onsdag 24. august 2016

Klubbrekordar

Klubbrekord-oversikten senior og U20 er no "oppdatert". Hermeteikna inneber at oppdateringa baserer seg på resultata som har nådd den offisielle, elektroniske statistikk-databasen. Her manglar det framleis ein del gode resultat frå lokale stemne i det siste. Men dei kjem på plass dei også, med tid og stunder.

Anne Skudal Dolvik har hatt ein eventyrleg sesong i come backet i Gneist-trøya. På 100 meter sletta Anne den 29 år gamle (!) klubbrekorden til Kjersti Ristesund (Bjørndal) under eit sommarstemne på Bislett i juli. Den nye rekorden er på 11,90, Kjersti si tid frå 1987 var på 12,03.

På 200 meter og 400 meter har Anne pynta på eigne rekordar: På 200 meter blei den kraftig forbetra, også det på Bislett, til 23,89. Den nye rekorden på 400 meter (igjen er det Bislett som er favoritt-arenaen) er på 55,03.

Monika Benserud har betra eigen tresteg-rekord (KS og U20) frå 12,66 til 12,81. Det skjedde under junior-NM på Brandbu.

Til sist: Henrik Irgens Gravdal betra også eigen rekord (MS og U20), då han sprang 600 meter på 1:22,22 på Osterøy midt i juli. Tidlegare hadde Henrik 1:23,03.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar