onsdag 31. juli 2013

Før junior-NM - oppsummert

Jada, det er no stadfesta: Det blir all slags ver på Svenningsmoen, Overhalla, til helga: Frå tropevarm sommar til kraftig regnskyll. Her hjelper det ikkje med solkrem eller regnkler, berre med godt humør.

I 2012 tok BFG heile 8 medaljar i junior-NM i Sigdal: 3 gull, 2 sølv og 3 bronse.

Sidan styret i BFG kjenner det på seg at ting bevegar seg i rett retning og at pilene peikar oppover, så blei det presentert eit mål om å halda på dei 8 medaljane også i 2013 - då årets mål blei presentert for folk flest den 14. mai.

Oppsummert kan me no to dagar før slå fast at 8 medaljar er i overkant optimistisk mål for årets junior-NM. Dersom det meste går vår veg, så er det etter bloggarens syn eit håp om at klubben kan nå opp i 6 medaljar dette året. Meir sannsynleg stoppar det på 4-5.

No var det bra klaff og ein eit par stong-inn i fjor, det er naturlegvis muleg å håpa på det også i år.

Skilnad frå i fjor? Me har litt formsvikt, Martine Eikemo Borge (to individuelle gull i fjor) er ikkje lenger i junioralder og me har fleire sterke førsteårsjuniorar som sannsynlegvis ikkje når medaljefatet i juniorsamanheng nett enno, men når dei først gjer det...

(Og med det er innlegg nr. 800 publisert på denne bloggen.)

tirsdag 30. juli 2013

Før junior-NM - V

Då har eg eit lite oppsamlingsheat liggande på pulten min, før helgas junior-NM - der det no stort sett skal bli kraftig varmt og fint...

Ein av dei ferskaste junior-NM- klare i BFG er Magnus Leikvoll, som klarte kravet på 1,83 i høgde under KM på Fana Stadion 9. juni. Det er 8 deltakarar i høgdekonkurransen og også her er det Karsten Warholm (Dimna) som er favoritt. Warholm blei som kjent verdsmeister (i mangekamp), medan ein europameister, Eirik Greibrokk Dolve (Fri), truleg blir hardast imot, saman med Martin Fagelund (Sturla). Magnus er rangert som nr. 6.

8 deltakarar er det også i tresteg-konkurransen. Også her er vår deltakarar, Sondre Rinde, rangert som nr. 6 og også her er det Karsten Warholm som er favoritt... Erik Lund (Brandbu), Marius Bull Hjeltnes (Gular) og Ingar Kiplesund (Trondheim) er andre gode namn. Sondre kan jakta på 13 meters grensa.

Så til eit par øvingar der Karsten Warholm ikkje er favoritten:

På 3000 meter for kvinner er Ingrid Næss Johansen BFG-deltakaren. Her er det ikkje mange påmelde, men dei er sterke dei som stiller. Kristine Helle (Tjalve), Aurora Selstad Dybedokken (Tyrving) og Ida Melli Narbuvoll (Ren-Eng) er alle løparar under 10 blank. Ingrid er rangert som nr. 7 av dei 7 på startstrek, men kan jakta på god tid i dette feltet.

Til sist, 2000 meter hinder for jenter, der 3 av 7 på startlista representerer BFG Bergen, i tillegg til ei som sikkert burde gjort det. Aurora Selstad Dybedokken (Tyrving) er favoritt dersom ho stiller, medan Kristine Helle (Tjalve) og Mari Aarskog Nesse (Stord) er neste på mi liste. Anna Serine Røssland - fjorårstoaren - - er utfordrar til medalje, medan Eline Myking og Ingrid Næss Johansen blir rangert som nr. 6 og 7.

mandag 29. juli 2013

Før junior-NM - Stafett-Xtra

I eit tidlegare blogginnlegg fortalde eg kort at BFG Bergen stiller lag på 1000 meter stafett i Kvinner under 20-klassen. Det fanst berre to lag på den førebelse lista og dermed var det uråd å seia noko om sjansane. No ligg den offisielle startlista føre. Også den er overraskande kort når det gjeld deltakartal i denne stafetten: 7 lag er påmeldt, der to klubbar stiller med to lag kvar (Selsbakk og Tyrving).

No veit eg framleis ingenting om kven som stiller for dei påmelde laga, men legg me grunn til sprintresultata frå inneverande sesong, så vågar eg å utropa BFG til gullfavorittar i øvinga. Det får jentene tåla.

Nærmaste utfordrarar til BFG er Urædd og Tyrving. Mellom desse laga er det svært tett - dersom me legg til grunn til at alle får stilla med sine sterkaste kort.

Deretter rangerer eg Tyrving sitt 2. lag, Ullensaker/Kisa og dei to (ikkje heilt, men, men) "heimelaga" Selsbakk 1 og Selsbakk 2.

Sjølvsagt er det slik at stafett er stafett, men at konkurransane skal avviklast først er jo eit allment poeng.

Eitt sentralt spørsmål er om alle utøvarane er friske og raske når me kjem til avslutninga søndag, for det er då stafettane blir avvikla.

Før junior-NM - IV

Det har alt gått tre år sidan Marianne Benserud som 15-åring gjekk heilt til topps i stav under junior-NM på Askøy i 2010. Dette året har ho 6 utøvarar framfor seg på årsbeste-lista før årets junior-NM. Til saman er det ti påmelde i stav, slett ikkje dårleg for ei øving som ikkje er kjent for dei mest omfattande startlistene. Lene Retzius (Moelven), Paula Nedberge Llano (Laksevåg) og Kari Strømhaug (Tyrving, til vanleg heimehøyrande i staten New York) har sterkaste resultata før me kjem til Overhalla neste helg.

I stav for menn er det yngstemann Leikvoll, Eirik, som stiller i BFG-drakt. Også her er påmeldinga god, med 13 namn på lista. Eirik er med for å hausta erfaring og - gjerne! - for å pynta på persen (3,50 inne, 3,40 ute). Eirik er rangert som nr. 11, medan namnebror og europameister Eirik Greibrokk Dolve er klar favoritt. Bak der har Bjørn Øivind Berger (Pioner) og Jørgen Skevik (Ranheim) best resultat i år.

Tre BFG-jenter er påmeldt 1500 meter, som startar med forsøk alt fredag føremiddag. Éi av dei, Anna Serine Røssland, har av ulike grunnar måtta prioritera og stiller ikkje på denne distansen. Det gjer derimot Eline Myking og Thyra Hevrøy, som begge kan ha sjanse til finale lørdagen om alt klaffar i forsøket. Eline var ikkje langt unna finaleplass under junior-NM- debuten i Sigdal i fjor. På førehand er dei rangert som nr. 11 (Eline) og 17 (Thyra) av dei 20 påmelde.

I dag er eg i nærleiken av å vera systematisk i presentasjonsrekkefølgja, for her kjem 1500 meter for menn. Heile 27 utøvarar er påmeldt øvinga, mellom dei tre frå BFG. Erlend Gjerdevik Sørtveit er høgast rangert (nr. 10, med 4:05), framfor Henrik Irgens Gravdal (nr. 13, med 4:07), medan Anders Strømblad Hansen må finna seg i å stå nedst på lista på førehand. Det er også her ei veldig sterk liste i toppen, med Erik Udø Pedersen (Holum), EM-finalist i Rieti Magnus Hannevig Pettersen (Sturla), Anders Sørensen (Tjalve), Jørgen Frost Bø (Ullensaker/Kisa) og Edvard Kamperud Nygaard (Tjalve) som aller sterkaste namna.

Til sist i dag, til eldsteklasse, U23 og 5000 meter for menn. Her stiller Espen Roll Karlsen, som har sprunge 10.000 meter to gongar i år, men ikkje 5000. Det er 13 utøvarar påmeldt øvinga. Også her er det særs flinke utøvarar mellom dei påmelde. Marius Vedvik (Gular) er favoritt, framfor Ørjan Grønnevig (Stavanger), medan Halfdan-Emil Færø (Gular) og Vegard Ølstad (Ren-Eng) er interessante utfordrarar. Espen er rangert som nr. 11

søndag 28. juli 2013

Før junior-NM - III

Eg likar no å sjekka vermeldinga før ungdommane skal ut for å konkurrera og eg skal ut for å sjå på. Vil det vera vindfullt? Blir eg våt? Blir sola for trykkande, osb.? Det er i slike situasjonar eg oppdagar at yr.no sitt tidagarsvarsel er det eg vil kalla ein tilsynelatande service, altså noko som er ein service utan å vera det.

Då tidagarsvarselet for Overhalla nådde fram til neste helg for tre dagar sidan, så fortalde det om 24-26 grader og sol/skya. Eit glimrande varsel for tilskodarane på junior-NM, kanskje noko i varmaste laget for (i alle fall ein del av) utøvarane.

No, tre dagar seinare, så har dei 24-26 gradene blitt til 15-17 grader og godt med regn.

Vel, vel, følg med, følg med - og solkrem og regnkler skal i bagasjen.

Til dagens øvingar:

Det finst to klassar i junior-NM: Den klart største er den "vanlege" juniorklassen, nemleg U20, altså "under 20 år". Men i tillegg så finst det ein U23-klasse, for dei frå og med 20 år og til og med 22. Dei to første øvingane i dagens gjennomgang er i U23-klassen for menn, først 800 meter: Her er Jørgen Austvik påmeldt, saman med 11 andre utøvarar. Og her må nok Jørgen finna seg i å vera rangert som 12. mann. Som me veit frå Brann Stadion så har den 12. mann ein viktig jobb den og, og Jørgen sin hovudjobb må vera å kjempa seg under 2 blank-grensa! I feltet er det elles fullt av medaljevinnarar frå senior-NM, her er deltakarar frå både junior-og senior-EM. Så mange som seks namn bør nemnast i medaljekampen: Thomas Roth (Ullensaker/Kisa), Filip Ingebrigtsen (Sandnes), Elias Ottosen (Ullensaker/Kisa), Sindre Løchting (Orion), Håkon Mushom (Vidar) og Andreas Roth (Ullensaker/Kisa).

Noko betre rangert er Jørgen på 1500 meter, der det er 15 mann på startlista. Her er Jørgen nr. 10 på førehand og også her er det jakta på ei grense som bør vera hovudmålet hans. Med 4:00,93 som pers er det openbart kva for grense det gjeld. Filip Ingebrigtsen - med 3:38 frå lørdagskvelden i Belgia - er favoritten, med Vegard Ølstad (Ren-Eng), Thomas Roth og Sindre Løchting bakom der. Også 1500 i U23 byr med andre ord på eit knallsterkt felt. Også Espen Roll Karlsen deltar i BFG-drakt på 1500 meter. Han er 12. rangert med si 4:04-tid i år.

110 meter hekk (me er no tilbake til U20) stiller Sondre Rinde mellom dei totalt 13 utøvarane. Dette er eit spennande prosjekt. Sondre er ein svært lovande hekkeløpar, men han har aldri sprunge 110 meter hekk og han har heller ikkje sprunge med 100cm-hekkar. Det er eit par andre utøvarar som er i same båten her, så me dristar oss til å 11. rangera Sondre. Favoritt er mangekamp-verdensmesteren i U18, Karsten Warholm (Dimna), medan Hallbjørn Hasund Thorseth (Dimna også han) og Rasmus Stene (Tjalve) synest sterkast bak der.

Sondre stiller også i lengde, der han jaktar på 6 meters-merket. Det er 14 utøvarar påmeldt. Ein av dei er Amund Høie Sjursen, som eg i skrivande stund er svært usikker på om når Overhalla-turen. Amund ville vore ein klar medaljekandidat, der nemnde Karsten Warholm er favoritt, framfor Ingar Kiplesund (Trondheim). Også Marius Bull Hjeltnes (Gular) må reknast med.

Så er me komne fram til første BFG-favoritten: Tittelforsvarar i tresteg for kvinner er Monika Benserud, og ho må fnna seg i å vera favoritt framfor årets meisterskap. Det er 12 påmelde utøvarar og Monika må ha fullklaff også dette året for å gå heilt til topps. Hardast imot blir Sofie Olsholt (Tyrving) og Karoline Klemp Petersen (BUL).

Til sist i dag skal det berre nemnast at BFG også stiller med lag på 1000 meter stafett i U20 for kvinner. I fjor var det i U23 ein stilte lag, då med Martine Eikemo Borge som sterk ankerkvinne. Eg har ikkje oversikt over påmelde lag her, men BFG-laget bør uansett kunna bita godt frå seg - og på papiret er det også ein viss kamp om plassane.

lørdag 27. juli 2013

Før junior-NM - II

Ein av dei omtalte i gårsdagens blogginnlegg, Amund Høie Sjursen, har dessverre pådrege seg ein skade. Omfang og alvor er i skrivande stund usikkert, men noko kjekt er det naturlegvis ikkje.

Med voner om færrast muleg skadar og best muleg form, så held eg fram med presentasjonen av utøvarar og øvingar før neste helgs junior-NM i Overhalla, Nord-Trøndelag - der dei framleis lovar knallsommar det meste av helga.

200 meter for kvinner junior er det 34 påmelde utøvarar - 3 av dei spring i BFG-drakt. Vilde Lund Bjørnsen er best rangert, som nr. 15 basert på årets tid, men Vilde har på sitt beste vesentleg meir inne. Sara Berrefjord er i stadig framgang og er rangert like bak Vilde, som nr. 16, medan Elise Una Mikkelsen er nr. 28 på førehand. Favorittane er Christine Bjelland Jensen (Gular), Astrid Mangen Cederkvist (Vidar) og Madelen Andersen (Fredrikstad).

Så er me komne til to distansar som involverer ein kollega i bloggarfellesskapet her i kjellaren i Søvikheia. Den første er 2000 meter hinder for menn junior. Dette er jo svært vanskeleg å vurdera; dei færraste har hindertider, berre to av utøvarane har hindertid frå i år. Til saman 11 utøvarar står på startlista. Soleklar favoritt er i alle fall Erik Udø Pedersen frå Holum IL. Bak der skal Ole Martin Røssland kunna vera med og kjempa om medalje, men her er fleire utfordrarar, mellom dei Gustav Iden (Norna-Salhus), Mathias Berntzen Engevik (Nittedal) og Sigurd Mjøen (Vollan).

5000 meter, menn junior, stiller også Andreas Iden, i tillegg til Ole Martin. (Og Stian Norheim gjer eit forsøk på å kvalifisera seg til distansen under Norna-karusellen komande tirsdag!) Her er det heile 21 påmelde utøvarar. Og feltet har svært god kvalitet. Her er det to klare favorittar i Magnus Sirnes Hjellum frå Haugesund og Jørgen Frost Bø frå Ullensaker/Kisa. Kampen om plassane bak der er temmeleg open, sjølv om fjorårsvinnar Kristian Tjørnhom (Kristiansand) må reknast med her. Basert på årets tider blir Ole Martin rangert som nr. 10 og Andreas som nr. 14.

Til slutt i dag til eit endå større "startfelt", nemleg til dei 28 utøvarane på kvinnenes 400 meter. Her er det ein del vatn mellom båtane mellom dei beste og frå medaljekandidatane og nedover. Vilde Svortevik (Gular) er favoritt, framfor Emily Norum (Steinkjer) og Christine Bjelland Jensen (Gular), med årets komet Sara Dorthea Jensen frå Bryne tett på der igjen. Heilt oppe som 5. rangert finn me så Renate Lie, førsteårsjunioren, men her er det eit stykke til dei framfor. Vilde Lund Bjørnsen finn me som 13. rangert.

fredag 26. juli 2013

Før junior-NM - I

Om høgsommaren syng på siste verset eller om den i alle fall har eit refreng til på lur, det veit eg ikkje. Eg veit berre at eg framleis sveittar her eg sit. I følgje verspåfolket skal det bli ein del regn her vestpå utover i veka, medan det i Nord-Trøndelag derimot held fram med skikkeleg varm sommar. Meldingane fortel om rundt 25 grader under junior-NM i Overhalla, som startar fredag om ei veke. Det er godt me er blitt vane med slikt den siste veka.

BFG-troppen som reiser til midt-Norge er ein av dei største til eit junior-NM på ein god del år. Aller først ut i presentasjonen denne gongen er Monika Benserud, som mellom anna stiller i lengde. Der er det 21 deltakarar. Monika har ikkje vore heilt topp så langt i øvinga i år, men ho har vist evna til å finna toppformen i meisterskap før. På førehand er ho rangert som nr. 8 med sitt årsbeste på 5,30 - og dermed er det kamp om finaleplass som er eit rimeleg utgangspunkt. Dei tre sterkaste på startlista er Nadia Akpana Assa (BUL - storfavoritt), Caroline Fleischer (Ski) og Sofie Olsholt (Tyrving).

100 meter for kvinner har BFG Bergen 3 jenter mellom dei totalt 39 på startlista. Også her er det Monika Benserud som er aller fremste håpet, men Elise Una Mikkelsen og Sara Berrefjord sine tider er rett bak Monika si. Medaljefavorittane er Astrid Mangen Cederkvist (Vidar), Christine Bjelland Jensen (Gular) og Nadia Akpana Assa (BUL), medan våre er rangert som nr. 10 (Monika), 12 (Elise) og 14 (Sara) på førehand.

På same distansen, 100 meter, for menn er me komne til vårt aller fremste medaljehåp i dagens bunke, nemleg Ukraina-farar (U18-VM), Amund Høie Sjursen. Vona er at Amund har brukt sommaren til å finna tilbake til formen som skaffa han deltaking i VM. Tida hans, 10,89, er den 4. beste i feltet på heile 49 deltakarar. Og den er tett bak dei tre framfor han; Jonas Halonen (Tyrving, 10,77), Henrik Overvåg (Dimna, 10,84) og Even Meinseth (Sørild, 10,88).

Til sist i dag er det påmeldt tre deltakarar på 800 meter for menn. Her er det heile 38 påmeldt øvinga. Det blir ikkje 38 som stiller, vil eg tru. På mellomdistansane er det ein del som vurderer endeleg øvingsutval heilt fram til start. Henrik Irgens Gravdal - førsteårsjunioren vår - har best tid av våre (1:57,85) i år og er rangert som nr. 16, medan Erlend Gjerdevik Sørtveit (nr. 31) og Anders Strømblad Hansen (nr. 37) må finna seg i å stilla bak i køen på denne distansen. For Erlend må fremste målet må vera å endeleg koma seg under 2 blank på distansen! (Han har i skrivande stund 2:00,29)

onsdag 24. juli 2013

På topp i Norge, gutar - pr. 24. juli 2013

Sommarveret ser ut til å gå mot slutten for denne gongen, det same gjer ferien.

Alt går seinare om sommaren. Først i dag kjem oversikten over topp 20-plasseringar i norgesstatistikken for gutar. Men samtidig kan eg jo skulda på at eg har venta på nye oppdateringar i eit par av klassane, men dei har då ikkje kome.

(I parentes endring frå oversikten 20. juni)

G13
1. Gjert Høie Sjursen, lengde (-)
1. Gjert Høie Sjursen, kule (-)
1. Gjert Høie Sjursen, diskos (-)
2. Gjert Høie Sjursen, spyd (-)
2. Gjert Høie Sjursen, liten ball (ny)
4. Gjert Høie Sjursen, slegge (-1)
4. Thomas Blücher, 1500m (-1)
5. Gjert Høie Sjursen, 80m (ny)
5. Thomas Blücher, 600m (+1)
5. Thomas Blücher, 800m (-1)
6. Gjert Høie Sjursen, 100m (-1)
8. Gjert Høie Sjursen, 60m (-1)
15. Espen Bjørndal, lengde (-1)
17. Espen Bjørndal, 60m hekk (-4)
17. Thomas Blücher, 200m (-4)
18. Thomas Blücher, 100m (-2)

G14
1. Kristoffer Blücher, 60m (-)
1. Kristoffer Blücher, 100m (-)
1. Kristoffer Blücher, 200m (-)
1. Kristoffer Blücher, 300m (ny)
1. Kristoffer Blücher, 400m (-)
1. Kristoffer Blücher, 600m (-)
1. Kristoffer Blücher, 800m (-)
2. Kristian Schjønningsen, 80m hekk (-)
3. Kristian Schjønningsen, tresteg (-)
3. Kristoffer Blücher, lengde (-)
16. Kristian Schjønningsen, 600m (-)

G15
1. Henrik Irgens Gravdal, 800m (-)
1. Henrik Irgens Gravdal, 1500m (-)
1. Henrik Irgens Gravdal, 1500m hinder (-)
1. Sondre Rinde, 100m hekk (-)
1. Sondre Rinde, 300m hekk (-)
1. Eirik Leikvoll, høgde (-)
2. Eirik Leikvoll, stav (-)
3. Sondre Rinde, tresteg (-)
4. Andreas Jensen, Kalandseid, 2000m (-)
5. Vegard Albrigtsen, 2000m (-)
5. Henrik Irgens Gravdal, 400m (-)
5. Sondre Rinde, 100m (-)
5. Sondre Rinde, lengde (-)
6. Sondre Rinde, 60m (-)
6. Kieran Leon, Bjarg, 200m (-)
13. Kieran Leon, Bjarg, 100m (-)

G16
1. Emil Engelsen Holm, 80m (-)
1. Stian Øvergaard Aarvik, 1500m hinder (-)
2. Stian Øvergaard Aarvik, 3000m (-1)
2. Henrik Almenningen, tresteg (-1)
4. Petter Villanger, Kalandseid, lengde (-)
4. Vegard Austevoll, Kalandseid, 1500m (-2)
5. Jens Larsen Åstveit, 600m (-)
6. Henrik Almenningen, spyd (-1)
9. Vegard Austevoll, Kalandseid, 800m (-2)
11. Emil Engelsen Holm, 200m (-2)
11. Jens Larsen Åstveit, 1500m (-1)
13. Vegard Austevoll, Kalandseid, 400m (-4)
13. Stian Øvergaard Aarvik, 800m (-3)
14. Emil Engelsen Holm, 100m (-4)
17. Jens Larsen Åstveit, 3000m (-)
19. Jens Larsen Åstveit, 800m (-2)

G17
2. Amund Høie Sjursen, 60m (-)
2. Amund Høie Sjursen, 100m (+1)
2. Amund Høie Sjursen, lengde (-)
2. Stian Norheim, 2000m hinder (-)
3. Magnus Leikvoll, høgde (-1)
4. Magnus Leikvoll, kule (-)
6. Magnus Leikvoll, stav (-1)
7. Magnus Leikvoll, 60m (-)
8. Aleksander Lie, 600m (-)
16. Håvard Våge Opheim, høgde (-5)
16. Stian Norheim, 3000m (-7)
17. Stian Norheim, 1500m (-4)

G18/19
1. Ole Martin Røssland, 2000m hinder (-)
10. Erlend Gjerdevik Søtveit, 1500m (-3)
10. Erlend Gjerdevik Sørtveit, 3000m (-2)
11. Ole Martin Røssland, 3000m (-2)
18. Ole Martin Røssland, 1500m (-6)
19. Anders Bjørndal, 800m (-5)

lørdag 20. juli 2013

På topp i Norge, jenter - pr. 20. juli 2013

Sjå der, Miguel, der kom sommarvarmen - annonsert i denne verinteresserte bloggen alt onsdag! Dette må jo vera brukbart, sjølv for Malaga-vande? Og venare enn vene Sunnhordland nett no er det vanskeleg å få det.

Sidan det er stille og fredeleg stort sett, så blir det oppsummeringar og lister slik innimellom her på bloggen. No eit sommarblikk på norgesstatistikken for jenter.

Det er framleis topp 20 det gjeld (og i parentes samanlikning med sist oversikt, 20. juni)

J13
1. Silje Stenersen, 800m (-)
1. Anna Evensen, 60m hekk (-)
2. Silje Stenersen, 1500m (-)
2. Anna Evensen, lengde (-)
4. Anna Evensen, 80m (-1)
5. Silje Stenersen, 600m (-3)
6. Anna Evensen, 100m (-1)
6. Charlotte Harris, 1000m kappgang (ny)
8. Anna Evensen, 60m (-)
8. Anna Evensen, 200m (-1)

J14
2. Nora Øvergaard Aarvik, høgde (-)
2. Sanne Myrmel, stav (-)
16. Sanne Myrmel, høgde (-2)

J15
1. Renate Lie, 60m (-)
1. Renate Lie, 300m (ny)
1. Renate Lie, 600m (-)
1. Maren Haugen Lillefosse, 80m (-)
2. Maren Haugen Lillefosse, 80m hekk (-1)
2. Renate Lie, 400m (-1)
3. Maren Haugen Lillefosse, 60m (-)
3. Renate Lie, 200m (-)
3. Linn Seliussen, 2000m (-)
4. Renate Lie, 800m (-1)
6. Maren Haugen Lillefosse, 100m (-2)
6. Renate Lie, 100m (-2)
6. Linn Seliussen, 1500m (ny)
12. Tuva Straume, 600m (-)
12. Maren Haugen Lillefosse, lengde (-3)
13. Gina Birkeland Milde, 60m (-2)

J16
1. Anna Serine Røssland, 3000m (-)
1. Anna Serine Røssland, 1500m hinder (ny)
1. Anna Serine Røssland, 2000m hinder (-)
2. Eline Myking, 1500m (+1)
2. Ingrid Næss Johansen, 3000m (-)
3. Eline Myking, 1500m hinder (-1)
4. Ingrid Næss Johansen, 1500m hinder (-2)
5. Ingrid Næss Johansen, 1500m (-1)
5. Thyra Hevrøy, 1500m hinder (-2)
6. Thyra Hevrøy, 3000m (-)
7. Thyra Hevrøy, 1500m (-1)
8. Anna Serine Røssland, 1500m (-1)
10. Elina Drivenes, 800m (-)
11. Elina Drivenes, 400m (-4)
15. Elina Drivenes, 200m (-3)
18. Eline Myking, 800m

J17
1. Monika Benserud, tresteg (-)
2. Monika Benserud, 60m (-)
3. Monika Benserud, stav (-)
4. Monika Benserud, lengde (-1)
5. Monika Benserud, 100m (-1)
7. Vilde Lund Bjørnsen, 400m (ny)
11. Vilde Lund Bjørnsen, 200m (-1)
15. Vilde Lund Bjørnsen, 100m (-4)

J18/19
2. Elise Una Mikkelsen, Bjarg, 60m (-)
4. Marianne Benserud, stav (-)
6. Elise Una Mikkelsen, Bjarg, 100m (+6)
8. Sara Berrefjord, Bjarg, 100m (-)
9. Sara Berrefjord, Bjarg, 200m (-1)
16. Vilde Omholt, 800m (-1)
20. Elise Una Mikkelsen, Bjarg, 200m (-1)

onsdag 17. juli 2013

Årets mest framgangsrike 2013 - BFG

I 2012 tok BFG Bergen etter Gneist si kåring av "Årets mest framgangsrike utøvar". Sara Berrefjord og Amund Høie Sjursen blei første vinnarane av kåringa. Begge fjorårsvinnarane har ny (til dels solid) framgang også i 2013 - så langt.

I 2013 skal også den aller første Dag Rasmussens Motivasjonspris delast ut - også her er det snakk om utøvarar med stor framgang.

Her skal ikkje røpast detaljar kor sterke framgangane er så langt, men ein del namn skal no nemnast når utesesongen er halvvegs.

Utøvarane med størst framgang pr. øving - etter serietabellen - for kvinner så langt er:

* Elise Una Mikkelsen
* Eline Myking
* Thyra Hevrøy
* Anna Serine Røssland
* Sara Berrefjord
* Ingrid Næss Johansen
* Monika Benserud
* Elina Drivenes
* Martine Eikemo Borge
* Marianne Benserud

For menn ser lista slik ut - midt i juli:

* Henrik Almenningen
* Amund Høie Sjursen
* Magnus Leikvoll
* Bjarte Eikanger
* Jørgen Austvik
* Stian Øvergaard Aarvik
* Anders Bjørndal
* Aleksander Lie
* Emil Engelsen Holm
* Erlend Gjerdevik Sørtveit
* Morten Seliussen
* Stian Norheim
* Anders Strømblad Hansen
* Ole Martin Røssland

... Så får me ta detaljane når me har runda det heile av for dette året, i oktober/november...

No er me klare til å ta imot ein ny runde med skikkeleg sommarver!

tirsdag 16. juli 2013

Rindevåg

Eit lyst hovud ute på Osterøy kom på at det var litt dumt å ha karusell der eine dagen (29.7), så karusell i regi av Norna-Salhus andre dagen (30.7), før ein god del lokale utøvarar reiser til junior-NM i Nord-Trøndelag fjerde dagen (1.8).

Difor (?) blei den oppsette Osterøy-karusellen 29. juli flytta til gårsdagen, 15. juli. Etter rapportane å døma var det brukbare forhold for opptil fleire øvingar.

BFG Bergen sende ein delegasjon som fordelte seg på 800 og 1500 meter. Der blei det ei grei konkurransetreningsøkt (...) midt i oppkøyringa til seinsommarens og haustens meisterskap.

Stadion på Osterøy ligg på Hatland, men det får vera måte på kor lokale ein skal vera, så me - det vil seia eg - held oss (altså meg) til Lonevåg.

Og det var brørne Håvard (12) og Sondre Rinde (15) som presterte for statistikken mandag kveld:

Sondre betra seg til 14,67 på 100 meter hekk (91,4). Det er ei betring på tre hundredelar (1036 poeng), medan Håvard noterte seg for 33,37 på 200 meter hekk (68), noko som er verdt fine 965 tyrvingpoeng.

lørdag 13. juli 2013

Gneist er detronisert

Deltakinga under årets KM i friidrett i juni kan ein seia ein del om. Det var påviseleg fleire sterke Gneist-utøvarar som ikkje deltok. Fleire tok treningsfri frå konkruransar, midt mellom Framo og Tyrving. Men dette galdt ikkje i så stor grad 11-14- gruppa som for dei eldre.

Denne oversikten fortel om KM-medaljar 11-14 år - og den fortel at Gneist er detronisert - frå ein topp der klubben har vore suveren i fleire år. Denne oversikten fortel naturlegvis ikkje alt, men den fortel om kor det er gode vekstforhold og godt potensial for gode ungdoms- og seniorutøvarar med tid og stunder. Medaljestatistikken er i år vunnen av to svært sterke 11-14- klubbar: Fana IL og Bergens Turnforening.

Her må Gneist passa seg, slik at ikkje blir sovande på gamle merittar. Konkret er det viktig at dei som engasjerer seg i styre og stell og trenargjerning i BFG sine samarbeidsklubbar også er dei som har utøvarar i dei yngste gruppene, så får dei som vil engasjera seg - og som har eldre utøvarar sjølve - vera velkomne til (stort) engasjement i BFG Bergen!

Her er først oversikten over medaljefangsten i årets KM 11-14 år:


Gull
Sølv
Bronse
Fana
22
17
14
Bergens TF
21
19
15
Gneist
16
10
5
Norna-Salhus
9
2
3
Skogsvåg
8
3
2
Bjarg
5
6
5
Ask
5
2
2
Aks-77
4
9
3
Viking
3
1
1
Fitjar
3
0
0
Osterøy
1
3
2
Varegg
1
0
1
Fri
0
2
0
Os
0
1
3
Austrheim
0
1
1
Hovding
0
1
0
Laksevåg
0
1
0






Og for å understreka korleis klubbstyrkane her går i bølgjer, kan det vera lurt å sjå på medaljefangst-utviklinga for klubbar som Norna-Salhus og (ikkje minst!) Laksevåg. I 2008 var dei to klubbane mestvinnande i KM med kvar sine 22 gull. I år er Norna-Salhus nede i 9 gull, medan Laksevåg for andre året på rad måtte klara seg utan KM-vinnarar på bane i aldersgruppa:



2008
2009
2010
2011
2012
2013
Gneist
13-14-10
30-26-22
32-25-16
40-28-20
41-15-19
16-10-5
Fana
6-13-5
7-7-7
7-8-11
15-15-11
9-14-10
22-17-14
Norna
22-16-7
26-24-18
18-6-7
13-13-8
11-5-3
9-2-3
Laksevåg
22-14-15
11-10-6
6-6-6
3-0-1
0-1-1
0-1-1
Bergens T



12-9-7
13-15-11
21-19-15


torsdag 11. juli 2013

Senior-markeringar, menn, pr. 11. juli

Mennene markerer seg markant meir (...) i seniorstatistikken i BFG-drakt år for år. Året som har gitt oss vår første hovud-NM-deltakar på herresida på fleire år (U18 VM-deltakar Amund) viser også ein stadig større breidde, når me studerer landsstatistikken.

Nedanfor oversikten i sommarvarmen (med endring frå oversikten pr. 11. juni i parentes):

60m
5. Amund Høie Sjursen (-2)

100m
15. Amund Høie Sjursen (+1)

300m
11. Kristoffer Blücher (ny)

400m
60. Kristoffer Blücher (-29)

800m
54. Henrik Irgens Gravdal (-6)
85. Anders Bjørndal (ny)

1500m
31. Jørgen Austvik (-10)
46. Erlend Gjerdevik Sørtveit (-24)
51. Henrik Irgens Gravdal (-26)

2000m
1. Henrik Irgens Gravdal (ny)

3000m
34. Jørgen Austvik (ny)
49. Henrik Irgens Gravdal (-17)
54. Bjarte Eikanger (ny)
57. Erlend Gjerdevik Sørtveit (ny)

5000m
22. Ole Martn Røssland (ny)
30. Andreas Iden (ny)

10000m
12. Espen Roll Karlsen (-7)
13. Yngve Kiserud (-7)

2000m hinder
4. Ole Martin Røssland (-2)
5. Stian Norheim (-2)

Høgde
21. Magnus Leikvoll (-1)
35. Eirik Leikvoll (-10)

Stav
23. Eirik Leikvoll (-4)
23. Pål Haugen Lillefosse (-2)
31. Magnus Leikvoll (ny)
31. Ole Viken (ny)

Lengde
9. Amund Høie Sjursen (-3)

Tresteg
9. Sondre Rinde (-3)
11. Henrik Almenningen (-2)

onsdag 10. juli 2013

Senior-markeringar, kvinner, pr. 10. juli 2013

BFG og samarbeidsklubbane har totalt ganske mange markeringar i senior-statistikken på landsplan etter vårsesongen. Det er spesielt verdt å merka seg at berre eit par av desse utøvarane held faktisk senioralder - elles er dei frå 13 (!) år og oppover i junioralder dei aller fleste. Her finst utøvarar som markerer seg i toppen både i løp og hopp.

(Parentes-endringa er samanlikna med sist oversikt på bloggen - 11. juni.)

60m
5. Monika Benserud (-2)
9. Elise Una Mikkelsen (-4)
12. Renate Lie (-4)
23. Maren Haugen Lillefosse (-8)
37. Ingrid Sortland (ny)

100m
21. Monika Benserud (+2)
29. Elise Una Mikkelsen (ny)
32. Sara Berrefjord (ny)
54. Maren Haugen Lillefosse (ny)
54. Renate Lie (-21)
72. Vilde Lund Bjørnsen (-34)

200m
19. Martine Eikemo Borge (-8)
45. Vilde Lund Bjørnsen (-4)
45. Renate Lie (ny)
50. Sara Berrefjord (-23)
97. Elise Una Mikkelsen (ny)

300m
2. Renate Lie (ny)

400m
4. Martine Eikemo Borge (-2)
22. Renate Lie (ny)
42. Vilde Lund Bjørnsen (ny)
71. Elina Drivenes (ny)

600m
10. Renate Lie (-2)
18. Ingvild Myking (ny)

800m
1. Martine Eikemo Borge (-)
26. Ingvild Myking (ny)
32. Renate Lie (-13)
53. Elina Drivenes (-10)
69. Eline Myking (-18)
73. Silje Stenersen (-20)
79. Thyra Hevrøy (-23)
81. Ingrid Næss Johansen (-23)
83. Vilde Omholt (-23)

1500m
27. Ingvild Myking (ny)
32. Eline Myking (-11)
37. Silje Stenersen (-18)
42. Ingrid Næss Johansen (-20)
49. Thyra Hevrøy (-25)
50. Anna Serine Røssland (-25)

2000m
1. Ingvild Myking (ny)
4. Linn Seliussen (ny)

3000m
11. Ingvild Myking (ny)
20. Anna Serine Røssland (-12)
24. Ingrid Næss Johansen (-14)
34. Torun Øvergaard Aarvik (ny)
37. Thyra Hevrøy (ny)

2000m hinder
2. Anna Serine Røssland (-)

Høgde
23. Nora Øvergaard Aarvik (-7)

Stav
11. Marianne Benserud (-3)
18. Monika Benserud (-5)
19. Sanne Myrmel (-2)

Lengde
21. Monika Benserud (-12)
59. Maren Haugen Lillefosse (-26)

Tresteg
3. Monika Benserud (+2)

tirsdag 9. juli 2013

Veterankonkurransen 2013 - pr. 9. juli

Når friidrettsfestivalen i Strandebarm er over, så er det også rimeleg å ta ein liten pust i bakken for veteranar - både for dei er aktive og for dei som er statistikarar.

"Veterankonkurransen" er frå i år definert som ein BFG-konkurranse, altså slik at me legg saman seriepoenga på bane for dei som er 35 år og eldre.

Sidan sist oversikt har det skjedd ein del endringar. Og trenar Bjarte "Gamp" Eikanger sin framifrå 2013-sesong viser igjen også her - i og med at han har overteke leiarposisjonen. Men: Her er det "berre" å stilla i mange nok øvingar, så kan ein avansera godt og mykje!

Her er stillinga - og så reknar eg med at det blir bra med veteran-resultat frå Norna-karusellane, mellom anna, utover (i parentes endring av posisjon frå oversikten 2. mai):

1. Bjarte Eikanger 1928 poeng (+1)
2. Morten Seliussen 1435 poeng (+2)
3. Rober Hisdal 1219 poeng (+5)
4. Petter Rasmussen 1202 poeng (-3)
5. Geir Sjursen 931 poeng (-2)
6. Egil Johan Hessen 842 poeng (+1)
7. Yngve Kiserud 659 poeng (-2)
8. Sigve Stenersen 645 poeng (-2)
9. Torun Øvergaard Aarvik 573 poeng (ny)
10. Ole Viken 500 poeng (-1)
11. Trond Leikvoll 390 poeng (-1)
12. Bente Rosvold Midtun 335 poeng (ny)
13. Arve Rinde 325 poeng (-2)
14. Arne Lillefosse 170 poeng (-2)

mandag 8. juli 2013

Ei vanleg helg i Hardanger

Eg var rettnok berre til stades søndagen av årets Hardanger Friidrettsfestival i Strandebarm - men det var nok til å få god farge i nakken (...) av sola. Med eitt og anna unntak - dei finst naturlegvis alltid - så blir festivalen i Hardanger avvikla i godt sommarver. Det skjedde i alle fall i år. Til å vera ferietid var det også ein god del deltakarar, også frå Gneist og BFG.

Håvard Rinde (G12) hoppa over 10-meteren i tresteg - 10,01 - og oppnådde med det 991 tyrvingpoeng. I høgde blei det 1,32 på Håvard (874 poeng), i tillegg til at han sprang 100 meter på 14,23. Fin helg for den mellomste bukken Rinde.

Det blei det også på ein annan med forbokstav H - nemleg Herman Ellingsen (G11), som ikkje minst syner fram sitt hopp-talent. Også Herman kom seg over 1,32 i høgde (958 poeng). I tillegg blei det 8,57 (937 poeng) i tresteg. Nøyaktig same poengsummen fekk han for 60 meter-løpet sitt på 9,03.

Endå ein H - Henrik Almenningen (G16) - jaktar junior-NM- kravet i tresteg. Det er på 12,70. Og nøyaktig fire veker før arrangementet i Overhalla var Henrik fattige fem centimeter frå å klara kravet. 12,65 er verdt fine 935 tyrvingpoeng - til trøyst. Henrik fekk om lag same tala på 100 meter: 12,67 blei tida der (835 poeng).

Andreas Iden (G18) er på gang. Både på 5000 meter i Gøteborg sist helg og under søndagens 3000 meter i Strandebarm var Andreas med det meste av løpet, men han har ikkje gira til å vera med når den avgjerande delen startar. Konkurransepausen i sommar kan ikkje gjera anna enn godt. 9:11,39 er likevel solid årsbeste av Andreas (942 poeng).

Michelle Floor Heggeland (J14) fekk notert seg ein 100 meter i godkjent vind denne gongen. Tida blei 13,76 (894 poeng).

Ein av årets kometar, litt bak dei aller beste, er 15-åringen Vegard Albrigtsen. Lørdag persa han solid på 800 meter til 2:12,65 (844 poeng) - berre litt over halvsekundet bak UM-kravet, men det har han jo alt klart på 2000 meter.

Mathias Algrøy (G11) hoppa 3,73 (836 poeng) i lengde, og presterte med det å persa i god motvind (-2,1).

fredag 5. juli 2013

Tyrvingtabellen - ei repetisjonsøving

Det er sommar - det er tid for reprisar:


Tyrvingtabellen

Eg veit det, det er lett å ta ting for gitt når ein står midt oppe i det. I det sivile hender det at eg underviserer i journalistikk. Eg har mellom anna forska på ei kriminalsak som i alle fall ein del vil hugsa som "Orderudsaka". Her eit semester oppdaga eg at studentane såg på meg med spørsmålsteikn i ansikta då eg nemnde "Orderudsaka". Dei var nett begynt i småskulen då drapa på Orderud gård skjedde og - heldigvis! - var dei interesserte i heilt andre ting enn VG-framsider den gongen. Dei hadde altså ikkje noko forhold til det som eg tok for gitt.

I friidretten er "Tyrvingtabellen" ein slik ta-for-gitt-  størrelse. Alle på innsida snakkar om "Tyrvingtabellen" som om alle og ein kvar veit kva dette er. Det er truleg å ta for hardt i.

Tyrvingtabellen er, enkelt sagt, ein måte å rekna om resultat til poengsummar for utøvarar i alderen 10 til 19 år. Alder er ein særs viktig faktor. Same poengsum i same øving som 12-åring og som 17-åring skal, i teorien, tilseia same prestasjon.

1000 poeng er tabellens utgangspunkt for ein framifrå prestasjon. I praksis betyr det at tabell-makarane har bestemt seg for kva som er eit kjemperesultat i ei øving i ein aldersklasse og sagt at det gir 1000 poeng. Så blir eit system av ulike faktorar sett inn for å rekna ut poenga for prestasjonar under og over denne 1000 poeng-grensa.

Tabellens namn kjem frå største friidrettsklubben i landet, IL Tyrving i Bærum, som har fått æra for å finna på tabellen i si tid. Den har kanskje vore i bruk i større grad tidlegare, men er særs aktuell i sambad med lagserieresultata. I tillegg blir den lagt til grunn for alle bestemannspremieringar på stemne rundt om.

Tabellen blei siste gong revidert våren 2013, då med endringar i vekt på kastreiskap for eit par aldersklassar.
Tal og fakta om tabellen finst her:

Tyrvingtabellen 2013

(Og trippeldrapet på Orderud gård skjede i pinsa i 1999...)

Ut i det Fri

Onsdag kveld arrangerte IL Fri seriestemne i den fine parken sin, Arna idrettspark. Rett som det er når det finst slike stemne i nærområdet - seriestemne eller karusell - så stiller BFG Bergen med ein god gjeng, då gjerne på same distanse.

Det var også tilfellet onsdag. I utgangspunktet hadde eit par av utøvarane tenkt å vera med på kvalifiseringsforsøk til NM på 10.000m, som var annonsert av arrangøren. Men så forsvann både arrangøren sin håpefulle og haren ut på førehand, så då blei det ingen deltkarar på 10.000.

I staden stilte heile 12 (!) utøvarar frå BFG opp på 1500 meter.

Espen Roll Karlsen persa frå 4.11 til 4:04,71 og vann heile distansen. Med det blei Espen kvalifisert nr. 28 til årets junior-NM. Espen (22) stiller i U23-klassen i Overhalla i august.

Anders Bjørndal (G18) held fram med å betra seg, sjølv om det ikkje var det store pers-jafset denne gongen. Likevel, ny bestetid for Anders på 1500 er 4:14,52 (912 tyrvingpoeng).

Aleksander Lie (G17) sprang ein habil 1500 meter og kom i mål på 4:26,32 (857 poeng).

Og så blei det sesongbeste også på Linn Seliussen (J15) på 5:13,04 (837 poeng).

Så blir det spennande å sjå kva for eit lokalt stemne "BFG-toget" set kursen for neste gong.

torsdag 4. juli 2013

Årets mest framgangsrike, Gneist, 2013 - pr. 4. juli

Sidan sist "Årets mest framgangsrike"-oversikt så har det vore ein del større stemne, men det er aller mest ungdommar og dei meir rutinerte som har vore i elden. Det betyr også at dei med aller størst framgangar har plassert seg ganske godt til alt, inn mot innspurten på årets sesong.

Oversikten nedanfor inneheld minst fem namn i kvar øvingsgruppe for kvart kjønn - med unntak for dei øvingsgruppene der det ikkje finst så mange som har konkurrert både i fjor og i år. I nokre tilfelle er det fleire enn fem namn, fordi det finst utøvarar i 1000 poengs-klubben mellom dei fem aller mest framgangsrike.

Desse er så dei mest framgangsrike så langt i 2013 - etter unnagjort vårsesong:

JENTER
Løp
Vilde Omholt, Ida Karoline Michelsen, Sara Tyssebotn Berg, Gina Birkeland Milde, Amalie Ellingsen Nyheim

Hekk/hinder
Maren Haugen Lillefosse, Ingrid Næss Johansen, Anna Serine Røssland (ny), Anna Evensen

Hopp
Vilde Lund Bjørnsen, Ida Karoline Michelsen, Anna Evensen, Nora Øvergaard Aarvik, Charlotte Harris, Marianne Benserud, Silje Stenersen, Monika Benserud (ny)

Kast
Charlotte Harris, Victoria R. Bruun

GUTAR
Løp
Jens Larsen Åstveit, Gjert Høie Sjursen, Torbjørn Knag, Herman Ellingsen, Kristoffer Blücher, Thomas Blücher

Hekk/hinder
Erlend Borsholm, Stian Øvergaard Aarvik, Pål Haugen Lillefosse (ny), Kristoffer Blücher, Sondre Rinde (ny), Håvard Rinde, Ole Martin Røssland, Espen Bjørndal, Stian Norheim, Kristian Schjønningsen (ny)

Hopp
Gjert Høie Sjursen, Magnus Leikvoll, Pål Haugen Lillefosse, Amund Høie Sjursen, Håvard Rinde, Eirik Leikvoll, Herman Ellingsen, Emil Engelsen Holm

Kast
Magnus Leikvoll, Gjert Høie Sjursen, Håvard Rinde, Kristian Schjønningsen (ny), Erlend Borsholm, Eirik Leikvoll

UM - kvalifiseringsoversikt (Gneist)

Sidan sist oversikt (i førstninga av juni) har talet på UM-kvalilfiserte Gneist-utøvarar gått opp frå 28 til magiske 30 utøvarar. No er jo manns minne prisverdig kort, så me får seia at dette er største troppen i "manns minne" - utan å ta for mykje i. For vel har "Gneist-bølgene" vore der før, med mange medaljar og glitrande resultat. Men denne breidden har eg i alle fall ikkje klart å finna i moderne Gneist-tid.

Dei to seinaste namna på lista er den heimvende USA-farar Anders Bjørndal (G18) og ferskingen Vegard Albrigtsen (G15).

Før lista blir presentert så må årets viktige nye moment understrekast: Til ute-UM har det alltid vore slik at ein må kvalifisera seg i akkurat den øvinga ein vil delta i. Men i år er det slik at er ein kvalifisert i éi øving, så kan ein i tillegg melda seg på ei til. Så får me sjå kva for utslag dette gir seg når ein kjem til UM på Lillehammer 6. - 8. september.

Lista ser pr. i kveld i alle fall slik ut:

GUTAR

G8/19
Anders Bjørndal (800m)
Anders Strømblad Hansen (3000m)
Andreas Iden (3000m)
Ole Martin Røssland (3000m)
Erlend Gjerdevik Sørtveit (800m, 3000m)
G17
Magnus Leikvoll (stav, høgde)
Aleksander Lie (800m)
Stian Norheim (3000m)
Håvard Våge Opheim (stav)
Amund Høie Sjursen (100m, høgde, lengde, tresteg)
G16
Henrik Almenningen (lengde, tresteg, spyd)
Emil Engelsen Holm (100m, 200m)
Stian Øvergaard Aarvik (800m, 3000m)
Jens Larsen Åstveit (800m, 3000m)
G15
Vegard Albrigtsen (2000m)
Henrik Irgens Gravdal (800m, 2000m)
Eirik Leikvoll (høgde, stav)
Sondre Rinde (100m, 200m, 100mh, 300mh, lengde, tresteg)

JENTER

J18/19
Marianne Benserud (200m, tresteg, stav)
Vilde Omholt (800m)
J17
Monika Benserud (100m, 200m, lengde, tresteg, stav)
Vilde Lund Bjørnsen (100m, 200m, 400m, 800m, lengde)
J16
Elina Drivenes (200m, 800m)
Thyra Hevrøy (800m, 300mh)
Ingrid Næss Johansen (800m)
Eline Myking (800m, høgde)
Ingrid Helene Nyhus (800m)
Anna Serine Røssland (800m)
J15
Renate Lie (100m, 200m, 800m)
Maren Haugen Lillefosse (100m, 200m, 80mh, lengde)

Totalt er det dermed 18 gutar og 12 jenter som er kvalifiserte. I tillegg er det utøvarar ovanfor som kjem til å delta på distansar der det ikkje er kvalifiseringskrav (hinderløp for gutar, hinder og lengre - 2000m og 3000m - distansar for jenter). Her kan me kunna plussa på tre jenter i alle fall - Linn Seliussen, Tuva Straume og Maria Josefine Berg (alle J15).

Så dette blir ein fyldig tropp.

**

Til UM i Haugesund hausten 2014 er talet alt kome opp i 28 kvalifiserte. Dei seinaste tilskota her er Anders Bjørndal, Aleksander Lie og Stian Norheim.

tirsdag 2. juli 2013

Når katten er borte... (Sommarkarusellen - 3)

Svært mange utøvarar var opptekne med Världsungdomsspelen i helga, andre var opptekne med motbakkeløp eller andre arrangement. Og Team PU har teke ferie. Då var det opp til heilt andre å dominera resultatlista frå Sommarkarusellen løp 3 mandag kveld.

Og så må det på ny understrekast at denne lista er bloggens fullstendig subjektive utval av utøvarar - eit slags, men berre eit slags, "Gneist og omland" - med dei utvalde utøvarane si bestetid i løpet av karusellen. 

På jentesida noterer me oss at mamma og yngstedotter Seliussen, Ingvei og Marie gjorde eit kraftig byks framover i karuselltid. Det same gjorde Sofie Ellingsen, medan Sara Tyssebotn Berg pynta på si tid med fem sekund.

KVINNER
1. Torun Øvergaard Aarvik 19.06
2. Linn Seliussen 20.17
3. Thyra Hevrøy 20.35
4. Marianne Haukøy 21.16
5. Tuva Straume 22.03
6. Sara Tyssebotn Berg 22.33
7. Pernille Hordnes Sørås 23.05
8. Selma Røssland 27.10
9. Marie Seliussen 27.47
10. Ingvei Seliussen 27.48

For gutane ser me at både Herman Ellingsen og Oscar Ellingen betra seg godt i dette tredje løpet, medan det blei meir varsame tidspyntingar for Trym Andresen og André Seliussen.

MENN
1. Stian Øvergaard Aarvik 15.43
2. Bjarte Eikanger 15.46
3. Espen Roll Karlsen 15.57
4. Erlend Gjerdevik Sørtveit 16.21
5. Vegard Austevoll 16.22
6. Jens Larsen Åstveit 17.22
6. Anders Strømblad Hansen 17.22
8. Morten Seliussen 17.50
9. Trym Andresen 18.12
10. André Seliussen 18.39

... No blir det ein liten sommarpause for Sommarkarusellen (...) - fram til mandag 5. august.

Kvalifiseringsoversikt, BFG Bergen - pr. 2. juli 2013

No etter Världsungdomsspelen er det meisterskapa som står for tur. Før den tid finst det nokre mindre stemne. Nokre av desse er reine kvalifiseringsstemne - ein last chance saloon for dei som ønskjer å delta i junior-NM, hovud-NM eller UM.

Dagens innlegg gir ein oppdatert oversikt over kvalifiserte i BFG- drakt til årets junior-NM og senior-NM.

SENIOR-NM (Tønsberg, 23. - 25. august)
Det er ein auke frå 10 til 11 kvalifiserte til hovud-NM, samanlikna med 2012 - sjølv utan deltakarar med utgangspunkt i Fana IL. 9 av dei 10 kvalifiserte stilte til start i fjorårets NM i Kristiansand. Førebels ser det ut til at 7 av dei 11 er klare til årets NM. Men her er framleis tid igjen.

Dei 11 kvalifiserte så langt er (dei ferskaste er utheva):

* Marianne Benserud
* Monika Benserud
* Sara Berrefjord
* Vilde Lund Bjørnsen
* Martine Eikemo Borge
* Renate Lie
* Benedikte Liland
* Maren Haugen Lillefosse
* Elise Una Mikkelsen
* Amund Høie Sjursen
* Pernille Thomassen

JUNIOR-NM (Overhalla, 2. - 4. august)
Men før den tid skal det altså skipast til junior-NM i Overhalla i Nord-Trøndelag første helga i august.

I 2012 var talet på kvalifiserte heilt oppe i 30. Til no i år er me oppe i 27 totalt - og då må me hugsa på at heile 11 av dei 30 kvalifiserte frå fjoråret er borte frå klubben, så 27 er eit sterkt tal.

For jentene har talet gått ned frå 19 til 13 (så langt):

* Marianne Benserud
* Monika Benserud
* Sara Berrefjord
* Vilde Lund Bjørnsen
* Elina Drivenes
* Thyra Hevrøy
* Ingrid Næss Johansen
* Renate Lie
* Maren Haugen Lillefosse
* Elise Una Mikkelsen
* Eline Myking
* Ingrid Helene Nyhus
* Anna Serine Røssland

Det skulle bety at talet for gutar har gått opp frå fjorårets 11 til 14. I realiteten er talet dobla, i og med at 4 av 11 frå i fjor er borte frå klubben. Her er dei 14:

* Vegard Austevoll
* Anders Bjørndal
* Henrik Irgens Gravdal
* Anders Strømblad Hansen
* Andreas Iden
* Eirik Leikvoll
* Magnus Leikvoll
* Sondre Rinde
* Ole Martin Røssland
* Amund Høie Sjursen
* Erlend Gjerdevik Sørtveit
* Stian Øvergaard Aarvik
* Jørgen Austvik (U23)
* Jørgen Jensen Axelsen (U23)

***
Heilt til sist: Tala på kvalifiserte til meisterskapa i 2014 pr. i dag:

* 8 til senior-NM
* 28 (!) til junior-NM