torsdag 25. august 2011

Før UM - IV (siste)

Då har vel ungdommane pakka reiseveska si ferdig og er klare for tur til UM i Fredrikstad (Lisleby). Og vergudane har funne ut at dei berre skal servera ei moderat dårleg austlandshelg i staden for det uveret dei først truga med - men vått kan det fort bli for ein del utøvarar, kanskje særleg lørdagen.

Ole Martin Røssland (G16) plukka med seg sølv frå UM-debuten i Molde i fjor, då på 1500 meter hinder. Og det er siste øvinga første dag, i morgon fredag, han har størst sjansar på også i år. På den andre sida er det utvilsamt eit sterkare felt i Fredrikstad i år. Av dei i det 12 mann (-) sterke feltet som har sprunge hinder i år, har Ole Martin nest beste tida. Men her er fleire sterke utøvarar som ikkje har sprunge nett denne distansen, så om me rangerer litt meir skjønsamt er Ole Martin nr. 4-5 på førehand. Sagt på ein annan måte: ein eventuell medalje i år vil henga eit par hakk høgare enn i fjor. På 3000 meter er det heile 20 påmelde, her er Ole Martin rangert som nr. 9 på førehand, men - som Norna-Salhus sin trenar Arne Tømmernes sa det under Stordleikane nyleg: her er opp til 12 utøvarar som kan ta medalje.

Jørgen Jensen Axelsen (G18) kompletterer Gneist-troppen. Han er truleg yngste utøvaren i G18/19-klassen, men kjenner me Jørgen rett vil han ikkje stå med lua i handa når løpa går av den grunn. På 2000 meter hinder er det 15 utøvarar påmeldt. Jørgen fekk det ikkje heilt til å stemma på distansen under junior-NM først i august, men har faktisk 4. beste tida i år av dei som stiller - sprunge under Framolekene i juni. På 3000 meter sprang Jørgen eit fantastisk løp i Molde i fjor, då han tok bronse i G17. Her det 17 utøvarar med i klassen i år. Jørgen har 6. beste tida i feltet, men persen til Jørgen frå Molde ville ha vore 3. beste tida i år. Fleire av dei beste stiller ikkje, på den andre sida så er ikkje ukjende Thomas Solberg Eide frå Odda/Haugesund påmeldt distansen.

Aller sist: Gneist er involvert i to stafettar til slutt i UM, eit BFG-lag for jenter 15/16 og eit Gneist-lag for gutar 15/16 - begge deler er 1000 meter stafett. Av alle usikre ting før meisterskapet er både kven andre lag stiller med og kven våre låg stiller med det aller mest usikre... Me nøyer oss med å seia at det er påmeldt 13 lag i guteklassen og det same i jenteklassen og at jentene normalt vil ha dei beste sjansane her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar