På invitasjonen på terminlista på friidrett.no finst det ei nettadresse til Hovding. Det var jo ein naturleg stad å starta.
Kva finn me der? Jo, ei framside som er prega av fotball. Det er så, det er no vanleg og det får me leva med. I menyen til høgre er det muleg å bla seg fram til friidrettssidene.
Storarta... For kva er det som står her? Jo, dette:
Friidretten viser nye sider
Hovding har gått over til nye nettsider og friidrettsgruppa er med på lasset. Synest du det er tungvint å finne dei nye sidene våre?
Her er ei lenke direkte til friidrettsgruppa sine sider: http://bit.ly/hovding.
Så prøver me denne nye fine linken og tenker endeleg!
Og... kva er det som står her? Jo, dette:
Friidretten viser nye sider
Hovding har gått over til nye nettsider og friidrettsgruppa er med på lasset. Synest du det er tungvint å finne dei nye sidene våre?
Her er ei lenke direkte til friidrettsgruppa sine sider: http://bit.ly/hovding.
Runddansen er komplett.
Googlar me Hovding finn me eit par retteleg gamle sider her.
Men heldigvis finst det også ein blogg, etter same malen som denne. Denne blei "lagt ned" i desember i fjor, fordi det skulle koma så framifrå nye nettsider (sjå over), men har heldigvis gjenoppstått, så her finst endeleg all viktig info framfor Hovdingleikane 2011...!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar