onsdag 29. april 2015

Utøvarportrett: Maria Josefine Berg

"Gneist Friidrett Elite" heiter det no. Det kan bety så mangt. Heldigvis er omgrepet i praksis inkluderande. I eliten finst dei som både bidrar tungt til miljøet i eiga aldersgruppe og som bidrar til dei yngres idrettsglede. Ei av desse bidragsytarane er Maria Josefine Berg (16 1/2).



Maria er ei av medlemmene i den gylne 1998-årgangen. Som ein vil sjå, så er dei fleste persane til Maria eit par år gamle, men i Maria er ein så heldig å ha ei som er uthaldande i miljøet og i idretten, trass i tilbakeslag av ymse typar.


I tillegg til eiga trening og utvikling, så har Maria bidrege tungt og godt i trenargjerning. Sjølv fekk eg gleda over å samarbeida med henne under idrettsleikane på Fana Stadion i fjor sommar.


Persar

60 meter
9,43 (Fana, 2. juni 2012)
200 meter
31,77 (Haugesund, 27. mai 2012)
600 meter
1:57,23 (Fana, 3. juni 2012)
800 meter
2:46,73 (Fana, 15. september 2012)
800 meter (i)
2:57,58 (Steinkjer, 9. mars 2013)
1500 meter
5:39,21 (Fana, 4. juni 2011)
Lengde
4,03 (Fana, 1. juni 2014)
Lengde u.t.
1,83 (Ytrebygda, 25. februar 2011)
Tresteg
8,16 (Fana, 29. april 2012)
Diskos
13,90 (Fana, 30. september 2014)

tirsdag 28. april 2015

Ask-stafetten

Det finst mange kjekke institusjonar i idretten. Ein av dei er Ask-stafetten - på Ask - på Askøy.



Dette er tradisjon - og det er tradisjon 1. mai. Som ein veit, så er 1. mai ein dato då ein kan oppleva heile registeret av ver, gjerne i løpet av svært kort tid. Sjølv har eg vore på Ask 1. mai både i striregn og i flott sol - og også midt-i-mellom, gjerne bra med sol, men med isande kald vind.

For dei som skal springa, så er dette mindre viktig, naturlegvis.

Ask-stafetten blir i år skipa til for 63. gong. Som i så mykje anna dette året; det er svært lenge sidan Gneist stilte junior- og seniorlag. Det gjer klubben i år.

I kvinner junior er det 8 lag på startstrek, mellom dei både Gneist, Gular, Norna-Salhus og Haugesund. Kvinner junior går over 4 etappar - og løyperekorden er det Gular som har (frå 2011). BFG Fana vann sist denne stafetten i 2008.

I kvinnene sin seniorklasse finst det to stafett-variantar; ein over 4 etappar og ein over 6 etappar:

KS-4 etappar: Her finst 7 lag påmelde. Også her er Haugesund, Gneist og Gular mellom dei som verkar sterkast på førehand. Løyperekorden blei sett i fjor, av eit BFG Bergen-lag der alle i år er Gneist-utøvarar. BFG-sigeren i 2014 var den sjette på dei siste sju åra.

* KS-6 etappar: I kvinneklassen er det tradisjon, i alle fall i nyare tid, at dei fleste laga samlar seg om 4 etappar-varianten. i 6 etappar-varianten er det 3 lag påmeldt; Gneist, Gular og Varegg. Her finn ein den eldste løyperekorden, sett av Skjalg tilbake i det revolusjonerande året, 1989.

I menn junior er det 4 påmelde lag: Gneist, Fri, Norna-Salhus og Ask. Gular er altså ikkje med denne gongen, men har løyperekorden tilbake frå 2009. Menn junior, går som seniorklassane for menn, over 6 etappar.

BFG har dei siste åra stort sett stilt lag i B-klassen for menn senior. I denne klassen er det i år 3 påmelde lag; Gular, Gneist og Varegg. Gular har løyperekorden i klasse B, frå 2005.

A-klassen  er det 7 påmelde lag, og også her er Gneist påmeldt, saman med Haugesund, Norna-Salhus, to Gular-lag, Varegg og Osterøy. Løyperekorden i mennene sin klasse A blei sett i 1997, av Oslo-laget Tjalve.

Og veret på Ask fredag? Brukande, absolutt brukande, men kanskje med nokre dråpar og sikkert ikkje vidare varmt - for publikum.






lørdag 25. april 2015

Heltar

Eg er ikkje skråsikker, men eg trur det var i 2003 at eg blei involvert i Idrettslaget Gneist første gongen, som hjelpetrenar og ein slags oppmann for sjølvaste Gneist Skorpion i G8 (ja da, ein av mange Skorpion-årgangar i Gneist). Fotball, må vita.

Dette betyr ikkje at eg er nokon nasegrus beundrar av alt som går føre seg i Gneist. Når eg er på Jenter 11-kamp i fotball, så er det Søreide IL det handlar om, også når dei møter Gneist. Og ja, sist helg var eg skuffa over at min gamle midtstopparmakker, no trenar i Trio, Kjell Magnar, ikkje klarte å ta alle poenga i møtet med Gneist i 4. divisjon.

I friidretten er det naturlegvis mykje Gneist, men ikkje berre! Eg heiar på mange utøvarar - i ei rekkje klubbar: mange av dei finst i andre klubbar i Bergen, men dei finst også i vene Sunnhordland, i nabofylke, på Austlandet, Trøndelag - og vel så det.

Ja, eg heiar til og med på fleire av trenarane. Det er mange heltar mellom utøvarane (og trenarane), uavhengig av klubbar.


Ein stad på Gneist sine nettsider - nærmare bestemt her - finst det ein litt bortgøymt musikkvideo. Lydsporet på den er "Heia Gneist", med ein kar kjent frå mange stader, Tommy Sulen, som hovudsongar. Men på videoen er fleire av mine heltar - eg ser Kaj, Martine, Erik, Henrik, Adrian... - og heilt på slutten sjølvaste Heine.

Kjekk film!





torsdag 23. april 2015

Jostein Lie

Første gongen eg blei kjent med Jostein Lie var sesongen 2008. Våre søner sprang saman på 1500 meter under Tyrvingleikane, men alt under Stordleikane i august same året tok dåverande styremedlem i Gneist Friidrett, Jostein, kontakt og lurte på om eg ville vera med i Gneist-styret. Eg takka ja.

Etter det har eg site i friidrettsstyre saman med Jostein i nesten sju år samanhengande - først i Gneist og deretter i BFG. Dei fleste åra har Jostein fungert som leiar (eller nestleiar). 

Jostein er - som biletet frå Bedriftskarusellen viser - målretta og engasjert.


Han gir alt - svært ofte. Og han gir det for utøvarane og for ungdommane. Gjennom sju år har han site i uriaspostar, der utakk er løna, svært lite anna. Men han har, trass i dette, teke på seg tunge verv og tungt ansvar, han er blitt kretsdommar og mykje brukt tidtakar. 

Ole, som har vore leiar i BFG med Jostein som nestleiar - og omvendt - sa ein gong at klubben i Jostein Lie hadde ein av landets fremste idrettsleiarar. Der trefte Ole spikeren hundre prosent.

Onsdag kveld takka Jostein av som leiar av BFG Bergen Friidrettsklubb - etter eit turbulent siste år. 

Men årsmøtet presterte å unngå å honorera styreleiaren for lange kveldar, eit utal møte, oppdaterte heimesider, økonomisk kontroll, organisatorisk orden, godt klubbsamarbeid, kommunikasjon med eit utal interessantar, nøgde og glade utøvarar, gode idrettsprestasjonar, eit utal vellykka arrangement.

Det var ein "prestasjon" ein bør skjemmast over.

Det har vore ei sann glede å vera på laget ditt, Jostein, inkludert tøffe samløp i bedriftskarusell og på bane (sjølv om du stort sett har sprunge frå meg, til sist).

Tusen takk for strålande innsats!



onsdag 22. april 2015

Utøvarportrett: Linn Seliussen


Det er for så vidt ikkje tilfeldig at Linn Seliussen (J17) blir mini-portrettert på denne tida, tre dagar før Sentrumsløpet i Oslo.




Det er under mil-løpet der at Linn har prestert aller best. Denne gongen kan ein skade setja stoppar for deltakinga til Linn, men dei fire siste åra har ho hatt strålande prestasjonar i Oslo-gatene:

* I 2011 vann Linn 12-16 årsklassen med eit kanonløp på 41.58. Ho var då 12 1/2 år gammal.
* I 2012 blei det 3. plass i same klasse. Tida blei 41.42.
* I 2013 tok Linn sin andre siger i Sentrumsløpet, over 10 km. Klassen heitte no 14-15 år og Linn sprang på 41.02 - 1 minutt og 21 sekund framfor nr. 2.
* I 2014 heitte klassen 16-17 år og Linn tok då ein 4. plass, med 43.49 i slutt-tid.

Linn likar å springa på veg. Så seint som i oktober i fjor sprang ho ein høgst askseptabel halvmaraton - på 1.36.20. Ho har også to medaljar frå UM i terrengløp.


Persar

600 meter
1:50,39 (Fana, 9. juni 2012)
600 meter (i)
1:52,10 (Haukås, 10. februar 2013)
800 meter
2:32,60 (Fana, 30. mai 2014)
1000 meter
3:19,29 (Fana, 28. september 2011)
1500 meter
5:13,04 (Arna, 3. juli 2013)
1500 meter (i)
5:12,04 (Steinkjer, 10. mars 2013)
2000 meter
7:11,98 (Nadderud, 14. juni 2013)
2000 meter (i)
7:29,02 (Haukås, 18. januar 2013)
3000 meter
11:08,99 (Fana, 1. juni 2014)
Halvmaraton
1.36.20 (Fana, 4. oktober 2014)


Medaljefangst i nasjonale mesterskap

UM
SØLV, 4 km terrengløp, UM, 2013
BRONSE, 2 km terrengløp, UM, 2014
BRONSE, 1500m, inne-UM, 2013

mandag 20. april 2015

NM i terrengstafett: Keisaren har fått seg kler!

I friidrettsmiljøet, som i mange andre miljø, naturlegvis, er det mange som går rundt og surmular - titt og ofte. Nokre surmular såpass ofte at dei burde ha putta "Surmular" inn som eit mellomnamn, men det kjem dei ikkje på, midt oppe i alle surmulinga.

Eine sorten surmularar er slike som berre gjer det - surmular, altså. Dei gjer aldri noko med det, fordi det så godt som alltid viser seg at det ikkje er noko grunnlag for å gjera noko med det. Ja da, visst er ikkje (friidretts-)verda perfekt, men det inneber ikkje at det er realistisk grunnlag for å fiksa på den. Friidrett er ein typisk dugnadsbasert aktivitet - og då finst det pr. definisjon ei rekkje avgrensingar i jakta på det perfekte.

Men så, så finst det ein sort surmularar, som er misnøgde over ting som det er muleg å gjera noko med - men så er ein for lat til å gjera noko med det.

Denne bloggen er på skuldig-lista av den siste sorten. Til dømes har det vore aktuelt for temaet stafetten i NM i terrengløp, kort løype. Seinast etter meisterskapet på Stord i april i 2014 kom det ei surmuling i dette innlegget.

Det kom etter ein krets-stafett, der ein gjeng handball-spelarar frå Fitjar fekk med seg NM-bronse i kvinner, senior. Fitjar-gjengen representerte Hordaland i stafetten - og her var naturleg nok ikkje fleire lag med enn at alle fekk medaljar.

Innlegget på bloggen føreslo altså terrengstafett ala Varegg. Dei som følgjer med veit at det søndag blei arrangert NM i terrengstafett på Ås, nettopp "ala Varegg" - etter vedtak på forbundstinget i mars og så blei det rask effektuering, alt til NM i april.



Det er altså no også klubbstafett og det var NAMDAL LØPEKLUBB som blei første vinnar i kvinneklassen. 8 lag stilte til start, ein auke frå fjorårets 3. Ren-Eng tok sølvet og Ullensaker/Kisa bronsen.

I herreklassen var det STEINKJER FRIIDRETTSKLUBB som vann, framfor Gular sitt 1. lag og Stavanger Friidrettsklubb. Her var også Gneist med på den historiske moroa. Espen Roll Karlsen og Henrik Irgens Gravdal sprang 1. laget inn til 9. plass, medan Jens Larsen Åstveit og Halldor Espe tok 15. plassen med 2. laget. 19 lag fullførte (eitt lag blei diska, i tillegg.)

For menn var lag-auken formidabel, frå tre lag (to av dei frå arrangørfylket Hordaland) i 2014 til 19-21 (19 fullførte, 20 var med og 21 var påmeldt) i 2015. Fantastisk.

Og kven har så æra? Jo, det har Haugesund. Haugesund stoppa ikkje med surmulinga, men gjorde noko med det. Så enkelt, så bra. Haugesund reiste forslaget på forbundstinget og har hausta masse - og velfortent - ros for det, no etter at arrangementet er halde.

Det skal vanka ekstra applaus, til dømes under NM til sommaren.

lørdag 18. april 2015

Terreng-gull til Henrik

Henrik Irgens Gravdal vann UM i terrengløp på Ås lørdag. Henrik vann i G17-klassen, og han var solide åtte sekund framfor nr. 2. Gullet til Henrik var ikkje av det overraskande slaget, basert på startlista og Henrik sin vinterform, men den var naturlegvis likevel gledeleg. Dermed er Henrik tilbake der han starta, då han vann tilsvarande meisterskap som 15-åring. Og totalt var dette Henrik sitt 9. UM-gull (inne og ute).


Det var tre andre deltakarar frå Gneist under det individuelle meisterskapet lørdag:

* Jens Larsen Åstveit blei nr. 11 i menn junior-klassen (her var 28 som fullførte løpet).

* Halldor Espe meisterskapsdebuterte med 21. plass i same klassen.

* Espen Roll Karlsen fekk også seg ein 21. plass, men det i menn senior. Her var det så mange som 54 som fullførte.

* Ingrid Næss Johansen blei nr. 18 i kvinner juniior, der namnesøster Ingrid Halvorsen Folvik frå Gular gjekk heilt til topps.


torsdag 16. april 2015

Utøvarportrett: Jakob Jamt Ånonli

Etter eit par sesongar borte frå friidrettens resultatlister dukka Jakob Jamt Ånonli opp igjen i 2014, og Jakob har kome som ein aldri så liten komet, med stadig sterkare resultat i sprint og hopp. Under inne-UM i Ulsteinvik i mars plukka han også med seg sine første nasjonale meisterskapsmedaljar, med deltaking på sølv-laget på 4 x 200 meter stafett og med ein sterk bronse i lengde. Jakob er i G16 i år, men fyller ikkje 16 år før mot slutten av året.



Persar
  
60 meter
7,94 (Fana, 9. juli 2014)
60 meter (i)
7,61  (Haukås, 31. januar 2015)
100 meter
12,72 (Strandebarm, 5. juli 2014)
200 meter
25,51 (Strandebarm, 6. juli 2014)
200 meter (i)
24,33 (Haukås, 31. januar 2015)
400 meter
58,13 (Fana, 31. august 2014)
600 meter
1:43,46 (Leirvik, 15. august 2014)
Høgde u.t.
1,15 (Ytrebygda, 13. mars 2015)
Lengde
5,33 (Haukås, 20. september 2014)
Lengde (i)
5,92 (Ulstenvik, 7. mars 2015)
Lengde u.t.
2,76 (Ytrebygda, 13. mars 2015)

Nasjonale meisterskapsmedaljar

UM
SØLV, 4x200 meter, inne-UM, 2015
BRONSE, lengde, inne-UM, 2015


onsdag 15. april 2015

Heilt nye Fristafetten

Den heilt splitter nye Fristafetten gjekk av stabelen i Indre Arna tirsdagskvelden. Den er altså flytta frå Espeland til Indre Arna, men populariteten er like stor - heldigvis - med godt over 130 lag på startstrek, til saman.

Trenar Bjarte meinte på førehand Gneist skulle farga Arnadalen blå. Om den ikkje blei heilt blå, så blei det solide blåfargar igjen i dalen:


Dette er kvinnelaget til Gneist, som var eitt av tre lag som gjekk heilt til topps - og dermed naturleg nok sette løyperekord. Dei gamle rekordane har no berre historisk verdi.

Og det er mellom dei eldste - juniorane og seniorane - det ser aller mest lovande ut. For Fristafetten er mykje, mellom anna eit brukande barometer for kva for klubbar som stiller sterkast framfor ein ny sesong.

Men la oss ta det i tur og orden:

I jenter 11-14  blei 1. laget til Gneist nr. 4, bakom framoverstormande Fana - og deretter Ask og arrangørklubben Fri. Det er ikkje stor avstand opp, men likevel: Ein må mange år tilbake for å finna eit år der Gneist J11-14 ikkje var topp 3. I fjor var laget på 2. plass. Før det var det heile 5 sigrar.

I gutar 11-14 blei det 2. plass, på grei avstand både til vinnarane frå Ask Friidrett og til Fana på 3. plass. Dei yngste gutane stadfestar at dei høyrer heime høgt oppe, men det må også her forteljast at dette var første året sidan 2008 at dei yngste gutane ikkje vann Fristafetten. Det har altså vore 6 sigrar før gårsdagens 2. plass.

I Mix 11-17 stilte ikkje Gneist lag dette året - etter 4 sigrar dei siste åra.

I Mix 11-14 ser det annleis ut: Her vann Gneist for 8. året på rad!

Så til dei eldste klassane. Her har det vore BFG (Fana/Bergen) som har vore vårt lokale lag tidlegare,

I kvinner junior blei det 3. plass til Gneist-laget. I fjor stilte ikkje BFG lag i klassen, men det har variert frå 2. til 4. plass i åra 2010-2013. Sist siger i juniorklassen for kvinner kom i 2009.

I kvinner senior stilte Gneist med eit svært sterkt lag (biletet øvst), som då også vann greitt, 13 sekund framfor Gular sitt 1. lag. Sist BFG vann Fristafetten for senior-kvinner var i 2008.

Også for menn junior blei det siger, med eit sterkt lag. Juniorane hadde blitt nr. 2 i seniorklassen, berre bak Norna-Salhus - laget med svært få utøvarar frå Salhus og omland. Heller ikkje junior-herrane frå BFG var vane med sigrar i Fristafetten, sjølv om det blei ein i 2013. I fjor blei det 2. plass.

I menn senior har BFG-herrane vore med i "B-klassen" tidlegare, med varierande resultat. I år blei seniorlaget nr. 4, ikkje langt bak 2. og 3. plassen.


mandag 13. april 2015

Før NM i terrengløp




Ås arrangerer NM i terrengløp igjen komande helg. Denne gongen er det kort løype-utgåva. (Nei da, det skal ikkje vera enkelt å setja seg inn i friidretten, friidrettens terminliste og det som måtte finnast eller ikkje finnast av logikk der). Sist var det i den haustlege langløype-varianten, i 2012.

Laurdag er det vanleg individuelt meisterskap, med aldersbestemte meisterskap («UM») 15-17 år og NM for juniorar, seniorar og veteranar. Søndag skal ein så forsøka seg på nyvinninga med «terrengstafett» - 3 x 1000 meter - for to løparar på klubb-lag.

Det blir jo spennande. Uansett er deltakinga i årets kort-NM mykje betre enn under fjorårsvarianten på Stord, sjølv om arrangement og løype på Stord var framifrå.

Det er altternativt påmeldingssystem til dette meisterskapet og eg er ikkje brennsikker på om eg har samla oversikt over alle påmeldte, men den oversikten eg har fortel at det ikkje er overvettes mange frå Gneist. Vel, det er ikkje ein gong overvettes mange frå Hordaland heller.

For kvinner er det Ingrid Næss Johansen (kvinner junior) som er einaste Gneist-representanten, medan det er fire gutar/menn med - og dermed er det muleg for to klubblag i stafetten søndag. Dei fire er:


- Henrik Irgens Gravdal (G17)
- Halldor Espe (menn junior)
- Jens Larsen Åstveit (menn junior)
- Espen Roll Karlsen (menn senior)

søndag 12. april 2015

Stor idrett

Dette er Andreas Iden:



Rettnok er det eit nokre år gammalt bilete og rettnok er det inne, men det er i alle fall Andreas. Søndag kveld sprang han 10.000 meter på Fana Stadion på 31:44,10. Det er 15 sekund - godt og vel - under kravet til hovud-NM. Me kan trygt slå fast at Iden er tilbake, frå der han har vore (sjølv om han framleis held til i Oslo ein god månad til). Han er er rett og slett tilbake. Andreas har elles éin 10.000 meter frå tidlegare. Det er så godt som tre år sidan sist - og dette var 1 minutt og 40 sekund raskare. Det skulle bety nesten 29 neste gong, det...

Bruce syng naturlegvis i aften: The fireworks are hailing over little Iden tonight...

No er det dei som lurer på kvifor Bruce har laga ein song til Iden - og til det må eg seia at det nok neppe er til Andreas, trass alt. Songen strofa er frå blei laga i 1973, så det er sannsynlegvis Jon, som var i starten av tenåra den gongen, songen var skriven til. Det må i så fall ha vore idenske ungdomsår som gav gjenklang i den store verda.

Så det er sagt. Men i kveld er det også fyrverkeri for Stian Norheim, som med ti sekunds pers på 5000 meter (passering undervegs på ein, etter kvart, svært bedageleg 10.000 for Stian), til 16:24,65, er kvalifisert til junior-NM i Byrkjelo.

Morten Seliussen - ein av dei stadig unge lovande - sprang ein strålande 10.000, han også. 43-åringen kom i mål på 35:53,79. I mål kom i høg grad også Seliussen junior - André, som spring i G14, og som blei første 14-åring i Gneist som fekk seg notert tid på både 5000 (17:48,70) og 10000 (37:15,70).

Til sist tar me med Vegard Albrigtsen, som eg ikkje har notert lengre løp på enn 2000 tidlegare. Denne etter måten kalde kvelden blei det tre debutar i same løpet for Vegard: 10:00,27 på 3000 og 17:00,65 på 5000 er "innanfor" (sjølv om tidene i og for seg er på feil side av dei respektive minuttgrensene), medan det blei joggetur med Stian på resten av 10.000 - og ei tid der som er offisiell pers, men heller ikkje noko meir...

Eg skal ikkje nemna namn, men han trenaren som heiter Johnny meinte det var i tidlegaste og kaldaste laget å springa offisielt løp, dette. Men no må ein tenka på oss som likar skikkelege uteresultat, etter lang tids venting. Og for ein som synest at 50 kilometer på ski og 10.000 meter i springing (og på skøyter) er det kjekkaste som finst, så var dette ein kjekk kveld. Og stor idrett.

Og no må Bruce laga ein ny song, før NM i Haugesund.

lørdag 11. april 2015

Utøvarportrett: Andreas Jensen

Nedanfor finn me ei yngre utgåve av dagens portrett-objekt, Andreas Jensen. Andreas fyller 17 på seinsommaren og er ingen fersking, sjølv om han er det i Gneist-drakta. Andreas kom frå Kalandseid i vinter. Andreas har ikkje vore så ivrig meisterskapsdeltakar så langt, men han fekk med seg ein habil 2000 meter, som 15-åring, under UM på Lillehammer i 2013.



Elles er Andreas først og fremst langdistanse-løpar og har brukbart  med 3000 meter-løp bak seg. Utandørs har han nærma seg meir og meir 9-talet - og no, innomhus i vinter, blei det 9:57,00.

Persar - oppdatert med dagens flotte halvmaraton!

200 meter
31,09 (Fana, 3. juni 2011)
600 meter
1:44,89 (Fana, 9. juni 2012)
800 meter
2:22,79 (Fana, 31. mai 2013)
1500 meter
4:37,15 (Indre Arna, 17. september 2014)
1500 meter (i)
4:43,66 (Haukås, 31. januar 2015)
2000 meter
6:29,70 (Lillehammer, 8. september 2013)
3000 meter
10:01,45 (Strandebarm, 6. juli 2014)
3000 meter(i)
9:57,00 (Haukås, 25. januar 2015)
Halvmaraton
1.29.29 (Fana, 11. april 2015)






onsdag 8. april 2015

Utøvarportrett: Anna Evensen

Eit nytt medlem mellom dei aller yngste juniorane står for tur for mini-portrett. Det er Anna Evensen, tv-stjerne frå sist haust ("Best i mest", NRK Super), men først og fremst ein glitrande utøvar. Anna fyller 15 først midtvegs i komande haust, men alt no i mars plukka ho sin første medalje i nasjonalt mesterskap, då det blei bronse i favoritt- og "tv-øvinga", korthekk, under inne-UM i Ulsteinvik. Anna blei også 5-meters jente i lengde alt i fjor sommar.




Persar

60 meter
8,38 (Nadderud, 14. juni 2014)
60 meter (i)
8,52 (Ulsteinvik, 6. mars 2015)
80 meter
11,55 (Gøteborg, 29. juni 2013)
100 meter
13,59 (Fana, 1. juni 2014)
150 meter (i)
21,51 (Haukås, 27. januar 2013)
200 meter
27,85 (Fana, 29, august 2014)
200 meter (i)
28,19 (Haukås, 24. januar 2015)
600 meter
1:57,14 (Fana, 24. september 2011)
200 meter hekk
31,17 (Lonevåg, 14. september 2014)
Høgde
1,22 (Fana, 24. september 2011)
Høgde u/t
0,90 (Ytrebygda, 25. februar 2011)
Lengde
5,06 (Nadderud, 13. juni 2014)
Lengde (i)
4,93 (Ulsteinvik, 7. mars 2015)
Lengde u/t
2,01 (Ytrebygda, 25. februar 2011)
Tresteg
10,23 (Nadderud, 15. juni 2014)
Tresteg (i)
9,71 (Haukås, 18. januar 2014)

Medaljar, nasjonale mesterskap
BRONSE, 60 meter hekk, inne-UM, 2015




tirsdag 7. april 2015

Utøvarportrett: Thomas Blücher

Thomas Blücher er førsteårs junior, sjølv om han først fyller 15 år i september månad. Han debuterte i nasjonale mesterskap under inne-UM i Ulsteinvik no i mars. Det gjorde han med fine plasseringar, ein 5. plass på 800 meter og ein 6. plass på 1500 meter. På 800 meter var det etter måten kort veg opp til medalje. Men tidene var også til dels klare persar. På 800 meter var det innepers med fem sekund, men tida var også betre enn utepersen frå Stordleikane i fjor. På 1500 meter var tida heile sju sekund betre enn persen, frå Tyrvinglekene i fjor sommar. Og Thomas verkar i svært god rute mot nye framgangar i utesesongen 2015.




Persar:
60 meter
8,86 (Torvastad, 19. mai 2013)
60 meter (i)
8,51 (Haukås, 19. januar 2014)
80 meter
11,80 (Gøteborg, 7. juli 2012)
100 meter
14,08 (Fana, 2. juni 2013)
150 meter (i)
21,49 (Haukås, 27. januar 2013)
200 meter
26,49 (Fana, 29. august 2014)
200 meter (i)
27,77 (Haukås, 9. februar 2013)
300 meter
47,39 (Fana, 1. august 2012)
600 meter
1:33,37 (Fana, 30. august 2014)
600 meter (i)
1:35,44 (Haukås, 9. februar 2014)
800 meter
2:11,92 (Leirvik, 16. august 2014)
800 meter (i)
2:11,15 (Ulsteinvik, 7. mars 2015)
1500 meter
4:48,34 (Nadderud, 15. juni 2014)
1500 meter (i)
4:41,42 (Ulsteinvik, 8. mars 2015)
Lengd u/t
1,68 (Ytrebygda, 17. februar 2012)


mandag 6. april 2015

På topp i Norge - gutar, inne - 2014/2015

Ta ein kikk på G14-oversikten nedanfor: Her er 24 markeringar, heile 20 av dei er topp 3! Og Pål Haugen Lillefosse har åleine 9 topp-plasseringar. Men også Andreas Haara Bakketun, André Seliussen og Hans-Magnus Haukøy finn me heilt øvst i same klassen! Andre gutar som er heilt øvst, i ei øving eller fleire i sine klassar, i norgesstatistikken etter innesesongen: Tobias Allers-Hansen, Herman Ellingsen, Gjert Høie Sjursen, Kristoffer Blücher og Henrik Irgens Gravdal.


G11
7. Kasper Oanæs Andersen, 200 meter (32,41)
7. Kasper Oanæs Andersen, 600 meter (1:59,60)
11. Kasper Oanæs Andersen, 60 meter hekk (12,16)
16. Kasper Oanæs Andersen, kule (7,36)
17. Thomas Brattaule, 200 meter (34,38)
18. Thomas Brattaule, kule (7,27)
19. Thomas Brattaule, 60 meter hekk (12,98)

G12
1. Tobias Allers-Hansen, 40 meter (6,60)
11. Henrik Nesheim, 60 meter hekk (11,79)
12. Tobias Allers-Hansen, 60 meter hekk (11,81)
12. Tobias Allers-Hansen, lengde (4,13)
15. Tobias Allers-Hansen, høgde (1,26)
15. Tobias Allers-Hansen, 600 meter (1:56,36)
18. Tobias Allers Hansen, 200 meter (30,89)

G13
1. Herman Ellingsen, 60 meter hekk (10,12)
1. Herman Ellingsen, lengde utan tilløp (2,45)
2. Herman Ellingsen, 200 meter (27,14)
2. Herman Ellingsen, 600 meter (1:40,99)
3. Herman Ellingsen, høgde utan tilløp (1,15)
4. Herman Ellingsen, 1500 meter (5:22,26)
5. Herman Ellingsen, 60 meter (8,38)
5. Mathias Algrøy, 1500 meter (5:23,96)
8. Herman Ellingsen, høgde (1,40)
8. Erlend Borsholm, 1500 meter (6:21,96)

G14
1. Pål Haugen Lillefosse, 60 meter (7,54)
1. Pål Haugen Lillefosse, 200 meter (24,21)
1. Pål Haugen Lillefosse, 60 meter hekk (8,57)
1. Pål Haugen Lillefosse, høgde (1,65)
1. Pål Haugen Lillefosse, høgde utan tilløp (1,30)
1. Pål Haugen Lillefosse, stav (4,46)
1. Pål Haugen Lillefosse, lengde (5,76)
1. Pål Haugen Lillefosse, tresteg (11,76)
1. Pål Haugen Lillefosse, tresteg utan tilløp (7,45)
1. Andreas Haara Bakketun, 300 meter (41,55)
1. André Seliussen, 3000 meter (9:41,28)
1. Hans-Magnus Haukøy, 600 meter (1:32,16)
2. Hans-Magnus Haukøy, 800 meter (2:14,79)
2. Hans-Magnus Haukøy, 1500 meter (4:37,94)
2. Andreas Haara Bakketun, 60 meter (7,63)
2. Andreas Haara Bakketun, 200 meter (24,36)
2. Andreas Haara Bakketun, lengde (5,50)
3. André Seliussen, 800 meter (2:18,47)
3. André Seliussen, 1500 meter (4:41,96)
3. Håvard Rinde, kule (11,65)
4. Håvard Rinde, 60 meter hekk (9,48)
4. Hans-Magnus Haukøy, høgde utan tilløp (1,20)
4. Pål Haugen Lillefosse, lengde utan tilløp (2,51)
18. Pål Haugen Lillefosse, kule (8,06)

G15
1. Gjert Høie Sjursen, 60 meter hekk (8,68)
1. Gjert Høie Sjursen, lengde (6,09)
3. Gjert Høie Sjursen, kule (13,18)
4. Gjert Høie Sjursen, 60 meter (7,59)
6. Gjert Høie Sjursen, 200 meter (24,40)
7. Thomas Blücher, 800 meter (2:11,15)
9. Thomas Blücher, 1500 meter (4:41,42)
9. Gjert Høie Sjursen, lengde utan tilløp (2,50)
13. Gjert Høie Sjursen, høgde utan tilløp (1,25)
20. Torbjørn Knag, høgde utan tilløp (1,00)

G16
1. Kristoffer Blücher, 400 meter (52,07)
1. Kristoffer Blücher, 600 meter (1:24,92)
1. Kristoffer Blücher, 800 meter (2:00,63)
2. Kristoffer Blücher, 60 meter (7,29)
2. Kristoffer Blücher, 200 meter (23,23)
4. Kristoffer Blücher, 60 meter hekk (8,96)
4. Kristoffer Blücer, lengde utan tilløp (2,78)
4. Jakob Jamt Ånonli, lengde (5,92)
5. Jakob Jamt Ånonli, lengde utan tilløp (2,76)
6. Jakob Jamt Ånonli, høgde utan tilløp (1,15)
11. Jakob Jamt Ånonli, 200 meter (24,33)
18. Jakob Jamt Ånonli, 60 meter (7,61)

G17
1. Henrik Irgens Gravdal, 600 meter (1:24,05)
1. Henrik Irgens Gravdal, 800 meter (1:58,59)
1. Henrik Irgens Gravdal, 1500 meter (4:06,03)
1. Henrik Irgens Gravdal, 3000 meter (9:00,08)
2. Vegard Albrigtsen, 600 meter (1:28,42)
2. Vegard Alrigtsen, 800 meter (1:59,45)
2. Sondre Rinde, 60 meter hekk (8,84)
3. Sondre Rinde, tresteg (12,60)
5. Vegard Albrigtsen, 1500 meter (4:22,68)
6. Andreas Jensen, 3000 meter (9.57,00)
8. Andreas Brage Olsen, høgde (1,55)
12. Sondre Rinde, lengde (5,78)
12. Sonder Rinde, kule (9,43)
14. Andreas Jensen, 1500 meter (4:43,66)
16. Sondre Rinde, 400 meter (57,60)

G18/19
2. Amund Høie Sjursen, 60 meter (6,85)
2. Amund Høie Sjursen, lengde (7,41)
2. Stian Øvergaard Aarvik, 3000 meter (8:46,86)
3. Amund Høie Sjursen, høgde (1,95)
4. Amund Høie Sjursen, 200 meter (21,91)
4. Henrik Almenningen, tresteg (13,00)
7. Jens Larsen Åstveit, 3000 meter (9:03,65)
7. Henrik Almenningen, lengde (6,28)
9. Stian Øvergaard Aarvik, 1500 meter (4:03,42)
9. Stian Norheim, 3000 meter (9:15,73)
9. Magnus Leikvoll, høgde (1,80)
10. Håvard Våge Opheim, høgde utan tilløp (1,30)
11. Jens Larsen Åstveit, 1500 meter (4:06,68)
12. Magnus Leikvoll, høgde utan tilløp (1,25)
14. Stian Øvergaard Aarvik, 800 meter (2:01,08)
19. Jens Larsen Åstveit, 800 meter (2:02,42)
20. Stian Norheim, 1500 meter (4:20,22)