torsdag 30. januar 2014

Før inne-NM (V)

BFG Bergen sin 27-årsdag blei hin dagen - tirsdag - feira i det stille, det vil seia med eit "Trenarforum" på klubbhuset. Kanskje det blei pittelitt kaffi? Men ikkje så mykje meir, ikkje noko ekstravagant - for her skal så mykje som muleg av pengane (vinterkarusellkronene) gå til utøvarane!

Litt av dei går til utøvarar som no til helga skal til inne-NM på Stange. Det er blitt meg fortalt at tidlegare omtalte Martine Eikemo Borge må stå over helgas NM. Ho må koma i orden igjen til endå viktigare ting utover året.

Når det er sagt; to konkurransar for Monika Benserud gjenstår framleis i førehands-gjennomgangen - tresteg og lengde for kvinner, senior.

For å ta det gjævaste først; i tresteg gjer 12,78-hoppet til Monika under Nornalekene henne til ein av gullfavorittane. Med det er ho i praksis oppe på nivå med Oda Utsi Onstad (Tjalve) og Chiamaka Okparaebo (BUL) - høvesvis nr. 2 og 3 i Norge i 2013-sesongen. Til saman 12 utøvarar er påmeldt tresteg.

I lengde er det 17 utøvarar påmeldt. Med fullklaff vil Monika kunna vera medaljekandidat også her, sjølv om det på papiret er sterkare utfordrarar i denne øvinga. Fremst mellom desse er Katarina Mögenburg (Tyrving), Eline Breilid (Kristiansand) og Hedda og Oda Utsi Onstad (Tjalve).

mandag 27. januar 2014

Før inne-NM (IV)

Først: Dette er ein presentasjon og ein gjennomgang av dei påmelde frå BFG Bergen til komande helgs inne-NM i Stangehallen. Eg held det for godt muleg at ein eller fleire utøvarar, på ein eller fleire startar, vel å stå over når det kjem til stykket - av ulike grunnar - på same måten som det er mange som i utgangspunktet ikkje deltar på arrangementet.

Men her er eg berre i smålåten grad informert om skade- og sjukdomssituasjonar - og held meg såleis i utgangspunktet berre til startlistene.

I dag er det først den svære lista med påmelde til 60 meter for kvinner, senior det gjeld. Her er Monika Benserud påmeldt. Monika har beste registrerte tida så langt i år, med 7,79, frå Nornalekene, så her er det muleg med ein finaleplass. Mellom fleire andre sterke namn er Mari Gilde Brubak (Malvik), Christine Bjelland Jensen (Gular), Elisabeth Slettum (Skjalg) og Helene Rønningen (Tyrving).

Også søster Marianne Benserud bør stila høgt - bokstavleg talt - når ho er påmeldt høgde utan tilløp i kvinner, junior. Her er Marianne tittelforsvarar frå meisterskapen i Haugesund i fjor. Då var det berre to som stilte, i år er det seks utøvarar på startlista. Telma Eide (Søndre Land) og Malin Engan Wiseth (Trondheim) er andre gull-aspirantar.

søndag 26. januar 2014

Før inne-NM (III)


1972 skreiv Bruce Springsteen ein litt underleg song, som fekk plass på første albumet hans som kom ut i januar 1973. Det er ikkje ein song som så mange kjenner og den blir sjeldan trekt fram frå gløymselen - men det hender.

Songen heiter Mary Queen of Arkansas - og den er i kategorien tvilsam aproposmusikk når Martine Eikemo Borge sine NM-øvingar står på dagens blogg-program.

Martine var jo Arkansas-buar i fire år og har opptil mange svært gode inne-resultat frå den dåverande heimearenaen sin i Fayetteville, Arkansas. Det er dermed noko svært sjelden - så langt - når ho står på startstreken i eit norsk innemeisterskap, på Stange neste helg.

Ho er påmeldt både 400 meter og 800 meter.

På 400 meteren er ho på papiret klar favoritt, saman med Vilde Svortevik (Gular). Andre interessante namn mellom dei 16 på startlista er Benedikte Hauge (Kristiansand) og Sara Dorthea Jensen (Bryne).

På den doble distansen er det 13 påmelde utøvarar. Også her er Martine heilt i toppen av rangeringslista, med Kristine Eikrem Engeset (Vidar), Ida Fillingsnes (Herkules) og Aurora Selstad Dybedokken (Tyrving) bak der.

Me får vel, på vegne av Martine, konkludera med at 41 år etter at Mary Queen of Arkansas blei utgitt, så kom Bruce med High Hopes.

**

13 dagar igjen... 


Pingo

lørdag 25. januar 2014

Før inne-NM (II)

Når ein er ung og lovande - som dei fleste av oss er det meste av livet, avhengig av samanhengen - ja, så må ein fokusera og prioritera. Når ungdommane deltar i meisterskap, så er det eitt av to som gjeld: enten har ein realistisk sjanse til medaljar og heider, og då er det berre å satsa alt på eitt kort og prøva få noko gjævt med heim i samlinga. Eller det handlar om å utnytta det at ein er i godt selskap, og så heva seg sjølv nokre hakk i denne gode konkurransen.

Dagens "før inne-NM- øvingar" er av den siste kategorien. Både Erlend Gjerdevik Sørtveit (800 meter, menn senior) og Ingrid Næss Johansen (3000 meter, kvinner senior) har sjansen til å la seg føra med straumen og få seg gode tider og gode opplevingar vidare i vintertreninga.

Først til 800 meter, menn senior:

Her er det etter måten god deltaking, med 22 utøvarar på startstrek. Utøvarar under 1:50 frå før vil venteleg kjempa om medaljane: Roald Hagbart Frøskeland (Steinkjer), Emil Oustad (Ren-Eng), Andreas Roth (Ullensaker/Kisa) - og så finst det to "dark horses" i Thomas Solberg Eide (Gular) og Yeimer Lopez Garcia (Norna-Salhus) - sistnemnde med store merittar frå tidlegare. Men formen akkurat no er det vanskeleg å spå om for dei fleste.

Kva så med Erlend? Jo da, han har jo ein serie med 800-resultat like i overkant av 2 blank. Hans stadige mål er å få sjå 1-talet først på distansen - og kvifor ikkje i Stangehallen? Utepersen er på 2:00,29, medan inne har Erlend 2:02,97 frå UM i Steinkjer i fjor.

Så til 3000 meter, kvinner senior:

Her er feltet monaleg større og sterkare enn under same meisterskapet i Haugesund i fjor. 15 utøvarar står på lista. Mellom dei er svært sterke namn som Silje Fjørtoft (Vidar), Kristine Eikrem Engeset (Vidar) og Live Solheimdal (Steinkjer). Også Tessa den Heijer (Ren-Eng) og evigunge Vigdis Bringedal Holst (Skjalg) bør nemnast. Fjorårs-firar Ingrid Næss Johansen sprang på 11:04 i Leikvanghallen under Nornalekene, har 10:54 innomhus (frå nettopp inne-NM i Haugesund) og 10:49 utandørs. Det er utgangspunktet når det skal jaktast på betre tider i Stangehallen.

fredag 24. januar 2014

Før inne-NM (I)

Neste helg - den aller første helga i februar - er det inne-NM i Stangehallen. Det er veldig fint av Stangehallen og Hedmark Friidrettskrets å arrangera, naturlegvis, sjølv om ein del vil sakna eit NM i ein av dei splitter nye hallane rundtom. Men det er mange arrangement og avgrensa arrangør-stabar som fort kan slitast ut.

Eit inne-NM er spesielt, sikkert på fleire måtar. Éin viktig måte det er spesielt på er at startlistene er temmeleg tilfeldige - kven som er friske, skadefrie og som vil satsa på eit NM no vinterstid vil variera veldig. Slik sett skil eit inne-NM seg monaleg frå hovud-NM utandørs, som dei fleste har som eit (hovud-) mål for sesongen.

Sjølv om det - av naturlege grunnar - er nokre færre frå BFG Bergen som dreg til inne-NM denne gongen enn det var til Haugesund-NM i fjor, så er det då ein liten gjeng som reiser bort i innlands-kulden neste helg.

Først i denne enkle presentasjonen kjem 1500 meter og 3000 meter for menn - rett og slett dei lengste distansane i inne-NM.

Det er to løparar frå BFG på kvar av distansane - først til 1500 meter:

Her er det 18 påmelde utøvarar. Trass i at arrangementet er på Austlandet er det forventa at det er vestlendingar (i alle fall utøvarar frå Vestlandet) som vil prega distansen. Klar spenning knyter det seg til The Come Back Kid, Thomas Solberg Eide (Gular). Andre sterke namn frå Gular og omland er Vidar Dahle og Erik Hovlandsdal (Norna-Salhus). Espen Roll Karlsen blir forsøksvis rangert som nr. 11, medan førsteårs-senior Erlend Gjerdevik Sørtveit blir plassert i rygg på Espen, som nr. 12.

På 3000 meter er framleis Espen Roll Karlsen med, medan ny makker her er 16-åringen Stian Øvergaard Aarvik, som sette ny innomhus klubbrekord i U23 i BFG sist helg, med 8:42. Dermed kasta Stian seg rundt og ville smi medan vinterformen var der og blei NM-deltakar han også.

Mellom dei heile 27 på startlista er det også her fleire interessante vestlendingar, i Thomas Solberg Eide, Bjørnar Sandnes Lillefosse (Gular), Harald Kårbø (Stord), Tom Erling Kårbø (Stord) og Erik Hovlandsdal. Nemnast må også Helge Langen (Rindal), medan Tjalve stiller med fleire etter måten ubeskrivne blad som likevel kan tenkast å markera seg i feltet.

Våre? Vel, Stian si tid plasserer han oppe rundt midten av lista, på ein 14. plass på førehand. Hamnar han rundt der vil det vera glitrande NM-debut for han. Espen er rangert som nr. 21.

torsdag 23. januar 2014

Adelskalender, BFG - 3000 meter

Målt etter kor mange som har markert seg på distansen i norgesstatistikken, så framstår 3000 meter som ein slags hovud-distanse i BFG-soga. Og ser ein på kva dagens utøvarar konsentrerer seg om, så er det ganske godt gjeldande enno.

På toppen av Adelskalenderen for kvinner finn me klubbrekordhaldar (naturlegvis) Kirsten Melkevik Otterbu, som ho heitte då ho sprang under 9 blank - 8:58,74 - på distansen. Stine Larsen, som alt er presentert som best på 10.000 meter, er nr. 4 på lista - 3000 meter var vel kanskje langsprint å rekna for henne? Dette er utandørs tider, men Ingvild Myking - den ferske BFG-aren - si tid frå Leikvanghallen sist helg ville plassert henne på 12. plass på oversikten, så det er berre å gi rom for henne når utandørssesongen startar. Lista har elles med Helene Strømblad Hansen, Anna Serine Røssland og Ingrid Helene Nyhus, slik:

1. Kirsten Melkevik Otterbu 8:58,74
2. Hilde Marie Fjelltveit 9:12,50
3. Veslemøy Hausken 9:14,67
4. Stine Larsen 9:16,53
5. Lene Hove 9:20,03
6. Anne Sofie Engan 9:34,22
7. Siri Bjelland 9:36,30
8. Hilde Askeland 9:37,85
9. Irene Mildestveit 9:56,00
10. Kjersti Sognnes 10:03,57
11. Pernille Thomassen 10:10,75
12. Grethe Indredavik 10:21,6
13. Helene Strømblad Hansen 10:27,03
14. Anna Serine Røssland 10:35,00
15. Silje Krekan Almeland 10:38,75
16. Ingrid Helene Nyhus 10:41,98

For menn er det også ein god gjeng på lista, men det er ingen av dagens ungdommar - enno. Ein av dei meir ungdommelege er Sigve Stenersen si tid frå 1994... Men Stian Øvergaard Aarvik sitt inneløp ber bod om at det bør vera muleg å nærma seg 8:33, som sistemann på dagens liste har - og då snakkar me om hovud-NM- kravet i same slengen.

1. Øyvind Fretheim 7:57,16
2. Truls Nygaard 7:59,60
3. Pål Corneliussen 8:00,18
4. Jan Erik Christiansen 8:07,21
5. Eiliv Gjesdal 8:11,07
6. Helge Drange 8:17,04
7. Kjetil Bjørlo 8:20,93
8. Fred Runar Fjelltveit 8:21,49
9. Anders Røssevold 8:21,4
10. Jon Tvedt 8:24,42
11. Kjell Erik Sælen 8:27,79
12. Trond Nilssen 8:28,5
13. Sigve Stenersen 8:31,36
14. Albert Mosdal 8:33,0

tirsdag 21. januar 2014

Adelskalender, BFG - lengde

Det interessante med lengde inn i 2014 er at minst to av dagens framoverstormande utøvarar markerer seg i Adelskalenderen. Det gjeld naturlegvis Monika Benserud for kvinner og Amund Høie Sjursen for menn. Begge to er med hoppa sine frå fjorårssesongen heilt oppe på 2. plass, med prestasjonar oppnådd som høvesvis 16- og 17-åring.

Besteresultat og klubbrekord i kvinneklassen er tilbake frå BFG sitt stiftingsår, 1987. Det blei sett av ei som då var på Monika sin alder i dag, nemleg Gerd Lise Nybråt. For å hamla opp med den prestasjonen må det hoppast over 6 meter og såleis drivast med barriere-bryting i tillegg.

Her er lista:

1. Gerd Lise Nybråt 6,06
2. Monika Benserud 5,65
3. Camilla Dahle 5,52
4. Kjersti Ristesund 5,51
5. Benedikte Liland 5,49
6. Elisabeth Gjelsvik 5,42
7. Mona Lundvang 5,32
8. Camilla Engeset 5,27
9. Iren Vevatne Isaksen 5,27

For menn er det 25 centimeter frå Amund Sjursen sin pers frå 2013 og til Roar Haugland sin klubbrekord på 7,31 - også den sett i 1987. Og me finn sprint-trenar Johan Sørstrønen like bak Amund, men her er det vel neppe same vonene til forbetring i tida framover?

1. Roar Haugland 7,31
2. Kjetil Espetvedt 7,06
2. Amund Høie Sjursen 7,06
4. Johan Sørstrønen 6,92
5. Geir Evensen 6,86
6. Raimond Blakstad 6,83
7. Erlend Gjøen 6,82

mandag 20. januar 2014

Våre vener, arrangørane

Alle som er glade i idrett vera glade i arrangørane. Utan arrangørane finst det ingen arrangement, naturlegvis. Men det er ofte slik at ein gløymer å tenka over alt som er såpass sjølvsagt. Difor; her er det årlege besøket til oversikten over kven som har arrangert mest innan friidretten i Hordaland i året som gjekk.

Dette er ein oversikt ein kunne hatt mange fotnoter til. Den er basert på dei innsende listene til Norges Friidrettsforbund og omfattar trappeløp, ministemne og store, nasjonale stemne. Eg skryter heller ikkje på meg at oversikten er hundre prosent nøyaktig. Men - den viser klare nok meldingar og tendensar.

Slik sette skulle det vera passande å trekka denne oversikten fram dagen etter at Nornalekene blei avslutta. På toppen av lista mi for 2013 finst nemleg IL Norna-Salhus. Ein kan seia mykje om Norna-Salhus - eg registrerer at det innimellom også blir gjort - men arrangera, det kan dei. Og då scorar ein, som nemnt, høgt hos meg uansett. På oversikten min var Norna-Salhus toar både i 2011 og 2012, medan klubben detroniserer IL Fri og toppar lista i 2013. Gratulasjon og applaus er på plass til dei svartkledde! Tar me så med Osterøy på 3. plass, så tar me med den viktigaste arrangør-troikaen i Hordalands-friidretten dei siste åra.

Gneist har falle frå 5. plass til 7. plass, men på den andre sida har BFG Bergen klatra frå 15. plass til 9. plass. Og dette heng nokolunde saman: Opningsstemnet og Avslutningsstemnet, til dømes, var Gneist-arrangement og er no BFG-arrangement.

Her er arrangør-rangeringa i Hordaland i 2013, basert på innsende lister til Norges Friidrettsforbund. Tala i parentes er rangeringa i 2012 og 2011 - i den rekkefølgja:

1. Norna-Salhus (2-2)
2. Fri (1-1)
3. Osterøy IL (3-2)
4. Laksevåg (4-4)
5. Stord (10-5)
5. Bremnes (7-8)
7. Gneist (5-6)
8. Ask (9-9)
9. BFG Bergen (15-?)
10. Trio (7-6)

søndag 19. januar 2014

Ungdommen i rekordtidleg form (Nornalekene dag 2)

Ein strålande bukett resultat finst det i bunken frå andre og siste dag av Nornalekene også. Og nokre roser stikker seg fram. Det blei nemnt i bloggen i går at det ikkje var kvardagskost med klubbrekordar i BFG Bergen, men helgekost er det no i ferd med å bli: Søndag blei det sett ikkje mindre enn tre rekordar (fleire, om me tar med dei ulike alderskategoriane i senior-/juniorsamanheng)!

Ingvild Myking betra innerekorden på 3000 meter for kvinner med 36 sekund, då ho kom i seg mål på sylskarpe 10:17,94. Ingvild har dermed 10:15 ute og 10:17 inne og jenta er nettopp fylt 14 år! Og kravet til senior-NM er 10:14,99. Eg seier ikkje meir. Jo, éin ting til: Ingvild har hatt sin dose med skadeproblem så langt i vinter. Så var også det sagt.

Den nybakte 18-åringen Amund Høie Sjursen er i gang også i dette året: Med grensesprengande 6,99 på 60 meter sletta han alt som er av (elektroniske) rekordar i BFG på distansen. Seniorrekorden var det sprint-trenar Johan Sørstrønen som hadde, sett i 1999, på 7,06. Amund sin gamle (inne-)pers blei sett under Romjulsstemnet for tre veker sidan, på 7,13.

Den tredje nye BFG-rekordinnehavaren heiter Stian Øvergaard Aarvik. Det er ikkje noko nytt at Stian spring fort i januar månad og innomhus, men no flytta han grenser, han og. Med 8:42,08 sprang han over 13 sekund fortare enn på 3000 tilsvarande helg i fjor, då han sette sin siste pers på distansen. Og det var U23- og U20-rekorden i BFG som blei sletta søndag. Espen Kristiansen sette U23-rekorden i 2004 (8:45,54), medan U20-rekorden var heilt tilbake frå 1992, sett av Øyvind Fretheim (8:47,81). Målt etter serietabellen er Stian sin prestasjon sterkast for menn i BFG så langt i 2014 (NB! 60 meter gir ikkje poeng etter denne tabellen.)

Det var rekordane, men det var mykje anna fint i buketten:

60 meter:
Utanom Amund var det også andre som presterte her:

Kristoffer Blücher senka innepersen med eit nytt tidel frå Romjulsstemnet - til 7,46.

Sondre Rinde tangerte sin innepers frå Pingvinlekene i fjor, då han sprang på 7,64.

Henrik Almenningen senka også persen med ein tidel frå Romjulsstemnet - til 7,74.

Håvard Våge Opheim spring ikkje 60 meter så veldig ofte: Innpersen var frå dei første Nornalekene i januar 2012 og var på 8,23. Søndag blei det 8,01.


Henrik Irgens Gravdal var på Romjulsstemnet på Stord i 2012 og sprang 60 meter. Då blei det 8,60. No, godt og vel eitt år seinare, sprang Henrik ned på 8,14.

Monika Benserud var éi av tre jenter som innepersa med ein hundredel på 60 meter. Ho sprang på 7,79, Ingrid Sortland sprang på 8,64, medan Michelle Floor Heggeland kom i mål på 8,68.

Sara Berrefjord pynta på sin innepers frå 8,15 (frå UM i Steinkjer i fjor) til 8,09, medan det blei 8,11 og sesongbeste for Elise Una Mikkelsen.

3000 meter:
Jens Larsen Åstveit senka innepersen med over 40 sekund (!), frå 10:01 under Nornalekene i 2013, til 9:19,21 - tre tidelar under utepersen frå UM på Lillehammer.

Stian Norheim fekk seg tida 9:39,44 på sin 3000 meter.

Andreas Jensen sprang, så vidt eg veit, sin første 3000 meter innomhus. Det gjorde han på 10:19,61, og dermed er innepers og utepers omtrent like (10:19,20 ute).

I lengde blei det 6,07 på Sondre Rinde - som er det lengste han har vore borte i gropa. Han hadde 5,73 inne frå UM i Steinkjer i fjor frå før, og utepersen er på 6,05 frå Bergenslekene i haust. Henrik Almenningen hadde 5,86 både inne og ute frå tidlegare, men søndag blei det 5,96 inne i Leikvanghallen. Nora Øvergaard Aarvik landa på 4,51 i lengde. Ho har 4,24 utomhus.

Renate Lie sprang 400 meter på 59,69, medan Michelle Floor Heggeland vel hadde sin første 400 meter inne, då ho sprang på 69,16. (Vel, det var kan henda også Renate sin første inne dette, på 400 meter?)

Sanne Myrmel pynta på stavpersen til 2,66 (hadde 2,65 frå stavstemnet i same hall i november i fjor).

Og midt mellom alle ungdommane: Ole Viken innepersa, er eg ganske sikker på, då han slendge seg over 2,93 i stav.

lørdag 18. januar 2014

Monika og gjengen (Nornalekene dag 1)

Nornalekene starta heilt utan underteikna - ikkje på startstrek og ikkje på tribunen. I staden kosta me i PU-gjengen oss glugg i hel heilt for oss sjølve - for ein gongs skuld! - i Høiehallen lørdag: 19 utøvarar og fire leiarar. Knallkjekt!

Kjekt var det likevel også mange som hadde det i Leikvanghallen.

Aller mest imponerte Monika Benserud, som med knallsterke 12,78 hoppa halvmeteren lengre enn utepersen og 1,15 lengre enn innpersen frå sist inne-UM i Steinkjer. Det er ikkje kvardagskost at det blir sett klubbrekordar i BFG Bergen - det skal for så vidt heller ikkje vera det. Men 12,78 i innomhus tresteg er så mykje som 69 centimeter lengre enn den gamle klubbrekorden i øvinga, sett av Benedikte Liland i Drammen i 2004!

Og: I 2013 var Amund Høie Sjursen deltakar i U18-VM. I 2014 jaktar me på meir gjæv, internasjonal representasjon: Monika er berre 12 centimeter frå kravet til sommarens U20-VM i Eugene, Oregon, USA, med sitt tresteg-svev lørdag.

I tresteg let me oss også imponera over Sondre Rinde, som landa på 13,36 i sitt lengste svev. Utandørs-persen, sett under UM på Lillehammer i september, er på 13,17 - så dette lovar også godt for vår fremste mannlege tresteg-hoppar. Sondre betra også innandørs-persen på 200 meter med fire hundredelar frå løpet sitt under Romjulsstemnet i desember - no til 24,42.

I høgde var det fleire gode resultat: Aller høgast kom Amund Høie Sjursen, med 1,85 - ti centimeter over den gamle innepersen (sett under Pingvinlekene sist februar). Både Eirik og Magnus Leikvoll stoppa på 1,80. Eirik hadde 1,75 inne og 1,77 ute frå tidlegare. For jentene blei det denne gongen 1,50 på Nora Øvergaard Aarvik.

Renate Lie sprang halvsekundet raskare på 200 meter enn under Romjulsstemnet, og 26,40 er innepers med tre hundredelar frå løpet under Bamselekene på Stange i fjor. 

Henrik Irgens Gravdal sprang 200 meter på 25,16. Utandørs har Henrik 25,64 frå i haust.

Så til ei pulje med gode 800 meterar:

Eline Myking klarte det kunststykket å tangera innepersen, sett i sist innekonkurranse - Romjulsstemnet - med tida 2:23,91.

Anna Serine Røssland knuste innepersen på distansen, sett under UM i Steinkjer sist mars, med 6,6 sekund. Tida 2:26,18 er også 3,5 sekund under utepersen.

Ingrid Næss Johansen kom i mål på 2:34,66. Ho hadde 2:38,07 inne frå UM i Sandnes i 2012.

For menn noterer me oss sesongbeste på 2:02,10 for Jørgen Austvik. 

Stian Øvergaard Aarvik sette ny innepers - forbetring frå Romjulsstemnet med tre tidelar - med 2:03,72, knapt halvsekundet bak utepersen frå Framolekene i fjor.

Namnebror Stian Norheim imponerte med solide 2:07,74 på distansen, ei forbetring av innetida med nesten tre sekund frå Romjulsstemnet og også halvsekundet under utepersen frå Stordleikane i fjor.

Steffen Algrøy Boga fekk notert seg 2:10,32, og Kristoffer Blücher sprang, meiner eg, sitt første inneløp på distansen. Tid: 2:11,12.

På tampen tar me med Sanne Myrmel sitt 60 meter hekk-løp på 10,11, og dermed betra ho seg med tidelen frå løpet i Estland like over nyttår.

Og heilt til sist: Henrik Almenningen hoppa 12,35 i tresteg, og dermed er Henrik i gang med jakta på junior-NM- kravet i 2014. Utepersen er på 12,68 (to centimeter bak kravet), medan eg har notert med 10,43 (!) som gammal innepers, sett under Nornalekene for to år sidan. Uansett; ei pers-betring med nesten 2 meter, altså!

fredag 17. januar 2014

Adelskalender, BFG - stav

Me står framfor den første helga med innomhus-stemne i 2014. Det skal me naturlegvis koma rikeleg tilbake til. Som ein del vil ha oppfatta; bloggen held - trass i at den berre er i sin 4. årgang - på med å bli vaksen. Det er vel med bloggeår som hundeår, vil eg tru.

Det inneber at bloggen no er meir oppteken med BFG- og junior-/seniornivået enn med Gneist og jentene og gutane. Besøk hos dei sistnemnde vil det bli, for all del, men den systematiske gjennomgangen på Gneist-nivå er no overleten i dei beste hender til Trond Leikvoll, som ny statistikkførar i Gneist.

Så til dagens tema: stavsprang.

Her er det enkelt å gjera seg ferdig med mennene først. På lista mi finst det berre to namn:

1. Kristian Haga 4,20
2. Martin Halvorsen 3,50

Her er det jo gode voner om fleire namn etter kvart: 12 1/2-åringen Pål Haugen Lillefosse er godt over 3,50 alt, men han er ingen BFG-ar enno, men du verda så høgt det kan vera snakk om når han er der, om eit par sesongar. Eirik Leikvoll var på 3,50 i innesesongen 2012/2013, medan han stoppa på 3,40 ute i fjor. Og inne denne vinteren er Eirik nådd opp til 3,45, så han er første kandidat til å gjera stav-lista til ein pall.

Kvifor er det berre to namn på lista? Jo, fordi mitt grunnlag for desse adelskalender-oversiktene er dei nasjonale Alle tider-statistikkane. Så supplerer eg for harde livet med andre kjelder. Ikkje minst får eg innspel etter at enkeltøvings-oversikter er blitt presenterte her på bloggen. Her kan til dømes vera utøvarar som har representert andre klubbar og hatt betre resultat då, men besteresultatet i BFG-drakt kan likevel fortena plass i ein klubb-adelskalender.

Stav for jenter/kvinner er ei etter måten ny oppfinning. Øvinga kom på OL-programmet i 2000, 104 år etter at den var med for menn under første moderne sommar-OL i 1896.

Dette betyr i alle fall to ting; at nivået nødvendigvis er på veg opp og fram og at det er ein del namn frå dei seinare åra på stav-lista for kvinner. Klubbrekord-innehavaren og dermed den som toppar adelskalenderen i øvinga er framleis vår fremste representant, Marianne Benserud. Ho hoppa 3,31 under UM på Ravnanger i september 2012. Her er også andre temmeleg ferske namn på lista, og dei observante vil sjå at eit av årets ferske BFG- medlemmer, Sanne Myrmel (14 1/2), vil kunna fortena ein plass midt på denne lista - og kanskje vel så det - når 2014-sesongen er over:

1. Marianne Benserud 3,31
2. Ingvild Mundal Andersen 3,07
3. Monika Benserud 2,73
4. Tina Therese Jensen 2,71
5. Siri Aadland 2,70
6. Beate E. Dahle 2,60
7. Synne Våge Opheim 2,41
8. Eirin Lilletvedt 2,32
9. Anne-Marte Aldal Sætre 2,30
10. Madeleine Viken 2,20


onsdag 15. januar 2014

Adelskalender, BFG - 800 meter

Då er me komne fram til ein av grom-distansane i friidretten - 800 meter, i gjennomgangen av "adelskalenderen" i BFG Bergen. Og her er det mykje godt også i denne klubben.

I fjor sommar var me ein tur til Overhalla  i Nord-Trøndelag, der dei er flinke til å skipa til friidrettsarrangement. Det gjorde dei også sommaren 1997, då Veslemøy Hausken var der under senior-NM og sprang på 2:05,64. Det heldt til NM-gull den gongen for Hausken, som i dag heiter Sjöqvist i tillegg. Tida er framleis utomhus klubbrekord i BFG. Det  bør vera ei klar utfordring for toar på Adelskalenderen på distansen, Martine Eikemo Borge, å sletta den rekorden i løpet av 2014! På lista finn me også Hilde Askeland, sist kjent som rekordsetjar i klassen sin på 5km i Vinterkarusellen, og Renate Lie, som enno ikkje er fylt 16 år, og som så absolutt bør sjå oppover kalenderen den komande sesongen:

1. Veslemøy Hausken 2:05,64
2. Martine Eikemo Borge 2:06,12
3. Irene Mildestveit 2:08,76
4. Hilde Marie Fjelltveit 2:10,31
5. Gro Hege Cleveland 2:13,44
6. Hilde Askeland 2:13,58
7. Stine Larsen 2:13,62
8. Lise Rebekka Hovlandsdal 2:16,28
9. Elin Mildestveit 2:17,04
10. Renate Lie 2:17,06
11. Kirsten Melkevik Otterbu 2:17,18
12. Helene Strømblad Hansen 2:18,20

For menn er det sjølvaste Atle Douglas som er klubbrekord-innehavar og som dermed også toppar Adelskalenderen. Det gjer han med tida 1:46,06 frå 1990, sjølv om Douglas var heilt nede på 1:43,69 i Rieti i 1995. Då representerte han den kortliva Bergen Friidrettsklubb (som ikkje må forvekslast med dagens BFG Bergen, naturlegvis). Elles er det slik at den yngste tida på lista nedanfor er 17 år gammal, medan dei fleste tidene er frå like etter BFG vart stifta (1987-1990), så her er det stort behov for nye, friske namn!

1. Atle Douglas 1:46,06
2. Per Hermund Høgheim 1:50,45
3. Olav Bruflot 1:51,24
4. Yngve Solheim 1:51,45
5. Rune Dolvik 1:52,62
6. Øyvind Fretheim 1:53,41
7. Fred Runar Fjelltveit 1:53,4
8. Anders Røssevold 1:54,16
9. Torstein Frantzen 1:54,62

tirsdag 14. januar 2014

Sprekt, men tynt

Dette årets meisterskap i hopp utan fart søndag blei på ingen måte prega av Gneist eller BFG. I siste fem-seks åra har eg ført statistikk både for den eine og den andre, men eg kan ikkje hugsa sist det var så tynn deltaking frå Gneist/BFG i KM i hopp utan tilløp.

Meisterskapet gjekk - nesten tradisjonen tru - av stabelen på Laksevåg.

Men - til dei spreke som var til stades frå BFG Bergen:

Marianne Benserud blei kretsmeister i seniorklassen med sitt hopp på 1,33 i høgde.

Eirik Leikvoll fekk med seg sølvmedalje i G16-klassen, med sitt hopp på 1,38 i høgde. 1,38 er ny pers med åtte centimeter. Den gamle blei sett under fjorårets KM - på Laksevåg.

Så til lengde utan fart:

Her blei Vilde Lund Bjørnsen kretsmeister i 18/19-klassen med hoppet sitt på 2,65. Det er tangering av Vilde sin pers og U20-rekorden i BFG, også den sett under tilsvarande meisterskap i Laksevåghallen i januar i fjor. Prestasjonen er den beste i BFG så langt i 2014, målt etter serietabellen.

Eit aldri så lite come back fekk me frå Mats Benserud i seniorklassen, der han fekk med seg eit KM-sølv med lengda 2,82.

Kristoffer Blücher fekk med seg sølv i G15 med 2,60 - igjen tangering av pers frå januar i fjor.

Sondre Rinde blei nr. 5 i G16-klassen med 2,41.

Og dett var dett. (Utanom dei nemnde finn me berre Gjert Høie Sjursen i Gneist-fargar i yngre klassar. Gjert blei nr. 6 både i høgde og lengde - i ein klasse (G14) med god deltaking.)

fredag 10. januar 2014

Utanfor bane, senior, 2013

Då får me kasta eit raskt blikk også på seniorlistene utanfor bane i 2013. Namna nedanfor er på utøvarar som framleis representerer BFG Bergen (eller ein moderklubb) i 2014. Her er nokre unge og ein del eldre som også spring godt utanfor bane i klubben:

5 km kvinner
15. Ingvild Myking 17.51
48. Silje Stenersen 19.04
50. Torun Øvergaard Aarvik 19.06
88. Ingrid Næss Johansen 19.44
93. Linn Seliussen 19.47

10 km kvinner
85. Torun Øvergaard Aarvik 39.30
163. Linn Seliussen 41.02

Maraton kvinner
119. Edna Leikvoll 3.32.15

5km menn
18. Bjarte Eikanger 15.30
27. Stian Øvergaard Aarvik 15.43
35. Jørgen Austvik 15.45
48. Espen Roll Karlsen 15.57
75. Erlend Gjerdevik Sørtveit 16.14
95. Henrik Irgens Gravdal 16.25
101. Andreas Iden 16.28
103. Ole Martin Røssland 16.29
125. Kjell Raa 16.40
128. Håvard Austevoll 16.42

10km menn
65. Stian Øvergaard Aarvik 32.54
99. Bjarte Eikanger 33.32
122. Espen Roll Karlsen 33.49
155. Jørgen Austvik 34.15
170. Ole Martin Røssland 34.28
187. Håvard Austevoll 34.37

Halvmaraton, menn
51. Bjarte Eikanger 1.13.30
53. Miguel Blanco 1.13.33
87. Håvard Austevoll 1.16.20

Maraton, menn
49. Håvard Austevoll 2.43.45
51. Kjell Raa 2.44.11

onsdag 8. januar 2014

Utanfor bane, ungdom, 2013

Rett skal vera rett: Det er ikkje aktivitet utanfor bane som har prega denne bloggen i dei godt over 3 åra den har eksistert. Men innom Liatårnet Opp, Knarvikmila, Nuten Opp og sjølvsagt ei røys av lokale karusellar, det har me då vore.

Éin gong i året studerer me utanfor bane-statistikken, som kondis.no har ansvaret for å følgja opp. Og det er langt frå noko overrasking at her er mange lokale heltar å finna på desse statistikkane. I dag er det ungomsstatistikken for 2013 som er studieobjektet:

5km, jenter
10-11 år
6. Oline Krogstad, Gneist 23.27

12-13 år
1. Silje Stenersen, Gneist 19.04
19. Sara Tyssebotn Berg, Gneist 22.33

14-15 år
1.  Ingvild Myking, Bjarg 17.51
6. Linn Seliussen, Gneist 19.47
21. Renate Lie, Gneist/BFG 21.29
28. Tuva Straume, Gneist 21.43

16-17 år
14. Ingrid Næss Johansen, Gneist 19.44
19. Thyra Hevrøy, Gneist 20.25
28. Eline Myking, Gneist 21.15
32. Elina Drivenes, Gneist 21.45

10km, jenter
14-15 år
7. Linn Seliussen, Gneist 41.02 

5km, gutar
10-11år
3. Andreas Meling Knoph, Gneist 20.24 

12-13 år
5. André Seliussen, Gneist 18.05
17. Thomas Blücher, Gneist 19.04
21. Hans-Magnus Haukøy, Gneist 19.16

14-15 år
1. Henrik Irgens Gravdal, Gneist 16.25
17. Trym Andresen, Gneist 18.10
23. Andreas Jensen, Kalandseid 18.21

16-17 år
3. Stian Øvergaard Aarvik, Gneist 15.43
17. Jens Larsen Åstveit, Gneist 16.29
30. Stian Norheim, Gneist 17.15

18-19 år
13. Erlend Gjerdevik Sørtveit, BFG 16.14
15. Andreas Iden, Gneist 16.28
16. Ole Martin Røssland, Gneist 16.29
18. Håvard Austevoll, Kalandseid 16.42
31. Anders Strømblad Hansen, BFG 17.22

20-22 år
8. Jørgen Austvik, BFG 15.45
13. Espen Roll Karlsen, BFG 15.57

10km, gutar
14-15 år
21. Trym Andresen, Gneist 38.16

16-17 år
2. Stian Øvergaard Aarvik, Gneist 32.54
50. Stian Norheim, Gneist 37.56

18-19 år
13. Ole Martin Røssland, Gneist 34.28
14. Håvard Austevoll, Kalandseid 34.37

20-22 år
15. Espen Roll Karlsen BFG 33.49
20. Jørgen Austvik, BFG 34.15

Halvmaraton, gutar
18-19 år
1. Håvard Austevoll, Kalandseid 1.16.20

20-22 år
15. Espen Roll Karlsen, BFG 1.19.18 

tirsdag 7. januar 2014

Adelskalender, BFG - 10.000 meter

Inspirert av mange flotte halvmil- og milløp under den 4. vinterkarusellen mandag kveld så blir det eit blikk på sjølvaste 10.000-meteren i dette Adelskalender-innlegget.

På toppen av 10.000-meter lista for kvinner finn me to av dei aller mest prominente BFG-arane gjennom historia, nemleg Stine Larsen og Kirsten Melkevik (Otterbu).

Klubbrekordhaldar Stine Larsen si tid, 32:28,16, frå Lisboa den 1. april i 2000 er det berre tre norske kvinner som har sprunge fortare enn: Ingrid Kristiansen, Susanne Wigene og Gunhild Halle Haugen. Og Kirsten si tid rangerer henne som nr. 6 mellom norske milslukarar på bane gjennom alle tider. Ikkje verst.

Her er lista for kvinner:
1. Stine Larsen 32:28,16
2. Kirsten Melkevik Otterbu 32:31,45
3. Anne Engen 35:33,86
4. Pernille Thomassen 38:09,0
5. Judith Hansen Hallen 38:18,1
6. Kjersti Sognnes 28:29,4
7. Liv Astrid Losnegaard 39:25,03

På lista for menn finn me ein suverenn topp i Truls Nygaard, frå BFG sitt stiftingsår - 1987. Men her finst også ein viss seinare klatrar, Jon Tvedt (1994), ein då ungdom i Sigve Stenersen (1994) og ein alt då vaksen mann i Tom Roger Johansen (1995):

1. Truls Nygaard 28:43,75
2. Jan Erik Christiansen 29:30,48
3. Jon Tvedt 29:54, 38
4. Kjell Erik Sælen 30:19,99
5. Sigve Stenersen 31:05,77
6. Tom Roger Johansen 31:54,84
7. Espen Kristiansen 32:13,88
8. Øyvind Liland 32:18,94


fredag 3. januar 2014

Kvalifiseringsoversikt, BFG Bergen, pr. 3. januar 2014

Dette er nesten ei rein rekapitulering i eit nytt år for underteikna. Det er altså oversikten over kven som er kvalifiserte til høvesvis hovud-NM og junior-NM frå BFG Bergen i 2014.

Junior-NM kjem først - det går i Fredrikstad 8. - 10. august, medan hovud-NM også går på Austlandet, på Jessheim 14 dagar deretter, 22. - 24. august.

Først til hovud-NM:
Det er bestilt rikeleg med sengeplassar til BFG til hovud-NM på Jessheim. Det er med optimisme me ser fram mot seinsommarens meisterskap. Men me startar året med 8 kvalifiserte utøvarar; sju kvinner og ein mann.

(Eg dristar meg til å namngi øvingane utøvarane har kvalifisert seg i også, i parentes, men igjen; til hovud-NM og junior-NM held det å kvalifisera seg i éi øving, så kan ein i prinsippet delta i kva som helst deretter.)

* Marianne Benserud (stav)
* Monika Benserud (100 meter, 200 meter, lengde, tresteg)
* Sara Berrefjord (100 meter, 200 meter)
* Martine Eikemo Borge (200 meter, 400 meter, 800 meter)
* Vilde Lund Bjørnsen (100 meter, 200 meter, 400 meter)
* Renate Lie (200 meter, 400 meter)
* Elise Una Mikkelsen (100 meter)

* Amund Høie Sjursen (100 meter, 200 meter, lengde)

Og så, til junior-NM:
Dei fleste som har sagt takk og farvel til BFG no ved årsskiftet set sjeldan eller aldri sin fot på eit tartandekke i offisielle konkurranseformer. Eit unntak innimellom har Vegard Austevoll vore. Med (snart) 17-åringens avgang gjekk BFG såleis ned med éin kvalifisert til junior-NM, frå det kjekke talet 30 til 29. Men her finst framleis andre som kan klara kravet i løpet av vinter og vår - absolutt - slik at me igjen kan bikka over 30:

* Marianne Benserud (Stav)
* Monika Benserud (100 meter, 200 meter, stav, lengde, tresteg)
* Sara Berrefjord (100 meter, 200 meter)
* Vilde Lund Bjørnsen (100 meter, 200 meter, 400 meter)
* Elina Drivenes (200 meter, 400 meter, 800 meter)
* Thyra Hevrøy (800 meter, 1500 meter, 3000 meter)
* Ingrid Næss Johansen (1500 meter, 3000 meter)
* Renate Lie (100 meter, 200 meter, 400 meter, 800 meter, 1500 meter)
* Maren Haugen Lillefosse (100 meter, lengde)
* Elise Una Mikkelsen (100 meter, 200 meter)
* Eline Myking (800 meter, 1500 meter, 3000 meter)
* Ingvild Myking (800 meter, 1500 meter, 3000 meter)
* Sanne Myrmel (stav)
* Ingrid Helene Nyhus (3000 meter)
* Anna Serine Røssland (1500 meter, 3000 meter)
* Nora Øvergaard Aarvik (høgde)

* Anders Bjørndal (800 meter, 1500 meter)
* Kristoffer Blücher (100 meter, 400 meter)
* Henrik Irgens Gravdal (800 meter, 1500 meter, 3000 meter)
* Emil Engelsen Holm (200 meter)
* Andreas Iden (3000 meter, 5000 meter)
* Eirik Leikvoll (stav)
* Magnus Leikvoll (høgde)
* Sondre Rinde (110m hekk, tresteg)
* Ole Martin Røssland (1500 meter, 3000 meter, 5000 meter)
* Amund Høie Sjursen (100 meter, 200 meter, høgde, lengde)
* Stian Øvergaard Aarvik (1500 meter, 3000 meter)

* Jørgen Austvik (1500 meter, 3000 meter)
* Erlend Gjerdevik Sørtveit (1500 meter, 3000 meter)


torsdag 2. januar 2014

Adelskalender, BFG - utan tilløp

Årets første meisterskap er like om hjørnet - det er KM i hopp utan fart i Laksevåghallen neste søndag, den 12. januar.

Då skulle det høva med eit blikk på BFG-adelskalenderen i hopp utan fart-øvingane. Her er det stort sett klubbrekord-haldarane som finst inne med BFG-tilhøyrsle i Alle tider-statistikken:

For kvinner finst klubbrekord-innehavarane mellom dagens aktive. I høgde er det Marianne Benserud, med 1,40, og i lengde er det Vilde Lund Bjørnsen sitt sprang frå KM i same hallen i januar i fjor, med 2,65. To centimeter bak der finn me Ingvild Mundal Andersen med 2,63.

For menn er me i stor beit for nye namn som kan markera seg i desse øvingane. Her finn me dei som har klubbrekordane mellom 2012-avhopparane til Fana, Thomas Langhelle Trefall - 1,53 i høgde - og Fredrik Stuhr - 3,11 i lengde utan fart.

onsdag 1. januar 2014

Ein Gamp til topps



Godt nytt år!

Nokre veteranar har no ved årsskiftet funne det for godt å skifta beite – og forlata veteran-fellesskapen i BFG Bergen. Forstå det, det er ikkje lett – men akseptera det, det får me berre gjera.

I 2013 blei bloggen sin Veterankonkurranse heva opp til eit nytt nivå: Då blei konkurransereglane gjort enklare, men konkurransen også gjort tøffare. Alle i veteranalder (35+) som har plukka poeng på bane er med.

Dermed blei det også ein ny vinnar – og då ein suveren vinnar i den framleis særs aktive trenaren, 41-åringen Bjarte Eikanger. Han plukka poeng i til samen seks løpsøvingar og stoppa ikkje før han hadde fått med seg heile 3672 poeng, der 3000-meteren – den beste på fleire år – var beste poengøvinga.

2. plassen gjekk til Morten Seliussen, også det ein ungdom i sitt beste tiår. Morten plukka poeng i fem øvingar – og stoppa på 2280 poeng.

Petter Rasmussen tok tidleg leiinga i konkurransen, men måttre til slutt strekka våpen mot Bjarte og Morten. Også Petter fekk med seg poeng i fem øvingar.

Vidare følgde Geir Sjursen. Geir har siger frå 2011 og to tredjeplassar (2009 og 2012) å sjå tilbake på. No – med langt tøffare konkurranse – blei det ein sterk fjerdeplass.

Nr. 5 blei Robert Hisdal, medan BFG-leiar Jostein Lie tok ein fin 6. plass. Jostein var jo vinnaren i fjorårsvarianten etter super innsats i veteran-NM i Leikvanghallen.

Egil Johan Hessen plukka poeng i fem øvingar og kom heilt oppe på ein 7. plass i årets konkurranse.

Nr. 8 blei den som har tapt mest på det endra konkurranseklimaet, nemleg Trond Leikvoll. Trond har nemleg fått pall-plass alle dei fire første åra: nr. 2 i 2009, nr. 1 i 2010, nr. 3 i 2011 og nr. 2 i 2012. Trond må rett og slett plussa på ein seks-sju øvingar i 2014, så er han oppe der igjen!

Først på 9. plass finn me første – og einaste på mi liste – av veteran-avhopparane til Bergen Løpeklubb, nemleg motbakkeløpar og, ved dette høvet, 10.000- meter- løpar Yngve Kiserud.
                       
Og så finn me Sigve Stenersen nede på 10. plass, etter innsatsen i hopp heilt utan fart på Ytrebygda skole i februar.

Ein fin gjeng!

Nemnast må også Torun Øvergaard Aarvik på 11. plass, som då representerer kvinnene her – som vanleg er dei i undertal i denne konkurransen. Det treng dei sjølvsagt ikkje vera! Etter veteran-NM i fjor opplevde me Kjersti Ristesund Bjørndal både som norgesmeister og som beste kvinne på 5. plass i Veterankonkurransen. Og her er fleire som kan koma i 2014, vil eg tru (?).

Her er pallen sidan oppstarten i 2009:

2009
1. Arne Lillefosse
2. Trond Leikvoll
3. Geir Sjursen

2010
1. Trond Leikvoll
2. Jostein Lie
3. Sigve Stenersen

2011
1. Geir Sjursen
2. Arve Rinde
3. Trond Leikvoll

2012
1. Jostein Lie
2. Trond Leikvoll
3. Geir Sjursen


*

Og – Veterankonkurransen 2014 er i full gang, naturlegvis! 2013-vinnaren har sprunge seg rett til topps etter Romjulsstemnet. Der plukka også Egil sine første 2014-poeng.