torsdag 3. mars 2016

Utøvarportrett: Hans-Magnus Haukøy

Først: Eg prøver å følgja med i Gneist-ungdommane sine prestasjonar så godt eg kan, og der har eg dei siste par åra sett den nedre grensa ved junior-/senioralder, som i praksis vil seia det året ungdommen fyller 15. (Det er alltid unntak; eg prøver også følgja opp alders-klubbrekordane frå og med 11 år, men så stoppar det der for dei under 15.)

Dagens portrett er av ein kar som ikkje fyller 15 før til sommaren, men som altså likevel kan kvalifisera seg til det meste frå og med i år. Han er tett på kravet til junior-NM på 1500 meter, til dømes - Hans-Magnus Haukøy. Dei første åra Hans-Magnus var aktiv, så sprang han ikkje så langt. Det var først då han tok til å bli mellomdistanseløpar som 13- og 14-åring at me fekk sjå kva som verkeleg budde i han. Og etter kvart kan han nok springa endå lengre - med kvalitet. Hans-Magnus har teke store steg framover på etter måten kort tid. Han har markert seg lokalt ei god stund - mellom anna i dei regionale leikane for 13- og 14-åringar, og sist helg fekk han sine to første nasjonale medaljar, i form av sølv på 800 meter og 1500 meter i inne-UM i Steinkjer.

Hans-Magnus spring så godt etter kvart at han er i nærleiken av å banka på døra til laget til Holmenkollstafetten, men dette året har den unge karen, som har sett ut som ein konfirmant ei stund alt, konfirmasjon i Søreide kirke nett på Holmenkoll-dagen. Spennande sesong blir det heilt sikkert likevel.



Persar

60 meter
9,50 (Fana, 2. juni 2012)
60 meter (i)
9,30 (Leikvang, 9. februar 2013)
200 meter
28,62 (Fana, 24. august 2014)
200 meter (i)
27,65 (Leikvang, 31. januar 2015)
600 meter
1:29,76 (Fana, 19. september 2015)
600 meter (i)
1:28,90 (Leikvang, 14. februar 2016)
800 meter
2:04,99 (Os, 13. september 2015)
800 meter (i)
2:05,80 (Steinkjer, 27. februar 2016)
1500 meter
4:18,45 (Fana, 30. september 2015)
1500 meter (i)
4:18,61 (Leikvang, 13. februar 2016)
2000 meter
6:06,20 (Haukås, 30. august 2015)
1 engelsk mil
4:51,79 (Fana, 23. august 2015)
Høgde
1,28 (Fana, 21. august 2012)
Høgde u.t.
1,20 (Ytrebygda, 13. mars 2015)
Lengde u.t.
2,01 (Ytrebygda, 22. februar 2013)


Medaljefangst i nasjonale meisterskap

UM
SØLV, 800 meter, inne-UM, 2016
SØLV, 1500 meter, inne-UM, 2016



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar