eg ikkje syng.» Pete blei 94.

Det er ei tid for å teia, det er ei tid for å synga ut. 

Det er ei tid for alt.

God oktober.


LA

2.10.15

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar