"Lever du'a, Røssland?"
Vel, vel, la oss no ikkje gå inn i nokon filosofisk diskusjon.
Rekord-statistikken for senior og U20 er no oppdatert, pr. 23. september 2016 (happy birthday, Bruce!).
Den fortel oss at Anne Skudal Dolvik har hatt ein eventyrleg sesong - og at Henrik Irgens Gravdal sletta U20-rekorden til Petter Kleppe på 3000 meter nøyaktig 36 år seinare...
No ja. Eit par forbetringar manglar, fordi resultata enno ikkje ligg føre offisielt - så det kjem. Det gjeld halvlangt løp og halvmaraton, mellom anna.
Så får me vel leva vidare.