onsdag 6. juli 2016

Rekord-magazinet 6. juli 2016 (God Bless the Absentee)

Min gamle ven Paul Simon har ein song med denne tittelen - God Bless the Absentee. 

Ja, den finst på YouTube.

Den handlar om å vera fråverande, å vera for travel med det ein held på med og det å vera borte - borte frå det heime.

Vel, vel. Eg har tidlegare nemnt at det i år var ni år sidan eg ikkje var på Tyrvinglekene, det var også sju år sidan eg ikkje var i Göteborg under Världsungdomsspelen. I tillegg har eg vore både her og der i løpet av ein vanleg friidrettssesong, i tilegg til at eg har vore ein absentee også medan eg har vore heime, med statistikkføring til langt på natt opptil fleire dagar/netter i veka.

Vel, tidene har endra seg, dei gjer gjerne det.

Eg har vore litt absentee då, om ikkje på friidrettsk vis - med kontinuerleg konsertturné på gang (tilskodar, altså). No prøver eg å følgja med på EM i Amsterdam i staden. Det er ei flott oppfinning - EM, og EM annakvart år. Og heldigvis har Norge her ein annna politikk enn til OL, her er det muleg å vera med og få erfaring internasjonalt. 51 utøvarar stiller Norge med, og fleire har alt markert seg positivt.

Det er bra.

Vel, dette er eit lite blikk på ting som har skjedd på seniornivået i Gneist sidan sist:


Anne Skudal Dolvik sette ny pers og ny klubbrekord på 400 meter, først på Bislett 24. juni (55,24) og deretter under Världsungdomsspelen 2. juli (55,19). Dette var tredje rekorden på distansen for året: frå før hadde ho 55,36 på Hamar 18. mai.

Maike Verhofstad betra si 800 meter-tid ein ny gong, då ho sprang på 2:20,25 i Strandebarm. Det var nesten sekundet betre enn gamlepersen, frå Framolekene.

Vegard Albrigtsen pynta på si 800 meter-tid, frå 1:58,16 (Framolekene i år) til 1:57,90 - under friidrettsfestivalen i Hardanger.

Andreas Haara Bakketun persa på 200 meter under Veidekkelekene på Lillehammer til 22,64. Dette var tidelen betre enn han sprang under Tyrvinglekene på Nadderud, og eitt hundredel betre enn innepersen frå UM i Steinkjer. Andreas sprang også rasande fort på langhekken i Göteborg, noko eg får koma tilbake til under ein meir systematisk gjennomgang av aldersbestemte prestasjonar.

Thomas Blücher betra sin 800-pers med sekundet i Strandebarm, frå 2:01,91 (Framo i år) til 2:00,87.

Henrik Irgens Gravdal kjem alltid tilbake, nett som han piraten, de veit. På Bislett blei det 3:53,18 på 1500 meter, tidenes 3. beste tid i seniorsamanheng i Gneist, halvtanna sekund betre enn gamlepersen og sletting av Petter Kleppe sin 36 år gamle (!) klubbrekord i G18 (3:56,0).

Hans-Magnus Haukøy, sist høyrt ifrå i varmen i Texas, sprang - på toppen av fleire sterke løp i år - under 2 blank under Strandebarm-turen i juni. Nyepersen på 800 meter er 1:59,63.

Endeleg kunne eg fjerna fotnota til Pål Haugen Lillefosse i stavsprang, den om at han hadde hoppa høgare i "før-senior-alder". For i Finland i slutten av juni svinga han seg over 4,95 (4,80 inne i vinter og 4,83 ute i fjor)!

Håvard Rinde, den kjende spydkastaren, sprang ein solid 400 meter i Strandebarm, der han utepersa frå 58,57 til 56,71 (!). Håvard har faktisk heilt ned på 56,11 som inne-tid på distansen.

Jens Larsen Åstveit slo til med eit kanonløp på 1500 meter under Boysen Memorial på Bislett på St. Hans (-dagen). Jens sprang på 3:50,58, og med det slo han sjølvaste Frida Berge-pappa Hans Jakob sin klubbrekord, sett tilbake i 1979, med nesten to og eit halvt sekund! Den gamle klubbrekorden i G19 var det Rodgeir Vigestad som hadde (3:55,49 frå 1983), så her var det sterke namn, med historisk Gneist-sus, som blei sett på plass. Jens sprang også 800 meter til ny pers i Strandebarm  til 1:55,20 (frå 1:55,56 under Framolekene).


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar