tirsdag 22. mars 2016

Utøvarportrett: André Seliussen

Det har vore miljø for å springa i klubbar rundt Fana Stadion i fleire tiår. Og det er inga overdriving å påstå at det er tradisjon for å springa langt - så langt som råd er. Ein ung eksponent for denne tradisjonen er 1. års junior André Seliussen, som fyller 15 like over den kombinerte påske- og vinterferien.

André markerer seg gjennom heile året - i vinter i karusellar over 5 og 10 km. Og no er han ikkje berre "lovande" og spring "imponerande bra til å vera så ung" og så bortetter, no er han rett og slett innimellom best - av alle. André var elles 14 år og 1 veke gammal då han debuterte på 10 000 meter på bane i fjor vår, på svært anstendig vis.


 


Persar

60 meter
9,82 (Strandebarm, 6. juli 2013)
60 meter (i)
10,33 (Leikvang, 11. februar 2012)
200 meter
30,35 (Fana, 11. mai 2014)
200 meter (i)
29,48 (Leikvang, 31. januar 2015)
400 meter (i)
65,24 (Leikvang, 19. januar 2014)
600 meter
1:37,59 (Nadderud, 12. juni 2015)
600 meter (i)
1:36,02 (Leikvang, 14. februar 2016)
800 meter
2:22,87 (Fana, 30. mai 2014)
800 meter (i)
2:16,12 (Steinkjer, 27. februar 2016)
1000 meter
3:08,83 (Fana, 18. september 2013)
1500 meter
4:33,37 (Fana, 5. juni 2015)
1500 meter (i)     
4:27,86 (Leikvang, 13. februar 2016)
1 engelsk mil
4:53,31 (Fana, 23. august 2015)
2000 meter
6:11,85 (Haukås, 30. august 2015)
3000 meter
9:46,98 (Fana, 22. juli 2015)
3000 meter (i)
9:41,28 (Leikvang, 25. januar 2015)
5000 meter
16:31,14 (Fana, 19. september 2015)
10 000 meter
37:15,70 (Fana, 12. april 2015)


torsdag 10. mars 2016

Utøvarportrett: Håvard Rinde

Treningsleirar og påskeferie (og "påskevinterferie") står for døra. Det blir rolegare tider, også for bloggaren - som går motstraums og dreg til fjells no når våren er på veg for fullt her i låglandet. Ekstra motstraums blir det at fjellet lokkar før påske. No ja, til så lenge: her er eit utøvarportrett - eller konfirmantportrett, om ein vil - til. Denne gongen av Håvard Rinde (15). Søskena Rinde har vore viktig del av Gneist-friidretten i mange år alt. Sondre er ein av nestorane mellom juniorane, yngstemann Vegard blei fødd med piggsko på beina og midterste, Håvard, har markert seg i ei rekkje øvingar i fleire sesongar. Som del av ein råsterk 2001-årgang er det lett å koma i skuggen, men Håvard har gått sine eigne vegar og mellom anna markert seg sterkt i ei øving der Pål, Andreas, Hans-Magnus og André ikkje har så mykje å stilla opp i, nemleg spyd. Kretsaldersrekord og sigrar i sjøvaste Världsungdomsspelen i Göteborg i øvinga kjem høgt opp på lista. Spyd finst ikkje på pers-lista nedanfor, sidan den omfattar junior- og seniorøvingar, men det er no berre eit tidsspørsmål før Håvard markerer seg også der.





 Persar (i junior-/seniorøvingar)

60 meter
8,43 (Fana, 9. mai 2014)
60 meter (i)
7,97 (Leikvang, 24. januar 2016)
100 meter
13,67 (Haukås, 20. september 2014)
200 meter
26,35 (Strandebarm, 21. juni 2015)
200 meter (i)
27,53 (Stange, 23. mars 2014)
300 meter
41,78 (Gøteborg, 5. juli 2015)
400 meter
58,66 (Arna, 22. september 2015)
400 meter (i)
56,11 (Leikvang, 24. januar 2016)
600 meter
1:37,60 (Fana, 30. august 2014)
600 meter (i)
1:41,81 (Stange, 22. mars 2014)
200 meter hekk
28,93 (Nadderud, 13. juni 2015)
Høgde
1,55 (Strandebarm, 21. juni 2015)
Høgde (i)
1,30 (Leikvang, 18. januar 2013)
Høgde u.t.
1,00 (Ytrebygda, 22. februar 2013)
Lengde
4,79 (Strandebarm, 21. juni 2015)
Lengde (i)
4,43 (Leikvang, 8. januar 2015)
Lengde u.t.
2,07 (Ytrebygda, 22. februar 2013)
Tresteg
10,83 (Nadderud, 14. juni 2015)
Tresteg u.t.
5,52 (Høiehallen, 21. januar 2012)


onsdag 9. mars 2016

Den årvisse hoppfesten

Ingen fartsfest, berre hoppfest: Sjølv om det sikkert er aldri så festleg, så går gjerne det tradisjonsrike hoppstemnet på Ytrebygda skole litt under radaren. Dette året blei det arrangert fredag 4. mars. Og det fekk, som vanleg, ei røys persar med seg. Det har naturlegvis å gjera med at det er mange flinke utøvarar i satsingsklubben Gneist, men først og fremst har det nok å gjera med at det er sjeldan utøvarane hoppar, i alle fall utan fart.



Klubbrekordane i lengde og høgde utan fart er likevel gode, så det blei kryss i taket då me fekk ein heilt ny ein sist fredag, nemleg Marie Myrmel, som sette ny rekord i høgde utan tilløp i J11, med 1,05. Den gamle hadde Maren Haugen Lillefosse (1,02), frå 2009.

Her er lista over nye persar, for 15 år og eldre (med unntak for dei sporty veteranane som stilte):

(I parentes gamle persar, for dei som hadde slike)

Høgde utan fart

* Gjert Høie Sjursen 1,35 (1,26)

* Hans-Magnus Haukøy 1,35 (1,20)

* Henrik Irgens Gravdal 1,30

* Kristoffer Blücher 1,15

* Torbjørn Knag 1,15 (1,00)

* Thomas Blücher 1,10


Lengde utan fart

* Kristoffer Blücher 2,90 (2,78)

* Jakob Jamt Ånonli 2,88 (2,76)

* Gjert Høie Sjursen 2,68 (2,50)

* Henrik Irgens Gravdal 2,59

* Torbjørn Knag 2,48 (2,32)

* Anna Evensen 2,30 (2,01)

* Hans-Magnus Haukøy 2,25 (2,01)

* Thomas Blücher 2,23 (1,68)

tirsdag 8. mars 2016

Utøvarportrett: Pål Haugen Lillefosse

Er de som meg, vyrde lesarar, så har de inntrykk av at Pål Haugen Lillefosse er ein godt vaksen mann alt, at han har drive på med friidrett i årevis og at han har prestert på høgt nivå like lenge. Sanninga er ein stad i mellom: Pål er for all del ein høfleg og "vaksen" kar, første helga i mai er han til og med konfirmant. Han har drive med friidrett i ein god del år og han har prestert på høgt nivå, ja høgare og høgare nivå. Men Pål er framleis berre 14 år, sjølv om han no, endeleg, er inne i sin første juniorsesong og dermed kan vera med på alle nasjonale meisterskap. Det starta solid, med 3 gull og 3 sølv i inne-UM. Sist helg debuterte han i NM, då han blei nr. 4 i inne-NM i Bærum i stavsprang, med tangering av innepers på 4,80.



Og nettopp i stavsprang er det jo naturlegvis at Pål har fått dei største overskriftene, med nasjonale og internasjonale rekordar (europa- og verdensrekordar) aldersbestemt i fleire år. No er det 5-meteren det blir jakta på av Pål og trenar Paavo. Men me skal naturlegvis ikkje gløyma at Pål også har sett ei rekkje norske aldersrekordar også i andre øvingar, i sprint, korthekk og lengde. Me har rett og slett å gjera med eit multi-talent her. Det gjer jo heller ikkje noko at Pål er på nikk og hels med Friske Viljer-gjengen, når stavhopparane kjem midt i treninga vår lørdagar.


Persar (i junior-/seniorøvingar)

60 meter
7,36 (Nadderud, 13. juni 2015)
60 meter (i)
7,13 (Bærum, 6. februar 2016)
100 meter
11,47 (Bislett, 9. august 2015)
200 meter
22,80 (Helsingborg, 12. juli 2015)
200 meter (i)
22,66 (Steinkjer, 28. februar 2016)
300 meter
36,57 (Fana, 23. september 2015)
600 meter
1.51,69 (Haugesund, 27. mai 2012)
600 meter (i)
1:52, 80 (Leikvang, 8. januar 2012)
Høgde
1,70 (Lonevåg, 6. september 2015)
Høgde (i)
1,65 (Bærum, 14. februar 2015)
Høgde u.t.
1,30 (Arna, 2. februar 2015)
Stav
4,83 (Turenki, FIN, 1. juli 2015)
Stav (i)
4,80 (Pajulahti, FIN, 10. januar 2016)
Lengde
6,50 (Gøteborg, 3. juli 2015)
Lengde (i)
6,35 (Leikvang, 14. februar 2016)
Lengde u.t.
2,51 (Arna, 2. februar 2015)
Tresteg (i)
11,47 (Leikvanag, 24. januar 2015)
Tresteg ut.
8,31 (Leikvang, 28. november 2015)

Medaljar i nasjonale meisterskap

UM
GULL, stav, inne-UM, 2016
GULL, lengde, inne-UM, 2016
GULL, 4 x 200 meter, inne-UM, 2016
SØLV, 60 meter hekk, inne-UM, 2016
SØLV, 60 meter, inne-UM, 2016
SØLV, 200 meter, inne-UM, 2016


torsdag 3. mars 2016

Utøvarportrett: Hans-Magnus Haukøy

Først: Eg prøver å følgja med i Gneist-ungdommane sine prestasjonar så godt eg kan, og der har eg dei siste par åra sett den nedre grensa ved junior-/senioralder, som i praksis vil seia det året ungdommen fyller 15. (Det er alltid unntak; eg prøver også følgja opp alders-klubbrekordane frå og med 11 år, men så stoppar det der for dei under 15.)

Dagens portrett er av ein kar som ikkje fyller 15 før til sommaren, men som altså likevel kan kvalifisera seg til det meste frå og med i år. Han er tett på kravet til junior-NM på 1500 meter, til dømes - Hans-Magnus Haukøy. Dei første åra Hans-Magnus var aktiv, så sprang han ikkje så langt. Det var først då han tok til å bli mellomdistanseløpar som 13- og 14-åring at me fekk sjå kva som verkeleg budde i han. Og etter kvart kan han nok springa endå lengre - med kvalitet. Hans-Magnus har teke store steg framover på etter måten kort tid. Han har markert seg lokalt ei god stund - mellom anna i dei regionale leikane for 13- og 14-åringar, og sist helg fekk han sine to første nasjonale medaljar, i form av sølv på 800 meter og 1500 meter i inne-UM i Steinkjer.

Hans-Magnus spring så godt etter kvart at han er i nærleiken av å banka på døra til laget til Holmenkollstafetten, men dette året har den unge karen, som har sett ut som ein konfirmant ei stund alt, konfirmasjon i Søreide kirke nett på Holmenkoll-dagen. Spennande sesong blir det heilt sikkert likevel.



Persar

60 meter
9,50 (Fana, 2. juni 2012)
60 meter (i)
9,30 (Leikvang, 9. februar 2013)
200 meter
28,62 (Fana, 24. august 2014)
200 meter (i)
27,65 (Leikvang, 31. januar 2015)
600 meter
1:29,76 (Fana, 19. september 2015)
600 meter (i)
1:28,90 (Leikvang, 14. februar 2016)
800 meter
2:04,99 (Os, 13. september 2015)
800 meter (i)
2:05,80 (Steinkjer, 27. februar 2016)
1500 meter
4:18,45 (Fana, 30. september 2015)
1500 meter (i)
4:18,61 (Leikvang, 13. februar 2016)
2000 meter
6:06,20 (Haukås, 30. august 2015)
1 engelsk mil
4:51,79 (Fana, 23. august 2015)
Høgde
1,28 (Fana, 21. august 2012)
Høgde u.t.
1,20 (Ytrebygda, 13. mars 2015)
Lengde u.t.
2,01 (Ytrebygda, 22. februar 2013)


Medaljefangst i nasjonale meisterskap

UM
SØLV, 800 meter, inne-UM, 2016
SØLV, 1500 meter, inne-UM, 2016



tirsdag 1. mars 2016

Utøvarportrett: Andreas Haara Bakketun

Han har kome som ein komet i norsk friidrett, Andreas Haara Bakketun - og heldigvis har han kome i ei Gneist-drakt. (Eg skulle til å skriva i "den blå" Gneist-drakta, men den er visst også kvit.) Seinast i inne-UM i helga markerte Andreas seg sterkt, med sigrar - om enn knepne! - og med meisterskapsrekordar.



Den ferske 15-åringen har sett norske aldersrekordar, kretsaldersrekordar og altså no nasjonale meisterskapsrekordar. Andreas har bak seg eitt - 1 - norsk meisterskap så langt, etter inne-UM i Steinkjer. Og han har 4 gull. Det er ein brukbar start. Medaljar er éin ting, men nivået på prestasjonane til Andreas er imponerande og i høgste grad lovande. No er det mange "kongar" i friidretten i Gneist, med tanke på kvalitetsutøvarar, men det er no lett å spela på at Andreas har fødselsdag felles med han kongen ved starten av Drammensveien i Oslo.

Me gler oss til framhaldet.


 Persar

60 meter
7,31 (Lillehammer, 20. juni 2015)
60 meter (i)
7,19 (Leikvang, 13. februar 2016)
100 meter
11,53 (Lillehammer, 21. juni 2015)
150 meter
17,56 (Leikvang, 27. desember 2015)
200 meter
23,57 (Fana, 29. mai 2015)
200 meter (i)
22,65 (Steinkjer, 28. februar 2016)
300 meter
37,96 (Gøteborg, 5. juli 2015)
300 meter (i)
41,55 (Leikvang, 9. februar 2015)
200m hekk
27,02 (Fana, 6. juni 2015)
Høgde
1,60 (Byrkjelo, 27. juni 2015)
Høgde u.t.
1,35 (Laksevåg, 16. januar 2016)
Lengde
5,92 (Gøteborg, 3. juli 2015)
Lengde (i)
5,85 (Leikvang, 14. februar 2016)
Lengde u.t.
2,65 (Laksevåg, 16. januar 2016)

** Oversikten omfattar persar i junior-/seniorøvingar.


Medaljefangst i nasjonale meisterskap

UM
GULL, 60 meter hekk, inne-UM, 2016
GULL, 60 meter, inne-UM, 2016
GULL, 200 meter, inne-UM, 2016
GULL, 4 x 200 meter, inne-UM, 2016