onsdag 13. juli 2016

Rekord-magazinet 13. juli 2016 (Georgia on My Mind)

Vel, det handlar mest om Göteborg og eit par ulike stader i Finland sånn eigentleg - sidan sist, men ein av våre heltar for tida, Gjert Høie Sjursen, er å finna i Tblisi, Georgia, for U18-EM, så då så. Det var eit par nesten-ar i kvalifiseringa til internasjonale meisterskap dette året, noko som gjer Gjert sin prestasjon endå viktigare. Dette blir spennande. (Naturlegvis er dette eit heilt anna Georgia enn Ray Charles sitt - for ikkje å seia Willie Nelson sitt, men slikt er ikkje viktig.)


Vel, vel sidan sist:

Andreas Haara Bakketun sprang på sterke 9,27 på 80 meter under Världsungdomsspelen i Göteborg. Dermed tok han tilbake rekord/bestenotering på i alle fall éin distanse frå klubbkompis Pål Haugen Lillefosse (9,30 tidlegare i år).

Pål Haugen Lillefosse har brote to fantastiske grenser for ein kar på 15 år og ein månad - begge deler fann stad i Finland: Først blei det under 11 blank på 100 meter, i eit stemne i Rihimäki. 10,98 (!) er ei betring frå 11,22 frå Framolekene. Deretter svinga han seg over 5 meter - 5,01 - i stav i Somero. 5,01 er berre 14 centimeter lågare enn det Eirik Dolve oppnådde i si EM-deltaking i Amsterdam nokre dagar seinare. Dette er ikkje for å vera negativ mot hr. Dolve, meir for å seia at ein 15-åring nærmar seg senior-EM- nivået.

Og så, Gjert Høie Sjursen, som betra seg i lengde under Världsungdomsspelen til 6,57 (frå 6,38 i Huddinge under Nordisk i mangekamp for ein månad sidan). Dermed er Gjert berre 14 centimeter bak G16-klubbrekorden til broder Amund - som to år deretter representerte Norge i junior-VM (U20) - i lengde. Så er det no nemnt.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar