søndag 2. november 2014

BFG si historie

Alt tyder på at BFG Bergen held fram også etter 1. januar 2015, men i ei ganske anna form enn så langt. Dette er eit brukande tidspunkt til å sjå tilbake og til å skriva BFG si historie – i kortform – basert på den opphavlege ideen til klubben.

BFG Fana blei stifta 28. januar 1987 av Bjarg, Fana og Gneist. Alle dei tre klubbane tilhøyrde den gongen Fana bydel. Først i 1990 blei det endå ein bydel i nedslagsfeltet – Ytrebygda, der heile det gamle Gneist-området og delar av Bjarg-land fell innunder.

Det er viktig å hugsa på at det sjølvsagt ikkje var slik at Bjarg, Fana og Gneist ønskte å oppretta ein ny, fjerde, konkurrerande klubb i 1987. Bjarg, Fana og Gneist sine barne- og ungdomsmiljø og BFG si satsing på juniorar og – ikkje minst – seniorar skulle utfylla kvarandre. BFG skulle i så måte vera eit instrument for dei tre stiftingsklubbane, dei tre moderklubbane.

Ung, lovande og entusiastisk start
Alt første sesongen – 1987 – ser ein grunnlaget for ein optimisme for prosjektet. I 1986 var det ingen frå dei tre BFG-klubbane som tok gull i hovud-NM i friidrett. Under NM på Nesbyen i Hallingdal i 1987 gjekk det langt betre: Atle Douglas vann 800 meter på 1:49,37, 23 år gamle Truls Nygaard – med solid bakgrunn frå orientering – blei dobbeltmeister. Han vann både 5.000 og 10.000 meter (på høvesvis 13:45,29 og 28:51,03). Truls Nygaard fekk også med seg NM-sølv i halvmaraton same året. Sist, men slett ikkje minst, Anne-Beth Espetvedt vann 100 meter hekk på 13,71 – og med det blei ho likeså godt kongepokalvinnar, 18 år gammal. Dette var ein god start, naturlegvis, men det fortel også ein del av historia at Anne-Beth er den einaste kongepokalvinnaren i BFG si historie.

Fana var tungt inne i starten på den reelle seniorsida, medan Gneist leverte fleire unge talent. Anne-Beth Espetvedt representerte Gneist, det same gjorde Kjersti Ristesund (forresten bronsevinnar på korthekken i NM, der Anne-Beth vann) og Gerd Lise Nybråt (også ho bronsevinnar i hoved-NM i 1987, som 17-åring, i lengde). Heile den lovande troikaen frå Gneist blei belønna med tur til junior-EM i Birmingham, der det blei flotte plasseringar: sølv til Anne-Beth på korthekken, fjerdeplass til Gerd Lise i lengde og sjuandeplass til Kjersti, også det på korthekken.

Men ein friidrettskarriere er ofte brutalt kort: Atle Douglas gjorde det rettnok godt i ein del år etter 1987, men ganske raskt i andre klubbar enn BFG (i 1995 vann han 800 meter i NM på ei særs god tid, like framfor Vebjørn Rodal, eitt år før Rodal blei olympisk meister – Douglas representerte då den kortliva Bergen Friidrettsklubb, som fort kan forvekslast i namn med dagens BFG Bergen Friidrettsklubb) – og ungjentene frå Gneist forsvann til andre klubbar og/eller til skadar. Ja, dei aller beste resultata for den nemnde supertrioen er i stort monn nettopp frå 1987-sesongen.

Den solide starten for klubben blei også markert med siger i Holmenkollstafetten for kvinnelaget i 1988.


Bølgedal og hjelp utanifrå
Då Atle Douglas forsvann til Vidar i Oslo (før han kom heim til Bergen og andre klubbar igjen) og Anne-Beth Espetvedt (Hoven) til klubbar i Drammen, forsvann BFG ned i ein bølgedal. Det skjedde, paradoksalt nok, då norsk friidrett i stort var på topp, i toppåra frå EM i Helsingfors i 1994 til OL i Atlanta i 1996. Men den største æraen i BFG Fana si historie var likevel i ferd med å bli innleia. Eitt av dei viktigaste namna i denne epoken var ein etter måten sjeldan import i Veslemøy Hausken, opphavleg frå Karmøy men i BFG-drakt under studietida i Bergen. Ho presterte på høgt nivå og tok ei rekkje medaljar og norgesmeisterskap frå ho plukka NM-bronse på 800 meter i Kristiansand i 1996 og til ho avslutta BFG-karriera med bronse på 1500 meter i Byrkjelo i 1999.

På vegen opp frå bølgjedalen fekk Veslemøy følgje av utøvarar som Jan Erik Christiansen og Øyvind Fretheim, og ein fekk også dei første glimta av kva Stine Larsen skulle utretta i åra mot slutten av førre hundreåret.

Kvinnelaget tok to nye triumfar i Holmenkollstafetten i denne perioden (1997 og 1998) og også herrelaget markerte seg høgt oppe dei same åra – med 3. plass i 1997 og 4. plass i 1998.


Mennene som forsvann og langløp-fenomena
NM i Steinkjer i 2000 markerer, dersom ein ser på dei lange linjene, slutten på BFG som ein toppklubb for menn på bane. Då tok Øyvind Fretheim sølv på 5000 meter og på 3000 meter hinder. (Han tok også to medaljar, inkludert NM-gull i kortløypa, i terrengløp, same året.) Dette er dei siste medaljane i NM-samanheng på bane for menn for BFG. Sagt på ein annan måte; det har vore arrangert 14 norske bane-meisterskap etter det på Guldbergaunet i Steinkjer utan ein einaste mannleg BFG-medalje. Då Amund Høie Sjursen kvalifiserte seg i 2013, var det også ein god del år sidan sist ein mannleg BFG-utøvar var kvalifisert til eit hovud-NM.

Med eitt viktig unntak – som eg kjem tilbake til nedanfor – var det kvinnelege langløparar som fronta BFG idrettsleg på 2000-talet. Stine Larsen tok NM-sølv på 5000 meter på bane i 1997, vann gull på halvmaraton i 1999, før ho markerte seg aller sterkast med maraton-deltaking i VM i Paris i 2003 (17. plass) og OL i Aten i 2004 (24. plass). Stine Larsen representerte Fana IL mot slutten av ungdomsåra, men var først og fremst ei «vaksenstjerne» i BFG-drakt. Den opphavlege husnesingen Kirsten Melkevik (Otterbu) blei i høg grad vaksenstjerne, heilt utan bakgrunn frå BFG sine moderklubbar. Kirsten er enkeltutøvaren med flest individuelle NM-medaljar i BFG-drakt. Ho var 34 år då ho plukka sine første; to sølv på bane og tre medaljar, ein av kvar valør, utanfor bane (halvmaraton og terrengløp) i 2004. 2006 og 2007 var to store sesongar for Kirsten, med til saman seks NM-gull; tre på bane og tre utanom. Kirsten tok på mange vis over stafettpinnen frå Stine Larsen, også med internasjonal deltaking i maraton – i VM i Helsingfors i 2005 (28), i VM i Osaka i 2007 (29) og OL i Beijing i 2008 (34). I 2006 tok ho sølv i motbakke-NM, som varsla siste karriera-forgreininga hennar. I 2011 sa ho farvel til BFG og har sidan då representert Gular.

Då Fana IL valte å forlata BFG-samarbeidet i 2012, var ei av fleire grunngjevingar at BFG var blitt ein «gampeklubb», i den forstand at klubben både var dominert av utøvarar som dreiv med springing utanfor bane og var i stor grad arrangør av løp utanfor bane. I stor grad var denne påstanden rett. Medan bane-prestasjonane blei færre og lengre imellom, markerte utøvarar som Thomas Andersen, Sverre Morten Slethaug, Bjørn Tore Kronen Taranger og Thorbjørn Thorsen Ludvigsen seg på ulike vis i ultraløp og motbakkeløp.


Det store unntaket og skrinne siste år
Ein kan seia mykje fint om Stine Larsen og Kirsten Melkevik, men dei var knapt nok fruktene av rekruttering frå moderklubbane. Gjennom snart 28 år er det vanskeleg å påstå at den opphavlege ideen om at rekruttering frå Bjarg, Fana og Gneist skulle utgjera grunnlaget for ein solid seniorklubb i Bergen sør har slege til. Det er klart det er heiderlege unntak her, men hovudregelen er at suksessen delvis har vore knytt til slike som alt var seniorar dei første åra, ein kort men suksessrik periode midt på 1990-talet og til nokre få utøvarar som har kome utanfrå på ulike vis.

Det fremste unntaket frå denne hovudregelen er Bjarg-jenta Martine Eikemo Borge. Ho debuterte i hovud-NM alt på heimebane på Fana Stadion som 15-åring. Då ho var 17 tok ho sin første medalje då det blei sølv på 800 meter. I 2011 og 2012 blei det både gull og sølv, på 400 meter og 800 meter; gull på 400 og sølv på 800 i Byrkjelo i 2011 og så omvendt medaljevalør i Kristiansand året etter.

Martine er sentral i BFG-historia, både i kraft av eigne prestasjonar og i kraft av at ho er eit altfor sjeldan eksempel på moderklubb-utøvarar – utøvarar frå stiftingsklubbane – som har gått gradene og lykkast på nasjonalt topp-nivå.

Dei siste sesongane – etter at Kirsten Melkevik gjekk til Gular og, for så vidt, har satsa utanfor bane – har BFG vore særs avhengig av Martine. Det var rettnok mykje stang ut, men i 2014 blei det ingen medaljar i hovud-NM for BFG. I 2013 blei ein bronse på 3000 meter hinder (for kvinner, naturlegvis) einaste individuelle medalje.

BFG har vore trufast deltakar i Holmenkollstafetten. Siste tiåret har dei to 8. plassane i 2012 og 2013 vore best for herrelaget, medan kvinnene var oppe på pallen (3. plass) sist, tilbake i 2008.



Nye talent er på veg fram; Stian Øvergaard Aarvik - femtemann i junior-VM i motbakkeløp i 2014, Monika Benserud – heilt i norgestoppen i tresteg, Anna Serine Røssland – deltakar i junior-VM på 3000 meter hinder i 2014 og, ikkje minst, Amund Høie Sjursen, stortalent i sprint og i lengde; debuterte på seniorlandslaget og deltok i junior-VM i 2014. Alle desse har gått gradene i IL Gneist si friidrettsgruppe.

1 kommentar:

  1. En godt oppsummert BFG historie, og som du påpeker har man ikke lykkes med det som var tanken i 1987. Som ung Gneist-utøver på slutten av 90-tallet, var det stort og inspirerende å få være reserve i Kollen på et lag som bestod av store idrettsfolk som Fretheim, Hereide Evensen og Christiansen og man så fram til å få konkurrere i BFG-drakten. Desverre var vel dette den siste krampetrekningen BFG hadde som løperklubb på herresiden. Talentene var mange, men i det løsnet av en eller annen grunn ikke for de som kom på 2000-tallet. Heldigvis har det vært en og annen dame som levert når gutta har sviktet.

    SvarSlett